Tips oss: | Send e-post

Publisert 01.02.2018

    LEIAR: Det hastar med ny sjukeheim

    Sjukeheimen på Judaberg har markert 50-årsjubileet med stor festivitas og vakre ord. I den samanhengen er det også tid for å sjå framover for den viktige institusjonen som har betydd så mykje for så utruleg mange i våre lokalsamfunn i alle desse åra.
    Det skal også vera sjukeheimsplassar nok dei neste 50 åra, når ein no går i startgropa med arbeidet for å planleggja og realisera bygginga av den nye sjukeheimen.

    Både den seinare tidas utvikling, med nærmast permanente ventelister for både korttids- og langtidsopphald, og behovet for fleire omsorgsbustader, har forsterka behovet for at dette arbeidet må starta opp snarast - og med full tyngde. Dette er også våre lokalpolitikarar smerteleg klar over.
    Oppi denne til tider så utfordrande situasjonen, gjer dei tilsette ein unik og oppofrande innsats som me berre må beundra, for å hjelpa dei pleietrengjande. Men i framtida fortener både dei pleietrengjande og dei tilsette ein annan arbeidskvardag. Difor deler me også så absolutt synspunkta til dei som meiner det hastar.

    I lys både av dette, og at behovet for ein ny sjukeheim er spelt inn som eit heilt sentralt og viktig punkt i den vedtekne samarbeidsavtalen om Nye Stavanger, er det no god grunn til å setja fullt trykk på dette.

    Då er det også interessant at ordføraren har peika på den solide kompetansen som i dag ligg i administrasjonen i Stavanger kommune på dette, og som ein ifølgje den same ordførar Halleland har moglegheit for å dra vekslar på i form av å kjøpa tenester. Dette både før og etter ei full implementering av den nye storkommunen i 2020.

    For det er eit faktum at denne kompetansen på ingen måte er tilstrekkeleg innanfor veggane på rådhuset på Judaberg i dag, og at ein i alle høve er nøydd til å søkja konsultativ bistand utanfrå for å få tak i den nødvendige spisskompetansen til eit slikt stort og omfattande byggeprosjekt.

    Då er det etter vårt syn betryggande å dra vekslar på storebror i smartbyen Stavanger, som også sit i førarsetet når det gjeld utviklinga av nye og avanserte it-løysingar innan den viktige helse- og omsorgssektoren.

    Difor vil me tilrå at ein frå både den administrative og politiske leiinga i kommunen ikkje legg føringar i startfasen, men at ein stiller med blanke ark og gjerne også vender blikket oppover i bakkane og peikar på dei unike moglegheitene som ligg i å kunna utvikla eit heilt nytt og topp moderne sjukeheimskonsept på den gamle Rygjabø-tomta.
    Ei unik og verdifull tomt som Finnøy kommune no er blitt den stolte eigaren av.
    Her trur me det ligg store moglegheiter om dei «kloke hovuda» får bruka spisskompetansen sin rett. Då er det berre å sjå til den nyopna sjukeheimen i den austre bydelen, i Lervik på Storhaug.

     
    1
    Dette høres positivt. Akkurat som på SUS kan en se om et sted er fra ca. 70-tallet eller topp moderne. Lurer også på i samme anledning om noen tjenester kan bygges ut lokalt for de som eventuelt hadde vært friske nok til en omsorgsbolig på Sjernarøy. Jeg husker Sjernarøy Vekst diskuterte on det fantes egnede lokaler ca. rundt 2006/07, men den gang var det vanskelig å løse lokalt. Studentboliger og førstegangs leiligheter diskuterte vi også, men det finnes heldigvis mange som leier ut vanlige leiligheter her. - Av Tina Kristin Talgø 13.02 (20:43)

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 21.10.2018 - 23:23
    5A2BE6B9-0A2B-459E-B88C-E356BCEFBDC2.jpeg

    Historisk sus over øyafotballen på Kvitsøy

    Av Jon Asgaut Flesjå

    Dei har møtt kvarandre på fotballbanen i over 50 år,og i all hovudsak på det aller lågaste nivået i divisjonsfotballen.Lørdag ettermiddag,derimot,møttes Kvitsøy og Finnøy til noko så skjeldan som ein opprykkskamp .Det spesielle var også at begge dei to øyalaga var klare for opprykk til 5.divisjon alt før kampen starta.Då med Kvitsøy som puljevinnar.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 17.10.2018 - 22:27
    jubel-fil.jpg

    Tre poeng på overtid

    Finnøy venta lenge med å avgjera kampen mot Stavanger 2, men Jarle Sigbjørn Risanger Eike dundra inn sigersmålet i det 92. minuttet.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 17.10.2018 - 16:21
    freya mjølsnes.jpg

    Freya tok NM-gull

    Freya Njølsnes frå Finnøy tok gull i 15-årsklassen under NM i terrengløp.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 15.10.2018 - 20:46
    DSC_2823.JPG

    Språknøytral - men utan nytt kommunevåpen

    Nye Stavanger skal ikkje bruka 10 millionar på nytt kommunevåpen

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 13.10.2018 - 06:51
    1EA7909A-F66D-4026-A065-5D8D9BD69CBD.jpeg

    Ein tøff kamp mot klokka og regnet

    Det flotte været dei to siste dagane, har ført til at slåmaskinane og rundballpressa har gått døgnet rundt med håp om endeleg å kunne få berga ein 3.slått

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 11.10.2018 - 08:30
    nils petter flesjå.jpg

    Flesjå på sikker plass

    Nils Petter Flesjå er nummer 5 på Høgre si liste til kommunevalet i 2019.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 10.10.2018 - 11:06
    092a6794.jpg

    Treng bøsseberarar

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 09.10.2018 - 20:16
    259787ED-7C10-4FF7-93F6-A3CF22118A17.jpeg

    Tomatgartnarane får fritak for CO2-avgift

    Den viktige tomatnæringa i Finnøy og Rennesøy,og heile veksthusnæringa elles her i landet,får likevel fritak for CO2-avgifta .Det var i samband med utarbeidingen av sjølve innhaldet i regjeringsplattforma til den nye trepartiregjeringa at det blei kjent at det skulle innførast ei flat CO2 avgift.I regjeringa sitt budsjett som vart lagt fram ,derimot kjem det fram at næringa likevel skal få fritak ved bruk av naturgass og propangass som energikjelde.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 09.10.2018 - 15:35
    SAM_3393.JPG

    Treng bøsseberarar til TV-aksjonen

    Søndag 21 oktober går den årlege TV-aksjonen av stabelen.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 06.10.2018 - 13:35

    Miljøstasjonen held fram som tidlegare

    Frå 1.oktober tok den nye renovasjonsordninga for store delar av Finnøy kommune til.Det etter at kommunen har skrive samarbeidsavtale med Stavanger kommune og Renovasjon IKS.Dermed vert det også endeleg innført kjeldesortering.Miljøstasjonen på Judaberg held likevel fram som i dag.Dermed slepp ein også å køyra heilt til Forus for å bli kvitt større mengder avfall og spesialavfall.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 05.10.2018 - 14:23
    DF7C3FC3-B1CF-43D0-8BA6-5941B9654367.jpeg

    Halleland aktuell som KrF-topp i Stavanger

    Finnøy-ordførar Henrik Halleland,er ein av fire kandidatar som kjempar om å bli nominert på toppen av Stavanger KrF si liste til kommunevalet neste år.Dei tre andre er stavangerpolitikarane Inge Takle Mæstad,Anne Kristin Bruns og Marie Ljones Brekke.Det er Stavanger Aftenblad som skriv dette i dag.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 05.10.2018 - 13:44
    FF47ADAF-6706-4487-8155-6F4851C1F44D.jpeg

    Eit langt steg mot 5.divisjon

    Etter at den største utfordraren til 2.plassen i pulje 3 i 6.divisjon,bylaget Pol,tapte sin heimekamp mot Hundvåg 2 onsdag kveld,er Finnøy nærmast klar for spel i 5.divisjon frå neste fotballsesong.Når laget onsdag 17.okt tek imot SIF 2 heime på Leikvoll,skal mykje gå galt om det skal hindra Finnøy frå å rykka opp ein divisjon.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 04.10.2018 - 09:54
    F45D45E5-0F36-42BC-83D1-37967A3F54A7.jpeg

    Vikekleiva forsvinn-Hauskjevegen blir til Øvre Hauskje

    Arbeidsutvalget for Nye Stavanger vedtok i sitt møte i går å endre 19 gatenavn tilhøyrande i den nye storkommunen.Fem av desse ligg i Rennesøy og to i Finnøy.På Finnøy forsvinn kjente stadnamn som Hauskje og Vikekleiva ut av det offentlege vokabularet,ettersom noverande Hauskjevegen vert erstatta med Øvre Hauskjeveg og Vikekleiva med Utsynvegen.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.10.2018 - 14:59

    Eikenøtter tek livet av sau

    Saubonde Marit L.Sinnes på Ombo (bilete),har mista heile seks sauer den siste veka etter at dei har ete i seg eikenøtter .No åtvarar ho andre sauebønder til å vera spesielt oppmerksomme på denne faren å ta sine forholdsreglar.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.10.2018 - 09:50

    Finnøy går mot opprykk

    Seks år etter at Finnøy «frivillig» tok vegen ned i 7.divsjon,kan endelig målet om opprykk til 5. Divisjon igjen bli ein realitet frå neste år.Tysdag kveld sikra laget seg eit uhyre viktig bortepoeng i 2-2 kampen mot Vaulen 2.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 26.09.2018 - 08:41

    Storflaum på Finnøy

    Sjølv om storparten av dei enorme nedbørsmengdene som tidvis fell ned over øyane i Ryfylke relativt raskt finn vegen til sjøen,har dei veldige nedbørsmengdene i natt ført til oversvømmelsar på vegar og marker.På Coop Extra på Judaberg har store mengder vatn som kjem fossende nedover kaien,ført til at det har danna seg ein større innsjø framfor inngangspartiet til butikken.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 24.09.2018 - 22:47
    7A68FE2D-9A82-45E2-B289-A9131D2AED5F.jpeg

    Fersk brudgom blei matchvinnar i toppoppgjør

    Laurdag stod han brudgom og vart «smidd i Hymnens lenker».I kveld vart bryllupsfesten til Einar Nordbø krona med nok ein viktig siger,då han kriga inn seiersmålet i toppkampen mot Pol på Leikvoll.

    Finnøy befesta dermed sin 2. plass på tabellen med  sin 3-2 siger , og la også bylaget 4 poeng bak seg i kampen om direkte opprykk til 5.divisjon.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 22.09.2018 - 09:45
    F7542E4C-BE39-4C38-A258-395ED7DD4AFE.jpeg

    Ingen alvorlege skader etter stormen

    Etter det Øyposten kjenner til,er det ikkje kome inn meldingar om betydelige skader i vårt distrikt etter stormen som herja langs kysten av Rogaland og Agder fredag ettermiddag og kveld.Skjølv om fleire tre har velta,også i vårt område,har innbyggjarane på Nord -Jæren og i Ryfylke behalde straumen.Vinden har no minka betydeleg utover morgonkvisten,og det same har nedbørsintensiteteten.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 17.09.2018 - 19:22
    E4CB5E32-2025-44D9-AF28-090712D1ADC4.jpeg

    Nye Stavanger vil ha Finnøy med på «Hjem-jobb-hjem»

    Ei samrøystes Fellesnemd for Nye Stavanger,vedtok i dag at prosjektrådmannen for den nye storkommunen skulle gå i dialog med fylkeskommunen med tanke på at også Finnøy og Rennesøy skulle bli med i den såkalla «hjem-jobb-hjem» ordninga.Då i form av ei sterkt rabattert billettordning på hurtigbåt og event. supplerande tog og buss.Det var representanten Frode Myrhol frå FNP (folkeaksjonen nei til bompenger) som fremja forslaget.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 16.09.2018 - 00:03
    58518102-D2C0-42F8-999E-429A8AB4A9F8.jpeg

    Bil kjørte av vegen ved Hagatunet

    Politiet melder på Twitter i kveld at ein bil har kjørt utfor vegen ved Hagatunet i Judaberg sentrum.Det er betydeleg materielle skader på bilen,og det skal berre vera føraren som har vore i bilen då ulykka skjedde.Ambulansepersonell skal vera på staden.Føraren skal vera oppegåande,og såleis ikkje alvorleg skada.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.09.2018 - 15:00
    bustader sjernarøy.jpg

    «Treng ikkje fleire bustadfelt»

    Rådmann Karin Dokken Austvik ser ikkje behov for å setta av meir areal til bustader i Finnøy.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 11.09.2018 - 15:07
    Odd Bleie.jpg

    Bleie trekkjer seg ut av politikken

    Nåverande varaordførar i Finnøy,Odd Bleie frå Senterpartiet, har både pensjonert seg som bonde,og vil frå neste år også tre tilbake frå lokalpolitikken.-Eg har gitt beskjed til nominasjonskomiteen at det ikkje blir aktuelt å bli med vidare,seier Bleie til ØP-nett.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 10.09.2018 - 22:28
    EA167CD5-D219-4D72-9023-C85917F29E79.jpeg

    Storsiger til Finnøy

    Finnøy vann heile 5-0 over botnlaget Tasta 2 på Leikvoll i kveld.Dermed ligg laget enno på direkte opprykksplass,berre to poeng bak Kvitsøy, etter at øyalaget noko overraskande gjekk på ein skikkelig smell heime mot Pol i siste serierunde.

    » Les heile saka