Tips oss: | Send e-post

Publisert 21.03.2018

    Vil testa ut førarlaus pendlarbuss/bil

    Han er varaordførar i Rennesøy og nestleiar i fellesnemda for Nye Stavanger, og såleis ein sentral person i arbeidet med å etablera den nye storkommunen.

    Tekst og foto. Jon Asgaut Flesjå

    No ser også bonden på Sokn, som nyleg blei frikjøpt ein dag i veka frå gardsarbeidet til å bruka meir tid på arbeidet i fellesnemnda, behovet for eit enno tettare samarbeid med nabokommunen Finnøy. I det som blir dei to nye bydelane i Stavanger frå 2020.

    -I intensjonsavtalen ligg det inne føringar om at me i Rennesøy skal byggja ut ei ny helseklynge i Vikevåg med mange ulike funksjonar. Eit arbeid som me no er godt i gang med. I tillegg er det eit mål i den same intensjonsavtalen, at me også skal byggja opp eit såkalla blågrønt kompetansesenter i ei næringsklynge på Finnøy. Både i det perspektivet og elles, vil det truleg koma ein del nye arbeidsplassar som gjer at det blir ei auka pendling mellom dei to nye bydelane. Så kvifor ikkje då nytta seg av den kompetansen me i dag finn i smartbyen Stavanger, til å få opp eit eige utviklingsprosjekt i form av ein førarlaus pendlarbuss/bil mellom Vikevåg og Judaberg. Stavanger prøver no dette ut på Forus, så kvifor ikkje her, seier ein engasjert Eiane.

    -Og det er knapt nok nokon plass det ligg meir til rette enn nettopp gjennom Finnfast, legg han til.

    Meiner alvor og brukar ressursar
    -Med den sentrale rolle som du i dag har på vegner av Rennesøy kommune, kva inntrykk har du av prosessen så langt, og meiner du framleis at det var det rette for Rennesøy kommune å ta dette valet?

    -Eg er imponert over dei ressursane som Stavanger har brukt og framleis brukar på dette, og den viljen dei viser til at me saman skal få til dette. Difor er eg blitt meir og meir overtydd om at dette var det rette. Bekymringa mi ligg eigentleg berre i alt som enno står att å gjera i denne prosessen, og om me får tid til alt. Eg er difor veldig glad for at me har ein eigen prosjektrådmann, Per Kristian Vareide, som berre skal arbeida med dette. Men og at dei ulike arbeidsgruppene som er oppnemnde også får tilført dei nødvendige ressursane. Difor opplever eg at Stavanger legg svært mykje økonomiske og menneskelege ressursar i det, men også masse prestisje med mål om at dette skal bli skikkeleg og at me skal lukkast og få til noko nytt og heilt genuint. Det har eg og god tru på at me skal få til, for me blir på ein måte eit utstillingsvindauge i heile fylket vårt og langt utover det, på om samanslåingsprosessen i praksis vil lukkast , slår Eiane kategorisk fast.

    For sjølv om han i utgangspunktet hadde sett for seg at fleire kommunar på Nord-Jæren hadde sett verdien av å slå seg saman, trur han at når Nye Stavanger i praksis blir ein ny kommune om kort tid, så er håpet at både Randaberg og Sola kjem etter i løpet av få år.

    Tek med oss det beste frå storbyen
    I intensjonsavtalen ligg det også inne føringar om at ein ynskjer å ha behalda eit så godt tenestetilbod som mogeleg nært opp til der folk bur. Difor er Josten også oppteken av å behalda og vidareutvikla eit så godt tenestetilbod som mogeleg knytt til det nye helsehuset på Vikevåg, og vidareutvikla det gode tverrfaglege samarbeidet som ein har utvikla i kommunen. Då er dette både med tidleg innsats relatert til eit godt tverrfagleg samarbeid og kompetansemiljø svært viktig, slik han ser det.

    - Men på same tida er det også viktig å ta med seg det beste frå storbyen og dei erfaringane ein har gjort seg i dei kjende og innovative pleie- og omsorgssentra som ein har eksempelvis på Stokka, Blidensol og no seinast i Lervik på Storhaug. Og så må me berre innsjå at på nokre område krev ein svært spissa kompetanse, og den difor må finnast meir sentralt.

    Felles kollektivutfordringar og arbeidsmarknad
    Eiane ser også for seg at på sikt, særleg når Finnfast er nedbetalt, så vil både Rennesøy og Finnøy få dei same kollektivutfordringane. Då særleg knytt til buss. Difor ser han også verdien av at ein står samla også på dette området inn mot sentrale myndigheiter.

    Han ser også for seg at det vil vera ein styrke for både Rennesøy og Finnøy å utvikla ein felles arbeidsmarknad, for å redusera den daglege pendlinga gjennom ein bomring, men også i form av ei rushtidsavgift på Nord-Jæren som berre blir høgare og høgare for folk flest.

    -I det perspektivet vil næringsområdet på Hanasand få ei enno meir sentral rolle, og viktigheita av å få etablert nye verksemder både der og lokalt vil berre bli større og større, meiner han.

    -Det vil vera ein vinn-vinn situasjon for både Finnøy og Rennesøy, og me tek no nye steg og ei for å få dette til.

    Viktig å bli godt representert
    På spørsmål om kva politisk rolle og ambisjonar han sjølv har i den nye storkommunen, er det lite konkrete svar å få.

    -Det skal valkomiteen få svar på når den tid kjem. Men det er likevel svært viktig at både Rennesøy og Finnøy blir godt representerte i den første valperioden. Då også i form av politikarar som har eit eigarskap til heile samanslåingsprosessen og intensjonsavtalen. På den måten kan dei ta prosessen vidare inn i den nye kommunen, seier ein diplomatisk varaordførar som truleg vil kunne få ein sentral posisjon for KrF i det nye bystyret.

    Men akkurat på denne uvanleg vakre, første vårdagen heime på gardsbruket sitt på Sokn, er det meir den noko utolmodige bonden i han som kjem fram. Iveren til endeleg å kunne få byrja på våronnarbeidet tek då fort overhand. Og med begge beina, bokstaveleg tala, godt festa i bakken, og med ein unik utsikt utover det vakre landskapet i alle himmelretningar frå gardstunet heime på sitt kjære Sokn, har han ein god oversikt over den nye kommunen sin. Både i sør mot Stavanger og lengre innover mot øyane i Ryfylke.

    Det kan vera eit godt bakteppe og utgangspunkt å ha med seg, når han no skal vera med å losa både Rennesøy og Finnøy trygt inn i den nye storkommunen.

     

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 13.12.2018 - 13:03
    elg ombo 11.jpg

    Skogens konge på Ombo

     

    - Det er fyrste gong eg har høyrt om elg på Ombo. Den sto rett utanfor stovevindauget, det var mest ikkje til å tru, seier Tor- Reidar Byberg som var på hytta i Jørstadvågen då han og familien fekk eit syn dei seint vil gløyma.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.12.2018 - 09:54
    båtbrann.jpg

    Tre sikta etter båtbrann

    Tre menn er sikta i samband med båtbrannen ved Mjølsnesholmane.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 11.12.2018 - 08:28
    DSC_7618.JPG

    Leiter etter folk i sjøen

    Ved Mjølsnesholmane leiter eit Sea King redningshelikopter etter folk i sjøen.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 10.12.2018 - 13:03
    ombo33.JPG

    Meir demokrati for folk på Ombo

    Kommunaldepartementet har bestemt seg: Ombo skal høyre til i Nye Stavanger. Det vil gi meir demokratisk påverknad, meiner statsråd Monica Mæland.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 06.12.2018 - 17:06

    Finnfast går så det susar

    Fram til 1.desember i år, har det vore heile 421293 passeringar gjennom Finnfast.Det er ein auke på 11000 ÅDT (årsdøgntrafikk)i forhold til same tidsrom i fjor,eller 2,6%.Gjennomsnittstrafikken er heile 1261 ÅDT per døger.37% av trafikken er elbilar som har betalingdfritak.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 06.12.2018 - 12:32
    DSC_0926.JPG

    Prisen går ned på Øyfast

    Norconsult meiner det vil kosta 3,5 milliardar å bygga Øyfast.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 06.12.2018 - 11:38
    vikevåg2.JPG

    Uklart om eigedomsskatt «på bymessig vis»

    Prosjektrådmannen for Nye Stavanger ynskjer å få greia ut nærmare kva område i den nye kommunen som skal betala eigedomskatt etter omgrepet «på bymessig vis».

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 04.12.2018 - 16:22
    38DC2A7A-BC9D-4A44-A378-3FD851F86623.jpeg

    Ordførarar jublar for daglege ferjeanløp til småøyane

    Av Jon Asgaut Flesjå

    Dette er ein historisk milepæl for alle småøyane i Ryfylke,jublar både rennesøyordførar Dagny Sunnanå Hausken og ordførarkollega i Finnøy,Henrik Halleland,etter at det i går mandag blei klart at alle dei mindre øyane i både Finnøy,Rennesøy,Strand og Hjelmeland frå 2021 får daglege ferjeanløp til og frå Stavanger og omkrinliggjande fastlandskaiar.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 29.11.2018 - 17:49

    Tomatdyrking på Sola flyplass

    Nøyaktig 90 år etter at det første tomatveksthuset på vel 50 m2 vart bygd, og tomateventyret starta og byrja å ta av i tomatkommunen Finnøy og Rogaland, er eit nytt tomatvekshus på den same storleiken under bygging inne i ankomsthallen på Sola flyplass.Her skal det alt i februar dyrkast kortreiste smakstomater til bruk i den nye Renaa-restauranten like ved.Det er Stavanger Aftenblad som melder dette i dag.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 27.11.2018 - 17:38

    Fylkespolitikarane vil ha biogassanlegg på Finnøy eller Rennesøy

    Eit fleirtal blandt fylkespolitikarane i Rogaland,går inn for av at det vert sett av midlar på budsjettet for 2019 til realisering av eit biogassanlegg i Finnøy eller Rennesøy.Det er NRK Rogaland som melder dette i dag.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 27.11.2018 - 16:11
    Finnfastopning4_liten.jpg

    Klart for påmelding til verdas første og einaste undersjøiske halvmaraton

    Laurdag 1. desember startar påmeldinga til den store løpsfesten: Ryfastløpet!

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 26.11.2018 - 12:44

    Møter naborivalar og gamle storheiter

    NFF Rogaland har kome med forslag til oppsett for neste års 5. divisjon.Der får Finnøy gjensyn med naborivalane Mastra og Kvitsøy.Også gamle lokale storheiter som SIF,Buøy og Jarl blir å finna i den same divisjonspulja.Det same gjer store breiddeklubbar som Forus & Gausel og Bogafjell frå Sandnes.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 24.11.2018 - 18:30

    Innertier for nytt skyteanlegg

    Laurdag ettermiddag lada bokstaveleg tala ordførar Henrik Halleland geværet, og fyrte av skotet som symbolet på at det nye og topp moderne skyteanlegget til Finnøy Skyttarlag på Kvame er opna.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 20.11.2018 - 23:00

    Kraftig nedgang i folketalet

    Ferske tal frå SSB (statistisk sentralbyrå) over befolkningsutviklinga i 3.kvartal,viser at Finnøy kommune har hatt ein nedgang i folketalet på heile 35 personar .Folketalet ligg per 1.oktober på 3171.Den 1. Juli i år var folketalet på 3206 personar. Også Rennesøy har ein nedgong på 9 personar.Her var folketalet per 1.oktober på 4829.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 19.11.2018 - 15:07

    Får to millionar etter Ombo-brannen

    Finnøy kommune har fått løyvd 2,018 millionar kroner i såkalla skjønsmidler etter den store skogbrannen på Ombo i byrjinga av juni i år.Det er Fylkesmannen i Rogaland som på vegne av kommunen har søkt kommunal- og moderniseringsdepartementet om desse ekstra midlane.Det som ein kompensasjon for dei svært store ekstra kosnadene kommunen har fått i samband med denne brannen.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 15.11.2018 - 09:39
    ombo7.jpg

    Må venta på grenseavklaring

    Kommunal- og moderniseringsdepartementet har det ikkje travelt med å avklara kommunegrensa på Ombo.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.11.2018 - 11:39
    DSC_71621.JPG

    Traktor velta og stoppa trafikken

    Ein traktor har velta og sperrar nå trafikken på FV 519 ved Judaberg. Ambulanse og politi er på staden. Trafikken i Vikekleiva stoppa opp etter ulykka, der traktoren og tilhengaren framleis  ligg i vegbana. Politiet opplys at føraran av traktoren ikkje skal vera skada. Det er ennå ikkje klart når vegen kan vera open for vanleg trafikk igjen.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 09.11.2018 - 11:54

    Islendingane hjelper ryfylkebøndene ut av fôrkrisa

    I dag startar lossingen av heile 2700 runballar med grovfôr på Island med adresse Ladstein på Finnøy.Derfrå skal rundballane distribuerast rundt omkring til bønder over heile Ryfylke.Alle bønder  som manglar grovfor til husdyra sine etter den uvanlege kraftige tørkesommaren.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 09.11.2018 - 10:03

    Positive signal vedrørande hurtigbåtkutt

    Ein delegasjon ordførarar frå Ryfylke,saman med fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal,var i går i møte med kommunal-og moderniseringsminister Monica Mæland i Oslo vedrørande dei kraftige kutta i dei økonomiske overføringane til drifta av hurtigbåtar i Ryfylke og Rogaland.Dette kan få alvorlege følgjer for rutetilbodet i heile Ryfylke,med eit betydelige svekka rutetilbod.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 08.11.2018 - 08:27
    DSC_5643.JPG

    Låg tillit til dei tilsette i kommunane

    Politikarane i Finnøy og Rennesøy har låg tillit til dei tilsette i kommunen. Det syner ei stor spørjeundersøking.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 07.11.2018 - 12:26

    Kolumbus positive til Buss-taxi i Rennesøy

    Etter eit møte med kommuneleiinga i forrige veke vedrørande moglegheita for å få innført ei ordning med Buss-taxi i Rennesøy, ser varaordføarar Jostein Eiane ,Kr.F, positivt på at ein kan få dette til alt frå skulestart neste år.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 06.11.2018 - 13:21

    Hurtigbåtrutene til høgste politiske nivå

    Ordførarane i Ryfylke kjempar for å behalda rutetilbodet med hurtigbåtar.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 06.11.2018 - 14:51

    Vil ha lysløype i Teigen

    Til ein netto kostnad på langt under ein million kroner,etter fratrekk for moms og spelemidlar, vil ein kunne få til ei 1,2 kilometer lang lysløype i det populære turområdet i Teigen på Finnøy.

    » Les heile saka