Tips oss: | Send e-post

Publisert 13.02.2018

    Nytt ruteforslag-Jelsa ute av Finnøysambandet

    Samferdselssjefen i Rogaland har kome med forslag til ny rutestruktur i Finnøysambandet. I begge dei to alternativa som er lagt fram er Jelsa teken ut, medan særleg Sjernarøyane kjem betydeleleg styrka ut i begge dei to alternativa.I alternativ to er også Fisterøyane,Bokn-Byre-Helgøy, tekne med, og skal betjenast med ei tredje kombiferje mot fastlandet på Judaberg tre dagar i veka.    

    Tilbodet til Finnøy sin del av Fisterøyane er likevel ikkje noko betring i forhold til i dag.Det får også ordførar Henrik Halleland til å reagere.-Eg er sjølvsagt veldig godt tilfreds med den betydelige auken i frekvensen for øyane utanom Fisterøyane, sjølv om det også her er rom for visse justeringer.Mellom anna,må Ombo og Halsnøy få eit betre tilbod mot Judaberg ,som gir moglegheit for pendling med bil om morgonen,seier Halleland.-Me må også få eit betre tilbod for Bokn-Byre-Helgøy,med mål om i alle fall å få til ei bestillingsordning for dei dagane det ikkje er fast anløp.Det er det som vil bli hovedfokuset frå vår side,seier han.

    I si grunngjeving for å ta Jelsa ut av sambandet, peikar fylekskommunen på at Jelsa no er knyta til både Hebnes og Nord Rogaland med bru over Sandsfjorden, og at endestasjonen for sambandet difor bør vera Hebnes. I alternativ 1 skal det vera to rundturar i det eksisterande Finnøysambandet dagleg som skal betjena Foldøy-Hebnes .For å løysa kapasitetsutfordringane i den søre del av sambnadet vert både Nedstarnd og Jelsa teken ut av sambnadet.Trafikken mellom Jelsa,Hebnes og Nestrand må skje langs veg, heiter det i grunngjevinga.

    Dei to ferjene som skal betjena sambandet kan vera to like ferjer på eksempelvis 60 PBE(personbileiningar) eller to ulike på ferjer på  pluss 50 eller 75 PBE.

    I alternativ to er det teke høgde for at ei tredje ferje, ei såkalla kombiferje, skal betjene det nordre sambandet og Fisterøyane. Finnøysambandet vil då ende opp på Helgøy, men Nedstrand vil då ha anløp av denne kombiferja dagleg gjennom eit ruteopplegg, Nedstrand-Nesheim-Foldøy-Hebnes, t/r. Gjennomgåande trafikk nord-sør/sør-nord vil då måtte kjøyre i land på Helgøy og ta turen over til Nesheim for vidare transport inn mot Nedtsrand-Foldøy-Hebnes og motsett.

    Då fylkeskommunen i si tid ga grønt lys for Sandsfjord bru og var med å delfinansierte denne, var det også ein føresetnad at Jelsa skulle ut av Finnøysambandet etter opninga i januar 2016.
    -Nærmare 90% av trafikken skjer i den sørlege delen av sambandet,4% skjer internt i nord, og 6% mellom nord og sør .Begge alternativa til ny rutestruktur vil styrka ferjetilboda internt i Finnøy, men prodsuksjonen vil gå noko ned i den nordre delen.

    Trafikken har auka i perioden 2014-2016 med 13%,dvs.24 472 PBE) ,I sør er auken på 13% medan det er ein nedgong på 17% i den nordre delen av sambandet. Frist for høyringsuttale er sett til 28. mars. Samfedselsutvalet i fylket skal behandle dei nye rutene i sitt møte  den 10. april. 

    Les meir i papirutgåva torsdag

     

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 23.05.2018 - 13:34
    ungar1.JPG

    Fleire i Finnøy

    Fersk befolkningsstatistikk viser vekst i folketalet i Finnøy.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 17.05.2018 - 16:02
    SAM_2908.JPG

    Stor oppslutnad om 17. maifeiringa på Finnøy

    Bilkortesje rundt øya om morgonen, kransenedlegging ved bautaen over eidsvollmannen Asgaut Regelstad, og påfylgjande gudsteneste i Hesby Kyrkje etterpå. Det var hovedmenyen på 17.maiprogrammet på Finnøy i føremiddag. Kl.12.30 hadde nærmare 1000 menneske samla seg i fleibrukshallen, der 7. klasse og foreldre som 17. maikomite sytte for eit variert og flott program.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 17.05.2018 - 08:58
    8FF8438F-99A3-4D33-A01B-35801CC9CF5F.jpeg

    70 år i bilkortesje rundt Finnøy 17. Mai

    Like visst som den noko spesielle bilkortesjen rundt Finnøy som starten på 17.maifeiringa har funne stad i 70 år,like visst har superveteranen på pluss 90,Sigmund Landa,vore å finna i framsete.I dag var det yngstesonen Arne, som hadde teke plassen bak rattet i den gamle raude Ford stasjonsvogna hans.Men sjølvsagt måtte far Sigmund sitja ved sida av,å få med seg sin 70.bilkortesje rundt «perlå i Ryfylke»,på denne utruleg vakre 17. Mai morgonen.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 15.05.2018 - 14:51
    17mai1112.jpg

    17.mai-bilete

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 09.05.2018 - 13:59

    Liv laga for idrettslaget?

    Skal Sjernarøy Idrettslag bestå eller forgå?

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 09.05.2018 - 13:03

    Forsinka Øyposten

    Grunna ein feil hjå Posten på Forus kjem ikkje Øyposten ut til Finnøy i dag. Avisa vil vera på plass på Finnøy på fredag. Me beklagar dette og jobbar for at dette ikkje skal skje igjen. Last ned PDF utgåva i linken under.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 07.05.2018 - 23:24

    Ny solid heimesiger til Finnøy

    Finnøy vann ein fullt fortent siger då dei banka Hundvåg 2,3-0, i seriekampen på Leikvoll i kveld. Etter ein noko rufsete og lite velspela 1. omgnag, der Finnøy tok leiinga like før laga gjekk til pause, var det eit heilt nytt heimelag som kom på banen i 2.omgang. Dei to bytta trenar Flesjå-Johansen gjorde i pausen, slo også positivt ut. Og sigeren var ikkje eit mål for stor etter spel og sjansar, og slik kampen utarta seg. Dermed står Finnøy med 6 poeng etter tre spelte kampar. Ein jury kåra,Tomasz Cieslikowski, til dagens finnøyspelar.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 04.05.2018 - 15:28

    Målar ferdig Rennfast-no står Finnfast for tur

    Arbeidet med å måla tunnelveggane i Rennfast kvite vert ferdigstilt i løpet av komande helg, opplyser Statens vegvesen. Deretter vil det same målararbeidet bli gjennomført i Finnfast. Medan arbeidet i Finnfast vert gjennomført, vil det bli gjennomført kontinuerleg kolonnekøyring.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 04.05.2018 - 14:25
    Plastinnsamliong.JPG

    500 søppelsekker rivne bort

    Øyposten har vore ein sentral aktør som koordinator og marknadsføringskanal i den store ryddeaksjonen, som har funne stad rundt omkring i øykommunen vår dei siste dagane.I løpet av ettermiddagen i går vart også dei siste av totalt 500 plastsekker til aksjonen delt ut frå vårt kontor på Judaberg.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 04.05.2018 - 09:17
    Bendik.jpg

    Aktiv organisasjonsmann tek over leiarvervet i FIL

    Han var eigentleg tiltenkt rolla som aktivitetsleiar for breiddesatsinga i Finnøy Idrettslag. Men for å få den endelege styrekabalen til å gå opp på det ekstraordinere årsmøte torsdag kveld, rykka Bendik Hegglund opp til nyvalt leiar i laget, og får no avlastning som aktivitetsleiar. 

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.05.2018 - 14:15

    «Det er viktig å plukka plast»

    Elevane på Finnøy er ikkje i tvil om at det er viktig å bidra til eit reinare nærmiljø.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.05.2018 - 13:26

    Forsinka avis

    Grunna trøbbel med forsendelsen får ikkje alle abonnentar avisa i dag. Dei som ikkje har fått avisa kan lese den som pdf her. Me beklagar og kjem knallsterkt tilbake fyrstkommande onsdag.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.05.2018 - 12:11
    352-5e28838c-b91a-42c9-ae03-8786c08934c2_3.jpg

    Ryddedagen, send oss bileter

    Er du ute å plukker søppel? Send oss gjerne bileter på sms eller e-post 91745171 eller bladstova@oyposten.no

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.05.2018 - 10:18
    SAM_2863.JPG

    Årets første jordbær frå Finnøy

    I desse dagar kan den ferske jordbærbonden, Kåre Nordbø på Steinnesvåg,plukka dei første norske jordbæra og senda dei ut på marknaden. Det er i første omgang Meny-butikkane i Stavanger-området som vil kunne gleda seg over desse raude og søte delikatessane frå Finnøy. Øya som i 90 år har vore mest kjent som tomatøya, kan nå også skryta på seg med å vera først ute på marknaden med dei første jordbæra som er dyrka fram i veksthus. Ein produksjon som fleire tidlegare tomatprodusemntar på øya no har starta opp med.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 02.05.2018 - 16:46
    352-5e28838c-b91a-42c9-ae03-8786c08934c2_.jpg

    Stort engasjement rundt søppelhenting

    Sjernarøyane blir av mange kalla for heile Rogaland sin skjergard, men også her flyt plastavfall i strandsona og spesialavfallet blir dumpa på den sterkt trafikkerte ferjekaien på Helgøy.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 24.04.2018 - 16:01
    Landa.jpg

    Heider til finnøybønder

    Hilde Sandvin og Thore Landa har mottatt sølvtina.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 24.04.2018 - 10:40
    SAM_2800_4.jpg

    Jevetispe med hi og ungar oppdaga i Suldal

    Sauebønder frå både Halsnøy og Finnøy som årleg har sauene sine på fjellbeite i Røldal- og Suldals-heiane, har tidvis lidd store tap dei siste åra. Observasjonar tyder på at det har vore ein jerv på ferde i området.No har statens Naturoppsyn for fyrste gong i moderne tid oppdaga jerv som har ungekull på Veslandet. Og det til og med i Suldalsheiane

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 22.04.2018 - 10:08
    FA178198-583B-4CD8-9611-46018DF5F148.jpeg

    Vakker og fargesprakande kunst i «Galleri Perlemorstrand»

    Ramma rundt opninga av sommarutstillinga i «Galleri Perlemorstrand» i Ramsvig i idylliske Aubøsund denne flotte vårdagen i april kunne knapt nok vore betre,då sommarutstillinga «Ikon 2017» i regi av den kjente kunstnaren,80- åringen Kjell Pahr-Iversen, vart opna lørdag føremiddag.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 19.04.2018 - 08:36
    B27E2A8A-90E5-41C8-A078-A75BDB554C93.jpeg

    Finnøy på openheits-toppen

    Av:Jon Asgaut Flesjå

    Finnøy er den kommunen i Rogaland som scorar høgast på openheit og innsyn.Det kjem fram av ein rapport som det såkalla Offentlighetsutvalget har gjennomført med bakgrunn i krav om innsyn hjå alle landets kommunar.Også dei to andre kommunane i Nye Stavanger,Rennøy og Stavanger,scorar høgt.Finnøy ligg også heil oppe på ein 12.plass blandt alle landets kommunar.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 16.04.2018 - 13:23

    Meir kolonnekøyring i Rennfast

    Frå kl.22.00 i kveld,måndag 16.april og ei veke framover, vil det på ny bli gjennomført kolonnekøyring i både Mastrafjordtunnelen og Byfjordtunnelen.Årsaka er at tunnelveggen skal malast kvite,opplyser Statens Veivesen.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 14.04.2018 - 06:49
    4F043D82-274F-409E-B391-42FA57B13C14.jpeg

    Tre omkom i brann i campingvogn på Sokn

    Tekst og foto:Jon Asgaut Flesjå

    Tre personar er av politiet bekrefta omkomne etter brann i ei campingvogn på Sokn.Fleire campingvogner er også totalskada Rennesøy kommune har kalla ut kriseteam.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.04.2018 - 10:46

    Ordføraren var til stades

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 11.04.2018 - 23:09

    Kraftig auke i skatteinngangen

    Finnøy kommune kunne gleda seg over ein auke i skatteinngangen for mars 2018 i forhold til mars 2017 på heile 3,4 millionar kroner.Det er ein auke på 27,4 prosent.Mars månad er ein viktig månad med omsyn til innbetaling av både forskotsskatt og arbeidsgivaravgift.For dei tre første månadane i 2018 er det også ein betydeleg auke i forhold til same periode i 2017 på 16,7 %.

    » Les heile saka