Tips oss: | Send e-post

Publisert 26.02.2018

    Bioenergi Finnøy kan berga Stavanger sine klimamål

    Stavanger kommune har som mål å redusera utsleppa av klimagassar med 50 prosent innan 2030. Bruken av naturgass frå Lyse til oppvarming av veksthusa i  tomatnæringa i Finnøy og Rennesøy, derimot, vil føra til at utsleppa aukar med heile 34 prosent når desse kommunane blir ein del av storkommunen i 2020.

    Tekst og foto: Jon Asgaut Flesjå

    Det var NRK ,Rogaland som først omtala saka. Ei sak som blir møtt med både skepsis internt i produsentmiljøet, og som blir sett på som ei kjempestor utfordring for både næringa og det politiske miljøet i dei dei to tomatkommunane, og ikkje mint i den nye storkommunen. To kommunar som står for over 50 prosent av heile den norske tomatproduksjonen.

    No kan likevel løysinga vera at dei eldsjelene som i snart 10 år har arbeidd med å på plass eit biogassanlegg på Finnøy, kan sitja med nøkkelen til å løysa heile denne store utfordringa når det gjeld Stavanger kommune sine klimamål. Klimamålsetjingar som også har blitt kritisert fordi dei ikkje er ambisiøse nok. I hovudsak på grunn av at dei ligg betydeleg under målsetjingar i andre storbyar som Trondheim, Bergen og Oslo.

    Prosjektet ligg klart i skuffa
    -Me føler på ein måte at me har arbeidd litt mykje i motbakke i alle desse åra, sjølv om både byråkratar og enkelte leiande politikarar har heia på oss i form av munnlege støtteerklæringar, seier Kristian Spanne. Han er dageleg leiar i Bioenergi Finnøy, og har saman med ein annan pensjonist, Trond Spanne og styret, stått hardt på i store delar av alle desse 10 åra for å overtyda både bønder, gartnarar, lokale- og fylkeskommunale politikarar, og sentrale styresmakter på ulike nivå om at dette er framtida mot eit meir miljøvennleg samfunn. Eit prosjekt som er eit vinn-vinn tiltak med store synergiar inn mot ei langt meir berekraftig framtid for svært mange næringsaktørar.

    Aksjekapitalen på 200 000 kroner er naturleg nok brukt opp for lenge sidan. Likevel har både Spanne og styret i laget stått hardt på fordi dei har hatt stor tru på det, og mange titals timar med «gratisarbeid» er lagt ned. Trua på at dette likevel er framtida har vore drivkrafta hjå dei to innovative og aldrande pensjonistane. Mest fordi det kan løysa mange av dei miljø- og klimamessige utfordringane som begge dei to så viktige primærnæringane for både Finnøy og Rennesøy representerer, og som har stor overføringsverdi og betydelege synergiar.

    -Berre sjå her, proklamerer Kristian, og legg rykande ferske teiknar på bordet over det prospektet som er tenkt bygd på Lauvsnes på Finnøy. Det til ein kostnad på 37 millionar kroner. Tomtespørsmålet er alt avklart med Finnøy kommune, og sluttproduktet skal i første omgang bli produksjon av heile 15 Gwh (15 millionar kilowattimar) rein og miljøvennleg biogass til ein pris av 50 øre per kwh som kan distribuerast ut til tomatgartnarane i kommunen. Ei næring som årleg har eit behov på om lag 40Gwh, og som i dag er basert på brenning av naturgass frå anlegget på Kårstø som energi­kjelde. Då med betydelege utslepp av klimagassen CO2 som konsekvens.

    Innsatsfaktorane i biogassanlegget er om lag 20 000 tonn husdyrgjødsel frå høns, gris og storfeproduksjonen på Finnøy, i tillegg substratar som fiskeslam, slakteavfall, daud oppdrettsfisk og tomatlauv frå tomatnæringa sjølv.

    -Me kan også ta hand om dei om lag 150 000 hønene som årleg blir gassa i hel og destruert frå dei mange hønsehusa i det som blir landets største eggkommune etter 2020. I tillegg har me alt matavfall som i dag ikkje ein gong renovasjons­selskapet vårt tek hand om på ein berekraftig måte, poengterer ein entusiastisk dagleg leiar.

    I sluttproduktet skal då husdyrbøndene sjølv, som då leverer husdyrgjødsel til anlegget, få tilbake ei «rein» og flytande gjødsel der innhaldet av fosfor (P) er redusert med heile 70 prosent og innhaldet av nitrogen (N) med 30 prosent. Fosforgjøsla kan ein så gjerne eksportera til kornbøndene på austlandet som har for lite av dette.

    -Det fine er at nitrogenet då kjem ut i form av amoniumnitrat (NH3), som er den enklaste måten for plantene å ta nitrogenet opp på. Denne gjødsla er svært lettflytande ved at ein har teke ut store mengder tørrstoff (sjå skisse), og er lett å spreia på ein miljøvennleg måte ved hjelp av eksempelvis Agromiljø sitt miljøvennlege spreieslangekonsept. I tillegg kan det spreiast på kulturbeite i store delar av sesongen. Dermed kan også bøndene redusera sine behov for meir lagringskapasitet slik det no kjem framlegg om i dei nye spreieforskriftene for husdyrgjødsel, fortel Kristian.

    -Altså ein vinn-vinn situasjon for både bønder og gartnarar, ved at tomatgartnarane får rein energi til sine veksthusanlegg og bøndene får tilbake miljøvennleg gjødsel som sparer dei for pengar, reduserer klimautsleppa og som gir ein langt betre agronomi som sluttprodukt.

    Hydrogengass til hurtigbåtar som sluttprodukt
    Etter at dei ulike substrata har vore gjennom prosessen i reaktoren, vil CO2 gass og Metangass vera to av sluttprodukta. Desse to gassprodukta skal då igjennom ein reinseprosess (CO2) før den kan tilførast gartneria som vekststimuli. Metangassen må også gå gjennom ei oppgradering ved å bli tilført propan før den kan sendast ut på gassnettet, om ein får løyve til bruk av det.

    -Ein annan måte å gjera denne «reinsinga» på, er at ein etablerer eit anlegg for produksjon av hydrogen (H) i tillegg til at ein får ut elektrisitet og CO2 til gartneria som sluttprodukt. Då kan eksempelvis rutegåande båtar og ferjer som går på hydrogen bli ein kjøpar av dette. Som du skjønar så finns det mange plussfaktorar og store moglegheiter i eit slikt biogassanlegg, slår Kristan fast.

    -Kanskje blir det slik at hurtigbåtane eller ferjene legg til kai for å bunkra opp hydrogengass som drivstoff i nærleiken til eit slikt lokale biogassanlegg på øyane i Finnøy i framtida, avsluttar den visjonære og innovative 70-åringen.
    Han har alt vore i kontakt med sentrale personar, som er premissleverandørar for hurtigbåttrafikken i regionen, om eit slikt framtidig alternativ. Då med utgangspunkt i at både hurtigbåt- og ferjetrafikken skal ha nullutslepp frå sine båtar frå 2022.

    No håpar Spanne at snart 10 år i motbakke for å så inn dette framtidsretta grøne energi- og miljøkonseptet verkeleg kan få bein å stå på. Då i lys av gartneri- og husdyrnæringa sine forsterka miljøkrav som er rett rundt hjørne. Men også i lys av Stavanger kommune sine ambisiøse klimamålsetjingar

    -Det er vel ein gong slik at det er i motbakke det går oppover. Det får me håpa at i alle fall blir tilfelle med Biogass Finnøy til slutt, ironiserer Spanne. Han merkar i desse dagar ei gryande interesse også frå kommunar nordover langs Vestlandet for «Bioenergi Finnøy» sitt biogasskonsept. Men det er vel her på og i Finnøy-Rennesøy me har dei beste føresetnadane for å lukkast, spør Kristian og spelar med det ballen enno ein gong over til dei kommunale beslutningstakarane for å få drahjelp.

    For aksjekapitalen til Finnøy Bioenergi AS er i null for lenge sidan, etter snart 10 år i motbakke. Det same er «lommeboka»…

     

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 16.06.2018 - 19:41
    2C9CE30E-2904-4C96-B8D9-8F0D3083F2BC.jpeg

    Finnøy vant toppoppgjøret mot Kvitsøy

    Dei har møtt kvarandre på fotballbanen heilt sidan 1950-og 60 talet,men at dei skulle møtast til toppkamp i 6.divisjon og til å med innta tabelltoppen saman når serien er halvspela,var det vel dei færraste fotballinteresserte Kvitsøy- og  finnøybuar som hadde trudd då sesongen starta.Likevfullt er det nettopp desse to øyalaga som tronar aleine øverst på tabellen når laga no tek sommarferie.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.06.2018 - 17:16

    Finnfast kan vera nedbetalt i 2023

    Eit fleirtal i fylkestinget,bestående av partia FrP,Høgre,Ap og Senterpartiet,vedtok i sitt møte i i går,tysdag,at også elbilar skal betala for passering i alle bomstasjonar.Det skal maksimalt betalast halv takst av ordinære diesel- og bensinkjøretøy.Det kan føra til at nedbetalinga av Finnfast kan veta fullført alt i 2023.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 11.06.2018 - 12:43

    Fylkesmannen vil ikkje flytte kommunegrensa på Ombo

    Sjølv om eit solid fleirtal av innbyggjarane på Ombo gjennom folkehøyringar har gitt uttrykk for at dei ynskjer å høyra til i ein kommune,tilrår Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa, at kommunegrensa mellom Hjelmeland og Finnøy blir som i dag.Det bur til saman omlag 240 innbyggjarar på øya.90 av dei høyrer til i Hjelmeland.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 07.06.2018 - 12:02

    Øyposten feirer tomata!

    Det er i dag 90 år sidan den fyrste tomata vart planta på Finnøy!

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 04.06.2018 - 23:38

    Forbod mot slåing av veggrøftene

    Du har kanskje lagt merke til det,og gjerne irritert deg litt over det også;Både graset og ugraset står framleis meterhøgt langs veggrøftene rundt omkring på øyane i Finnøy, men også elles.Det er likevel ein grunn til at vegrøftene ikkje er slegne enno.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 29.05.2018 - 13:06

    Har starta etterforsking på Ombo

    Etterforskinga rundt brannen på Ombo er i full gang.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 29.05.2018 - 12:16
    biltrafikk.JPG

    Kven har vikeplikt?

    I fleire kryss i Finnøy er det ikkje klart nok kven som eigentleg har vikeplikt og forkøyrsrett.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 28.05.2018 - 10:06
    BRANN OMBO mannskap1.jpg

    OPPDATERT: Det brenn framleis på Ombo

    Måndag morgon er det et igjen sett inn helikopter i slukkingsarsarbdeit på Ombo. 

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 27.05.2018 - 23:54

    Brenn framleis

    Då Øyposten reiste frå Ombo sundag kveld klokka 2300 var det framleis flammar å sjå to satder på øya. 

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 27.05.2018 - 18:37

    Brannen blussar stadig opp

    Folk på Ombo førebur seg no på evakuering

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 27.05.2018 - 17:33
    9601C16C-B410-4E8D-89C6-3A44853E8030.jpeg

    Store ressursar er sett inn i skogbrannen på Ombo

    Både Sivilforsvaret,lokalt brannvesen og tre helikopter er sett inn  i arbeidet med å slukke skogbrannene like nordaust for Eidsund på Ombo.Over 1000 mål skog og kratt er brunne ned.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 24.05.2018 - 10:53
    finnøy fotball.JPG

    Fotballfest på heimebane

    24. juni lagar Finnøy IL og Øyposten fotballturnering på Leikvoll.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 23.05.2018 - 13:34
    ungar.JPG

    Fleire i Finnøy

    Fersk befolkningsstatistikk viser vekst i folketalet i Finnøy.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 17.05.2018 - 16:02
    SAM_2908.JPG

    Stor oppslutnad om 17. maifeiringa på Finnøy

    Bilkortesje rundt øya om morgonen, kransenedlegging ved bautaen over eidsvollmannen Asgaut Regelstad, og påfylgjande gudsteneste i Hesby Kyrkje etterpå. Det var hovedmenyen på 17.maiprogrammet på Finnøy i føremiddag. Kl.12.30 hadde nærmare 1000 menneske samla seg i fleibrukshallen, der 7. klasse og foreldre som 17. maikomite sytte for eit variert og flott program.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 17.05.2018 - 08:58
    8FF8438F-99A3-4D33-A01B-35801CC9CF5F.jpeg

    70 år i bilkortesje rundt Finnøy 17. Mai

    Like visst som den noko spesielle bilkortesjen rundt Finnøy som starten på 17.maifeiringa har funne stad i 70 år,like visst har superveteranen på pluss 90,Sigmund Landa,vore å finna i framsete.I dag var det yngstesonen Arne, som hadde teke plassen bak rattet i den gamle raude Ford stasjonsvogna hans.Men sjølvsagt måtte far Sigmund sitja ved sida av,å få med seg sin 70.bilkortesje rundt «perlå i Ryfylke»,på denne utruleg vakre 17. Mai morgonen.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 15.05.2018 - 14:51
    17mai1112.jpg

    17.mai-bilete

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 09.05.2018 - 13:59

    Liv laga for idrettslaget?

    Skal Sjernarøy Idrettslag bestå eller forgå?

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 09.05.2018 - 13:03

    Forsinka Øyposten

    Grunna ein feil hjå Posten på Forus kjem ikkje Øyposten ut til Finnøy i dag. Avisa vil vera på plass på Finnøy på fredag. Me beklagar dette og jobbar for at dette ikkje skal skje igjen. Last ned PDF utgåva i linken under.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 07.05.2018 - 23:24

    Ny solid heimesiger til Finnøy

    Finnøy vann ein fullt fortent siger då dei banka Hundvåg 2,3-0, i seriekampen på Leikvoll i kveld. Etter ein noko rufsete og lite velspela 1. omgnag, der Finnøy tok leiinga like før laga gjekk til pause, var det eit heilt nytt heimelag som kom på banen i 2.omgang. Dei to bytta trenar Flesjå-Johansen gjorde i pausen, slo også positivt ut. Og sigeren var ikkje eit mål for stor etter spel og sjansar, og slik kampen utarta seg. Dermed står Finnøy med 6 poeng etter tre spelte kampar. Ein jury kåra,Tomasz Cieslikowski, til dagens finnøyspelar.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 04.05.2018 - 15:28

    Målar ferdig Rennfast-no står Finnfast for tur

    Arbeidet med å måla tunnelveggane i Rennfast kvite vert ferdigstilt i løpet av komande helg, opplyser Statens vegvesen. Deretter vil det same målararbeidet bli gjennomført i Finnfast. Medan arbeidet i Finnfast vert gjennomført, vil det bli gjennomført kontinuerleg kolonnekøyring.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 04.05.2018 - 14:25
    Plastinnsamliong.JPG

    500 søppelsekker rivne bort

    Øyposten har vore ein sentral aktør som koordinator og marknadsføringskanal i den store ryddeaksjonen, som har funne stad rundt omkring i øykommunen vår dei siste dagane.I løpet av ettermiddagen i går vart også dei siste av totalt 500 plastsekker til aksjonen delt ut frå vårt kontor på Judaberg.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 04.05.2018 - 09:17
    Bendik.jpg

    Aktiv organisasjonsmann tek over leiarvervet i FIL

    Han var eigentleg tiltenkt rolla som aktivitetsleiar for breiddesatsinga i Finnøy Idrettslag. Men for å få den endelege styrekabalen til å gå opp på det ekstraordinere årsmøte torsdag kveld, rykka Bendik Hegglund opp til nyvalt leiar i laget, og får no avlastning som aktivitetsleiar. 

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.05.2018 - 14:15

    «Det er viktig å plukka plast»

    Elevane på Finnøy er ikkje i tvil om at det er viktig å bidra til eit reinare nærmiljø.

    » Les heile saka