Tips oss: | Send e-post

Publisert 29.01.2018

    Positiv, men stiller klare miljøkravkrav til oppdrettsnæringa

    Forskingsselskapet IRIS, har i løpet av 2017 gjennomført ei djuptgåande kartlegging om lokalbefolkninga i Finnøy sine haldningar til lakseoppdrett.

    Tekst og foto: Jon Asgaut Flesjå

    Resultatet av denne omfattande kartlegginga blei presentert for innbyggjarane i kommunestyresalen på biblioteket tysdag kveld.
    -Eg er overraska over at finnøybuen har ei så pragmatisk tilnærming til næringa, men under klare føresetnader om at den bør bli meir miljøvennleg, seier arbeidspakkeleiar Brita Gjerstad.

    Prosjektet som har fått namnet «Aqua Accept « er finansiert av Havbruksprogrammet til Norges forskningsråd, og har som mål å bidra til ei meir berekraftig havbruksnæring ved å tilby eit  avgjerdsstøtteverktøy til aktørar som administrerer kysten, står det å lesa i innleiinga av rapporten

    Det er fyrste gong her i landet, at det er gjennomført ei så omfattande kartlegging av innbyggjarane i ein oppdrettskommune sine haldningar til laksenæringa.
    Eit tverrsnitt av befolkninga på 100 innbyggjarar i kommunen har vore med i undersøkinga. Deira svar og konklusjonar har blitt samanlikna med ei landsdekkjande undersøking på 1000 personar, frå 2016. Ei liknande undersøking er også gjennomført i Irland. Det er Elisa Ravagnan som har vore prosjektleiar fort den omfattande spørjeundersøkinga.

    Overraskande for fleire

    Frå fleire av dei som i lang tid har gitt uttrykk for dei mange negative sidene ved det å ha oppdrettsanlegg tett innpå seg, og som er genuint oppteken av det maritime livet i fjordane rundt oss, var resultatet av den grundige undersøkinga noko overraskande.
     Dette ga også fleire uttrykk for i samtale med lokalavisa i etterkant av møte. I sjølve hovudkonklusjonen av undersøkinga går det nemleg fram at oppdrettsnæringa ikkje blir sett på som det største trugsmålet mot miljøet i havet, i eit meir overordna perspektiv. Her er det den pågåande debatten om forsøplinga av havet i form av plastavfall, industriavfall, og olje- og gassutvinninga som er dei største truslane. Det same er dei klimaendringane som me er vitne til.
    Fyrst som nummer fem på lista over trugsmåla kjem fiskeoppdrett. Det er i hovudsak på linje med det som den nasjonale undersøkinga også viste.
    Det som derimot heftar ved den lokale oppdrettnæringa, er i fyrste omgang dei lokale konsekvensane i form av forureining og at torsk og reker forsvinn frå fjordane våre. Noko som både lokale hobbyfiskarar og yrkesfiskarar også har påpeika i lang tid. Ein betydeleg miljøkonsekvens som dei meiner oppdrettsnæringa må ta hovudansvaret for.
    Dei spurde meiner også det er urettferdig at ein meir perifer og fjern eigar av oppdrettsanlegga haustar store gevinstar utan at lokalsamfunnet, som opplever ulempene, ikkje får noko igjen for det. Dei meiner at den lokale forankringa er viktig.
    Eit markant skilje hjå innbyggjarane i oppdrettskommunen Finnøy i høve til landet elles, er også at folk i Finnøy føretrekk lokale eigarar. Dei meiner at det er kommunane sjølve som bør vera hovudansvarleg for arealplanlegginga i kystsona.

    -Kort oppsummert, er det å seia at folk i Finnøy stort sett verkar å vera pragmatiske. Folk i Finnøy er ein befolkning prega av iverksetjarar, og sjølvberging har alltid vore viktig for øysamfunnet. Såleis går fiskeoppdretterane inn i ein lang tradisjon av sysselsetting og entreprenøriell framferd, står det å lesa i konklusjonen frå den omfattande rapporten.

    Ikkje miljøvennleg

    Sjølv om finnøybuen ser den store verdien som oppdrettsnæringa representerer både i Finnøy, og som den nest største eksportnæringa etter olje og gass her i landet, er det også tydeleg på dei er sterkt opptekne av dei miljømessige utfordringane som dei mange fiskeoppdretta rundt oss representerer.
    Difor peikar også eit betydeleg fleirtal på dei miljømessige forholda som både lakselusproblematikken, utslepp og forureining, genetisk påverkning frå rømt laks, og forbruket av villfisk til fôr og leppefisk til avlusing, representerer.
    Det er også i rapporten blitt peika på både dei krava og overvakingsmekanismane som landbruket blir utsett for, og mange meiner at det same burde gjelda også for oppdrettsnæringa. Kommunestyrerepresentant, Arne Madland, etterlyste mellom anna ei slik tilnærming til dette då ha kommenterte rapporten i etterkant.
    I undersøkinga gjekk det også fram at næringa hadde ein tydeleg tendens til å gå i forsvarsposisjon når dei blei konfrontert med dei miljømessige utfordringane, og berre viste til at «folk flest» ikkje kjenner til korleis dei eigentleg driv i det daglege.
    - Då er det tydeleg at her har næringa eit informasjons- og  kommunikasjonsproblem, påpeika forskar Brita Gjerstad i si orientering.
    -Trur du at befolkninga i Finnøy ville ha vore  meir positiv til den lokale oppdrettsnæringa, og den verdiskapinga den representerer, om dei då hadde hatt meir kunnskapar om kva pengebeløp kommunen no vil nyta godt av gjennom avkastninga frå det såkalla Havbruksfondet. Eit fond som i 2018 gjerne kan gi 10 nye millionar kroner inn i kommunekassa ?

    -I forhold til det som kom fram i konklusjonane frå rapporten, om at lite av verdiskapinga vart pløgd tilbake til lokalsamfunnet, ville ein nok truleg sett det, svarar Gjerstad. 

     

     

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 21.10.2018 - 23:23
    5A2BE6B9-0A2B-459E-B88C-E356BCEFBDC2.jpeg

    Historisk sus over øyafotballen på Kvitsøy

    Av Jon Asgaut Flesjå

    Dei har møtt kvarandre på fotballbanen i over 50 år,og i all hovudsak på det aller lågaste nivået i divisjonsfotballen.Lørdag ettermiddag,derimot,møttes Kvitsøy og Finnøy til noko så skjeldan som ein opprykkskamp .Det spesielle var også at begge dei to øyalaga var klare for opprykk til 5.divisjon alt før kampen starta.Då med Kvitsøy som puljevinnar.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 17.10.2018 - 22:27
    jubel-fil.jpg

    Tre poeng på overtid

    Finnøy venta lenge med å avgjera kampen mot Stavanger 2, men Jarle Sigbjørn Risanger Eike dundra inn sigersmålet i det 92. minuttet.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 17.10.2018 - 16:21
    freya mjølsnes.jpg

    Freya tok NM-gull

    Freya Njølsnes frå Finnøy tok gull i 15-årsklassen under NM i terrengløp.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 15.10.2018 - 20:46
    DSC_2823.JPG

    Språknøytral - men utan nytt kommunevåpen

    Nye Stavanger skal ikkje bruka 10 millionar på nytt kommunevåpen

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 13.10.2018 - 06:51
    1EA7909A-F66D-4026-A065-5D8D9BD69CBD.jpeg

    Ein tøff kamp mot klokka og regnet

    Det flotte været dei to siste dagane, har ført til at slåmaskinane og rundballpressa har gått døgnet rundt med håp om endeleg å kunne få berga ein 3.slått

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 11.10.2018 - 08:30
    nils petter flesjå.jpg

    Flesjå på sikker plass

    Nils Petter Flesjå er nummer 5 på Høgre si liste til kommunevalet i 2019.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 10.10.2018 - 11:06
    092a6794.jpg

    Treng bøsseberarar

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 09.10.2018 - 20:16
    259787ED-7C10-4FF7-93F6-A3CF22118A17.jpeg

    Tomatgartnarane får fritak for CO2-avgift

    Den viktige tomatnæringa i Finnøy og Rennesøy,og heile veksthusnæringa elles her i landet,får likevel fritak for CO2-avgifta .Det var i samband med utarbeidingen av sjølve innhaldet i regjeringsplattforma til den nye trepartiregjeringa at det blei kjent at det skulle innførast ei flat CO2 avgift.I regjeringa sitt budsjett som vart lagt fram ,derimot kjem det fram at næringa likevel skal få fritak ved bruk av naturgass og propangass som energikjelde.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 09.10.2018 - 15:35
    SAM_3393.JPG

    Treng bøsseberarar til TV-aksjonen

    Søndag 21 oktober går den årlege TV-aksjonen av stabelen.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 06.10.2018 - 13:35

    Miljøstasjonen held fram som tidlegare

    Frå 1.oktober tok den nye renovasjonsordninga for store delar av Finnøy kommune til.Det etter at kommunen har skrive samarbeidsavtale med Stavanger kommune og Renovasjon IKS.Dermed vert det også endeleg innført kjeldesortering.Miljøstasjonen på Judaberg held likevel fram som i dag.Dermed slepp ein også å køyra heilt til Forus for å bli kvitt større mengder avfall og spesialavfall.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 05.10.2018 - 14:23
    DF7C3FC3-B1CF-43D0-8BA6-5941B9654367.jpeg

    Halleland aktuell som KrF-topp i Stavanger

    Finnøy-ordførar Henrik Halleland,er ein av fire kandidatar som kjempar om å bli nominert på toppen av Stavanger KrF si liste til kommunevalet neste år.Dei tre andre er stavangerpolitikarane Inge Takle Mæstad,Anne Kristin Bruns og Marie Ljones Brekke.Det er Stavanger Aftenblad som skriv dette i dag.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 05.10.2018 - 13:44
    FF47ADAF-6706-4487-8155-6F4851C1F44D.jpeg

    Eit langt steg mot 5.divisjon

    Etter at den største utfordraren til 2.plassen i pulje 3 i 6.divisjon,bylaget Pol,tapte sin heimekamp mot Hundvåg 2 onsdag kveld,er Finnøy nærmast klar for spel i 5.divisjon frå neste fotballsesong.Når laget onsdag 17.okt tek imot SIF 2 heime på Leikvoll,skal mykje gå galt om det skal hindra Finnøy frå å rykka opp ein divisjon.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 04.10.2018 - 09:54
    F45D45E5-0F36-42BC-83D1-37967A3F54A7.jpeg

    Vikekleiva forsvinn-Hauskjevegen blir til Øvre Hauskje

    Arbeidsutvalget for Nye Stavanger vedtok i sitt møte i går å endre 19 gatenavn tilhøyrande i den nye storkommunen.Fem av desse ligg i Rennesøy og to i Finnøy.På Finnøy forsvinn kjente stadnamn som Hauskje og Vikekleiva ut av det offentlege vokabularet,ettersom noverande Hauskjevegen vert erstatta med Øvre Hauskjeveg og Vikekleiva med Utsynvegen.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.10.2018 - 14:59

    Eikenøtter tek livet av sau

    Saubonde Marit L.Sinnes på Ombo (bilete),har mista heile seks sauer den siste veka etter at dei har ete i seg eikenøtter .No åtvarar ho andre sauebønder til å vera spesielt oppmerksomme på denne faren å ta sine forholdsreglar.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.10.2018 - 09:50

    Finnøy går mot opprykk

    Seks år etter at Finnøy «frivillig» tok vegen ned i 7.divsjon,kan endelig målet om opprykk til 5. Divisjon igjen bli ein realitet frå neste år.Tysdag kveld sikra laget seg eit uhyre viktig bortepoeng i 2-2 kampen mot Vaulen 2.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 26.09.2018 - 08:41

    Storflaum på Finnøy

    Sjølv om storparten av dei enorme nedbørsmengdene som tidvis fell ned over øyane i Ryfylke relativt raskt finn vegen til sjøen,har dei veldige nedbørsmengdene i natt ført til oversvømmelsar på vegar og marker.På Coop Extra på Judaberg har store mengder vatn som kjem fossende nedover kaien,ført til at det har danna seg ein større innsjø framfor inngangspartiet til butikken.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 24.09.2018 - 22:47
    7A68FE2D-9A82-45E2-B289-A9131D2AED5F.jpeg

    Fersk brudgom blei matchvinnar i toppoppgjør

    Laurdag stod han brudgom og vart «smidd i Hymnens lenker».I kveld vart bryllupsfesten til Einar Nordbø krona med nok ein viktig siger,då han kriga inn seiersmålet i toppkampen mot Pol på Leikvoll.

    Finnøy befesta dermed sin 2. plass på tabellen med  sin 3-2 siger , og la også bylaget 4 poeng bak seg i kampen om direkte opprykk til 5.divisjon.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 22.09.2018 - 09:45
    F7542E4C-BE39-4C38-A258-395ED7DD4AFE.jpeg

    Ingen alvorlege skader etter stormen

    Etter det Øyposten kjenner til,er det ikkje kome inn meldingar om betydelige skader i vårt distrikt etter stormen som herja langs kysten av Rogaland og Agder fredag ettermiddag og kveld.Skjølv om fleire tre har velta,også i vårt område,har innbyggjarane på Nord -Jæren og i Ryfylke behalde straumen.Vinden har no minka betydeleg utover morgonkvisten,og det same har nedbørsintensiteteten.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 17.09.2018 - 19:22
    E4CB5E32-2025-44D9-AF28-090712D1ADC4.jpeg

    Nye Stavanger vil ha Finnøy med på «Hjem-jobb-hjem»

    Ei samrøystes Fellesnemd for Nye Stavanger,vedtok i dag at prosjektrådmannen for den nye storkommunen skulle gå i dialog med fylkeskommunen med tanke på at også Finnøy og Rennesøy skulle bli med i den såkalla «hjem-jobb-hjem» ordninga.Då i form av ei sterkt rabattert billettordning på hurtigbåt og event. supplerande tog og buss.Det var representanten Frode Myrhol frå FNP (folkeaksjonen nei til bompenger) som fremja forslaget.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 16.09.2018 - 00:03
    58518102-D2C0-42F8-999E-429A8AB4A9F8.jpeg

    Bil kjørte av vegen ved Hagatunet

    Politiet melder på Twitter i kveld at ein bil har kjørt utfor vegen ved Hagatunet i Judaberg sentrum.Det er betydeleg materielle skader på bilen,og det skal berre vera føraren som har vore i bilen då ulykka skjedde.Ambulansepersonell skal vera på staden.Føraren skal vera oppegåande,og såleis ikkje alvorleg skada.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.09.2018 - 15:00
    bustader sjernarøy.jpg

    «Treng ikkje fleire bustadfelt»

    Rådmann Karin Dokken Austvik ser ikkje behov for å setta av meir areal til bustader i Finnøy.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 11.09.2018 - 15:07
    Odd Bleie.jpg

    Bleie trekkjer seg ut av politikken

    Nåverande varaordførar i Finnøy,Odd Bleie frå Senterpartiet, har både pensjonert seg som bonde,og vil frå neste år også tre tilbake frå lokalpolitikken.-Eg har gitt beskjed til nominasjonskomiteen at det ikkje blir aktuelt å bli med vidare,seier Bleie til ØP-nett.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 10.09.2018 - 22:28
    EA167CD5-D219-4D72-9023-C85917F29E79.jpeg

    Storsiger til Finnøy

    Finnøy vann heile 5-0 over botnlaget Tasta 2 på Leikvoll i kveld.Dermed ligg laget enno på direkte opprykksplass,berre to poeng bak Kvitsøy, etter at øyalaget noko overraskande gjekk på ein skikkelig smell heime mot Pol i siste serierunde.

    » Les heile saka