Tips oss: | Send e-post

Publisert 07.02.2018

    Nasjonalskatt frå adelsslekta til Ogmund Finnsson?

    Det nye norske nasjonalmuseet som er under bygging, vil ha dei einaste norske kongeregaliene frå middelalderen heim frå Danmark til opninga i 2020.

    Av Jon Asgaut Flesjå

    Hornet er dekorert med riksvåpen og våpenskjold til fire norske adelsslekter og tre svenske. Og studerer ein det eine våpenskjoldet, så liknar det mistenkjeleg på våpenskjoldet til drottsete Ogmund Finnson som styrte Norge på vegne av kongen i to periodar på 1300 -talet. Det er hans våpenskjold som også er utgangspunktet for Finnøy kommune sitt kommunevåpen.
    Kongehornet blei laga i Norgae på starten av 1300 talet, men enda opp i Danmark i 1720 etter ein tur innom Island. Mykje tyder på at drikkehornet har tilhøyrt dronning Margrete, som var gift med norske kong Håkon 6.
    Hornet er i dag i det danske nasjonalmuseet sitt eige, og er å finna i København.
    No har også senterpartileiar, Trygve Slagsvold Vedum, teke saka opp og sendt brev til den nye kulturministeren, Trine Skei Grande (V), og bede henne ta eit initiativ til ein dialog med danske myndigheiter.
    -Eg synest det hadde vore ein god idè om me retta ein venleg førespurnad om å få tilbake kongshornet, som ei gåve. Og at me kunne ha ei felles markering rundt overleveringa, for å bevisstgjera danskar og nordmenn om den historia me har, seier Slagsvold Vedum til avisa Dagbladet.- Kongshornet er eit viktig symbol frå norsk høgmiddelalder og ein del av vår kongehistorie. Etter det eg kjenner til har kongehornet mest sannsynleg vore på det norske hoff i si tid, legg Vedum til.

    Kanskje frå Talgje?
    Lokalhistorikar Berner Meling, fortel at dette kongehornet truleg vart laga i samband med eit kongeleg bryllaup i Sverige kring 1310.
    -Det var knyta mykje kongeleg status og stor festivitas når adelsslekter møttest på denne måten. Dette kongehornet, som blei brukt som drikkehorn, hadde slike våpenskjold på seg. Historikarar vil ha det til at dette drikkehornet kan ha hatt tilhald på Talgje, og at det seinare kom til Island for så å enda opp i Danmark på 1700-talet 
    Ogmund Finnsson styrte Norge på vegne av kongen i to periodar: 1366-71 og 1380-86. Han døydde i 1388 og var då 73 år gammal.
    Han var son av riddar og riksråd Finn Ogmundsson. Ogmunds farmor var dotter av Gaute Erlingsson frå Talgje.

     

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 08.08.2018 - 09:40
    dugnad1.JPG

    Idrettslaget treng dugnadsfolk

    Meld frå om du skal vera med på dugnad. Finnøy IL treng deg.

    Med sin enorme dugnadsinnsats spelar Finnøy Idrettslag ei sentral rolle for å få til Tomatfestivalen, men dugnadssjef Kristian Spanne slit litt med å få respons frå folket:

    - Me skal ha 250 menneske på dugnad og me har fått svar frå 80 som skal vera med og 25 som ikkje kan vera med. Men eg treng svar fråd dei siste 160. Me treng å vita om dei kjem eller ikkje, seier han.

    Dugnaden startar allereie litt på onsdag og blir avslutta søndag.

    - Det er lette oppgåver, slik at alle kan delta. Det er berre å ta kontakt med meg på telefon 915 25 019, oppfordrar Spanne.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 01.08.2018 - 15:10
    Ombo4.jpg

    Stor trafikk på ferjene

    At trafikken til tider kan vera stor på fergene i Finnøysambandet i utfartsthelger,er ei kjent sak.Men at bilar blir ståande att på trafikkterminalen på Judaberg ein vanleg føremiddag i byrjinga av august,er vel heller skjeldan.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 27.07.2018 - 09:26
    AF575093-BCE4-40C0-8DEB-A7BE90104889.jpeg

    Gjer alt dei kan for å sikra beite til dyra

    Bønder på Finnøy, som har tilgang til private vasskjelder som små vatn, tek i bruk utradisjonelle metodar og alle verkemiddel for å skaffa dyra nok beite.På Ladstein er hundrevis av meter med slanger frå dei såkalla slangesprederane tekne i bruk til å vanne kulturbeite med.Utstyr som til vanleg vert nytta til å spreie tyntflytande husdyrgjødsel.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 26.07.2018 - 18:38
    8B684CAC-3CAB-48E3-BA37-E34CF6AA97C9.jpeg

    Avslutta med heiderlege resultat i Dana Cup

    Finnøy sitt gode Gutt 16 årslag leverte gode prestasjonar og spela seg heilt fram til 16- dels finalen i A-Sluttpelet i Dana cup i dag.Der vart det eit tøft møte med Lørenskog frå Akershus,som vann kampen heile 7-0.I kampen tidlegare i dag vann dei 1-0 over Eidskog.Dette var også den siste kampen der desse lovande guttespelarane er samla som eitt lag.I august går turen vidare på  vidaregåande skule, og laget vil såleis bli oppløyst.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 18.07.2018 - 18:17
    DBEE0144-50C1-4D5D-8D21-0E26C3E81368.jpeg

    Grågåsa forsterkar fôrkrisa

    Det er ei kjent sak at grågåsa ofte beitar enga og et opp dei første grøne grasstråa om våren på øyane i Finnøy og Rennesøy.Fleire bønder søkjer difor om fellingsløyve for å avdempe skadene med dette.Det nye denne tørkesommaren,er at no har grågåsa igjen innvadert grasmarkene på Ryfylkeøyane, og konkurrerer med bonden sjølv om å få tak i dei få grøne grasstråa som veks.No vert både veggrøftene ( sjå bilete),og anna areal der graset enno gror, slege ned for å spe på forgrunnlaget.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 16.07.2018 - 22:19

    Skyttarlaget og Fogn oppvekstsenter får spelemidlar

    Finnøy skyttarlag får tildelt kr 928 000,- til ny innandørs skytebane,og Fogn oppvekstsenter Kr 280 000,- til sitt nye fleirbruks-/leikeområdet ved skulen.Finnøy Idrettslag,derimot,er ikkje prioritert for tildeling av spelemidlar til sitt nye klubbhus på Leikvoll som er under planlegging.Dette kjem fram av Rogaland Fylkeskommune sine prioriteringar for spelemiddeltilskot til idrettsanlegg og kulturbygg for 2018.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 15.07.2018 - 10:42
    55079C4E-3088-4EE1-8A8E-89A8A6ABBE08.jpeg

    Kraftig avlingssvikt-2.slåtten alt over

    Medan sola og varmen steiker, og før rekordtørken gir enno kraftigare innhogg i grasavlingane,prøver bøndene å berga dei siste restane av det som berre for to- tre veker sidan såg ut til å bli ein tidleg og god 2.slått.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 02.07.2018 - 13:02

    Øyposten tek ferie!

    Øyposten tek ferie fram til 23. juili.

    Håpar du har ein strålande ferie!

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 28.06.2018 - 17:27
    skartveitdag3.JPG

    Klart for Skartveitdagen laurdag 30. juni

    I dagens avis skreiv me sundag 30. juni, dette skulle sjølvsagt vore laurdag 30. juni.

    Om du ikkje allereie har gjort det – sett av søndag 30. juni til eit besøk på Skartveitdagen.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 28.06.2018 - 11:59
    kenny33.jpg

    Ken Øystein tok styringa

    Han var skulelei og fekk elendige karakterar, men så fann Ken Øystein Handeland ny motivasjon.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 27.06.2018 - 09:58
    DSC_3635.JPG

    Kjekt på fotballdagen

    120 ungar i alderen 6-9 år var med på Øyposten og Finnøy IL sin fotballdag.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 26.06.2018 - 09:49
    ottohuset.JPG

    Skrinlegg kulturhus

    Stftelsen Otto-huset er lei av å venta på pengar frå Finnøy kommune. Planane om kulturhus blir lagt vekk.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 22.06.2018 - 13:48
    oppdrett.jpg

    Får nye oppdrettsmillionar

    Finnøy kommune kan få 30-40 millionar frå Havbruksfondet i 2018.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 21.06.2018 - 10:42
    skartveitdag.JPG

    Skartveitdagen 30. juni

    Skartveitdagen blir arrangert laurdag 30. juni.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 16.06.2018 - 19:41
    BBC5859F-9C52-4F56-B5E9-5863A7C27FB9.jpeg

    Finnøy vant toppoppgjøret mot Kvitsøy

    Dei har møtt kvarandre på fotballbanen heilt sidan 1950-og 60 talet,men at dei skulle møtast til toppkamp i 6.divisjon og til å med innta tabelltoppen saman når serien er halvspela,var det vel dei færraste fotballinteresserte Kvitsøy- og  finnøybuar som hadde trudd då sesongen starta.Likevfullt er det nettopp desse to øyalaga som tronar aleine øverst på tabellen når laga no tek sommarferie.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.06.2018 - 17:16

    Finnfast kan vera nedbetalt i 2023

    Eit fleirtal i fylkestinget,bestående av partia FrP,Høgre,Ap og Senterpartiet,vedtok i sitt møte i i går,tysdag,at også elbilar skal betala for passering i alle bomstasjonar.Det skal maksimalt betalast halv takst av ordinære diesel- og bensinkjøretøy.Det kan føra til at nedbetalinga av Finnfast kan veta fullført alt i 2023.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 11.06.2018 - 12:43

    Fylkesmannen vil ikkje flytte kommunegrensa på Ombo

    Sjølv om eit solid fleirtal av innbyggjarane på Ombo gjennom folkehøyringar har gitt uttrykk for at dei ynskjer å høyra til i ein kommune,tilrår Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa, at kommunegrensa mellom Hjelmeland og Finnøy blir som i dag.Det bur til saman omlag 240 innbyggjarar på øya.90 av dei høyrer til i Hjelmeland.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 07.06.2018 - 12:02

    Øyposten feirer tomata!

    Det er i dag 90 år sidan den fyrste tomata vart planta på Finnøy!

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 04.06.2018 - 23:38

    Forbod mot slåing av veggrøftene

    Du har kanskje lagt merke til det,og gjerne irritert deg litt over det også;Både graset og ugraset står framleis meterhøgt langs veggrøftene rundt omkring på øyane i Finnøy, men også elles.Det er likevel ein grunn til at vegrøftene ikkje er slegne enno.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 29.05.2018 - 13:06

    Har starta etterforsking på Ombo

    Etterforskinga rundt brannen på Ombo er i full gang.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 29.05.2018 - 12:16
    biltrafikk.JPG

    Kven har vikeplikt?

    I fleire kryss i Finnøy er det ikkje klart nok kven som eigentleg har vikeplikt og forkøyrsrett.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 27.05.2018 - 23:54

    Brenn framleis

    Då Øyposten reiste frå Ombo sundag kveld klokka 2300 var det framleis flammar å sjå to satder på øya. 

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 28.05.2018 - 10:06
    BRANN OMBO mannskap.jpg

    OPPDATERT: Det brenn framleis på Ombo

    Måndag morgon er det et igjen sett inn helikopter i slukkingsarsarbdeit på Ombo. 

    » Les heile saka