Tips oss: | Send e-post

Publisert 25.01.2018

    Naturtalentet Nadine

    Med sminke kan du trylla fram den beste utgåva av deg sjølv. Eller motsett, du kan sminka fram ein forstua fot eller avskoren fing, eit blodig og skamfert ansikt, eller ein demon i solnedgang.


    Tekst: Oddbjørg M. Måland

    Med sminke går alt an, men ikkje for kven som helst.

    Beste elev
    25 år gamle Nadine Olsen frå Finnøy er profesjonell makeupartist og stylist. I 2016 gjekk ho ut av Art of Style & makeup, ein velrenommert makeup-skule i København, som beste elev på 14 år. På vitnemålet hennar var det berre seksarar, bortsett frå faget makeup-skriftleg, der fekk ho fem, men språket var dansk.
    - Eg har drive med sminking så lenge eg kan hugsa, og framleis er det det kjekkaste eg veit. Sminke er så mykje meir enn berre sminke, det er sjølvtillit, velvære og ein måte å visa kven du er. Med sminke kan du laga kva uttrykk du vil.

    Headhunta
    Og det er Nadine god på.
    To gonger har ho blitt headhunta og flydd til København den eine gongen, og Oslo den andre, for å pynta brurer. Transport og opphald dekka.
    - Korleis skjedde dette?
    - Eg veit faktisk ikkje anna enn at desse jentene hadde sett på nettsidene mine kva eg kan, og kva eg har gjort av brudepynting og styling. Eg kjente ingen av dei frå før, men det er ofte slik at nokon kjenner nokon som kjenner nokon... Det har vist seg å vera ein effektiv marknadsføringskanal.
    I tillegg har ho blitt henta inn til ulike øvingar for å sminka fram skadar som kan tenkast oppstå på ein skadestad.
    - Har du nok business til å kunne leva av yrket ditt?
    - Eg har berre drive eit snautt år, og reknar med det går minst eitt år til før det er realistisk å tru det. Eg brukar sosiale mediar aktivt, eg legg ut bilete, videosnuttar og bloggar i håp om at folk der ute skal skal leggja merke til meg.
    På videoane viser og forklarar Nadine kva ho gjer medan ho sminkar seg sjølv.

    Pass på
    For oss som ikkje er proffe på området er det fort gjort å gå i sminkefella. Det er mykje å halda rede på, og det er heller ikkje alltid lett å forstå seg på terminologien. Eit lite feilskjær, og du kan gå rett i baret.
    - Kva er ein vanleg sminkefeil mange gjer?
    - Ein feil som ofte går igjen er at mange bruker for mykje sminke når ein fyrst sminkar seg. Sminke handlar om å gjera det beste ut av seg sjølv, framheva det ein er nøgd med og skjula det ein ikkje likar så godt. Men det skal likevel sjå naturleg ut, difor er det viktig å bruka rett mengde produkt når ein sminkar seg, understreker Nadine. Ho trekk spesielt fram foundation som eit produkt mange overdriv med. Dette blir spesielt synleg viss kremen i tillegg har feil farge eller tone. Og viss det i tillegg er snakk om ein eldre hud, ja då kan det fort gå galt av sted. Det same gjeld med pudder dersom ein brukar for mykje. Det er viktig å vera klar over at pudder ikkje er eit produkt som er berekna for å dekka huda. Pudderet skal matta ned blanke parti, setta makeupen og gjer at sminka held lengre.
    Elles held Nadine fast ved at solkrem er altfor underkommunisert.
    - Me veit at solstrålar fører til tidlig aldring av huda, og i verste fall til hudkreft. Dei langsiktige fordelane av solkrem er vitskapleg bevist. Helst bør ein bruke solkrem kvar dag, uansett vêr.

    Gode råd
    - Kva er det beste sminkerådet du kan gi?
    - Det er alltid, og utan unntak, å syta for god hudpleie. Hald huda rein og fuktig, og bruk solkrem. Jo betre grunnlaget er, jo betre blir resultatet av sminka. Ikkje minst gjeld dette i forhold til å fjerna sminka. Fall aldri for freistinga til å gå til sengs utan å fjerna makeupen. For kvar gong du gjer det, eldest huda med to-tre dagar. Innarbeid deg gode hudpleierutinar morgon og kveld, det er den beste investeringa i huda. Etter kvart som ein blir eldre er det viktig å tilføra rikeleg med fuktighet. Elles vil eg anbefala å bruka ein lett foundation (såkalla bb cream), og heller bruka ein concealer på eventuelle problemområde. Eit tjukt lag med foundation verkar mot si hensikt, og får huda til å sjå eldre ut, og rynkene blir meir framtredane. Har ein i tillegg fine og velstelte bryn, er mykje gjort.
    Nyleg starta Nadine opp med ein salongdag i veka i Stavanger. Vil du vita meir kva ho kan tilby så sjekk: www.nadineolsen.com

     

    zipper face2.jpgsunset demon (bilde 2)2.jpgmoderne 80 talls look1.jpgimg_01032.jpg

     


    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 23.05.2018 - 13:34
    ungar1.JPG

    Fleire i Finnøy

    Fersk befolkningsstatistikk viser vekst i folketalet i Finnøy.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 17.05.2018 - 16:02
    SAM_2908.JPG

    Stor oppslutnad om 17. maifeiringa på Finnøy

    Bilkortesje rundt øya om morgonen, kransenedlegging ved bautaen over eidsvollmannen Asgaut Regelstad, og påfylgjande gudsteneste i Hesby Kyrkje etterpå. Det var hovedmenyen på 17.maiprogrammet på Finnøy i føremiddag. Kl.12.30 hadde nærmare 1000 menneske samla seg i fleibrukshallen, der 7. klasse og foreldre som 17. maikomite sytte for eit variert og flott program.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 17.05.2018 - 08:58
    8FF8438F-99A3-4D33-A01B-35801CC9CF5F.jpeg

    70 år i bilkortesje rundt Finnøy 17. Mai

    Like visst som den noko spesielle bilkortesjen rundt Finnøy som starten på 17.maifeiringa har funne stad i 70 år,like visst har superveteranen på pluss 90,Sigmund Landa,vore å finna i framsete.I dag var det yngstesonen Arne, som hadde teke plassen bak rattet i den gamle raude Ford stasjonsvogna hans.Men sjølvsagt måtte far Sigmund sitja ved sida av,å få med seg sin 70.bilkortesje rundt «perlå i Ryfylke»,på denne utruleg vakre 17. Mai morgonen.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 15.05.2018 - 14:51
    17mai1112.jpg

    17.mai-bilete

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 09.05.2018 - 13:59

    Liv laga for idrettslaget?

    Skal Sjernarøy Idrettslag bestå eller forgå?

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 09.05.2018 - 13:03

    Forsinka Øyposten

    Grunna ein feil hjå Posten på Forus kjem ikkje Øyposten ut til Finnøy i dag. Avisa vil vera på plass på Finnøy på fredag. Me beklagar dette og jobbar for at dette ikkje skal skje igjen. Last ned PDF utgåva i linken under.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 07.05.2018 - 23:24

    Ny solid heimesiger til Finnøy

    Finnøy vann ein fullt fortent siger då dei banka Hundvåg 2,3-0, i seriekampen på Leikvoll i kveld. Etter ein noko rufsete og lite velspela 1. omgnag, der Finnøy tok leiinga like før laga gjekk til pause, var det eit heilt nytt heimelag som kom på banen i 2.omgang. Dei to bytta trenar Flesjå-Johansen gjorde i pausen, slo også positivt ut. Og sigeren var ikkje eit mål for stor etter spel og sjansar, og slik kampen utarta seg. Dermed står Finnøy med 6 poeng etter tre spelte kampar. Ein jury kåra,Tomasz Cieslikowski, til dagens finnøyspelar.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 04.05.2018 - 15:28

    Målar ferdig Rennfast-no står Finnfast for tur

    Arbeidet med å måla tunnelveggane i Rennfast kvite vert ferdigstilt i løpet av komande helg, opplyser Statens vegvesen. Deretter vil det same målararbeidet bli gjennomført i Finnfast. Medan arbeidet i Finnfast vert gjennomført, vil det bli gjennomført kontinuerleg kolonnekøyring.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 04.05.2018 - 14:25
    Plastinnsamliong.JPG

    500 søppelsekker rivne bort

    Øyposten har vore ein sentral aktør som koordinator og marknadsføringskanal i den store ryddeaksjonen, som har funne stad rundt omkring i øykommunen vår dei siste dagane.I løpet av ettermiddagen i går vart også dei siste av totalt 500 plastsekker til aksjonen delt ut frå vårt kontor på Judaberg.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 04.05.2018 - 09:17
    Bendik.jpg

    Aktiv organisasjonsmann tek over leiarvervet i FIL

    Han var eigentleg tiltenkt rolla som aktivitetsleiar for breiddesatsinga i Finnøy Idrettslag. Men for å få den endelege styrekabalen til å gå opp på det ekstraordinere årsmøte torsdag kveld, rykka Bendik Hegglund opp til nyvalt leiar i laget, og får no avlastning som aktivitetsleiar. 

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.05.2018 - 14:15

    «Det er viktig å plukka plast»

    Elevane på Finnøy er ikkje i tvil om at det er viktig å bidra til eit reinare nærmiljø.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.05.2018 - 13:26

    Forsinka avis

    Grunna trøbbel med forsendelsen får ikkje alle abonnentar avisa i dag. Dei som ikkje har fått avisa kan lese den som pdf her. Me beklagar og kjem knallsterkt tilbake fyrstkommande onsdag.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.05.2018 - 12:11
    352-5e28838c-b91a-42c9-ae03-8786c08934c2_3.jpg

    Ryddedagen, send oss bileter

    Er du ute å plukker søppel? Send oss gjerne bileter på sms eller e-post 91745171 eller bladstova@oyposten.no

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.05.2018 - 10:18
    SAM_2863.JPG

    Årets første jordbær frå Finnøy

    I desse dagar kan den ferske jordbærbonden, Kåre Nordbø på Steinnesvåg,plukka dei første norske jordbæra og senda dei ut på marknaden. Det er i første omgang Meny-butikkane i Stavanger-området som vil kunne gleda seg over desse raude og søte delikatessane frå Finnøy. Øya som i 90 år har vore mest kjent som tomatøya, kan nå også skryta på seg med å vera først ute på marknaden med dei første jordbæra som er dyrka fram i veksthus. Ein produksjon som fleire tidlegare tomatprodusemntar på øya no har starta opp med.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 02.05.2018 - 16:46
    352-5e28838c-b91a-42c9-ae03-8786c08934c2_.jpg

    Stort engasjement rundt søppelhenting

    Sjernarøyane blir av mange kalla for heile Rogaland sin skjergard, men også her flyt plastavfall i strandsona og spesialavfallet blir dumpa på den sterkt trafikkerte ferjekaien på Helgøy.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 24.04.2018 - 16:01
    Landa.jpg

    Heider til finnøybønder

    Hilde Sandvin og Thore Landa har mottatt sølvtina.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 24.04.2018 - 10:40
    SAM_2800_4.jpg

    Jevetispe med hi og ungar oppdaga i Suldal

    Sauebønder frå både Halsnøy og Finnøy som årleg har sauene sine på fjellbeite i Røldal- og Suldals-heiane, har tidvis lidd store tap dei siste åra. Observasjonar tyder på at det har vore ein jerv på ferde i området.No har statens Naturoppsyn for fyrste gong i moderne tid oppdaga jerv som har ungekull på Veslandet. Og det til og med i Suldalsheiane

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 22.04.2018 - 10:08
    FA178198-583B-4CD8-9611-46018DF5F148.jpeg

    Vakker og fargesprakande kunst i «Galleri Perlemorstrand»

    Ramma rundt opninga av sommarutstillinga i «Galleri Perlemorstrand» i Ramsvig i idylliske Aubøsund denne flotte vårdagen i april kunne knapt nok vore betre,då sommarutstillinga «Ikon 2017» i regi av den kjente kunstnaren,80- åringen Kjell Pahr-Iversen, vart opna lørdag føremiddag.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 19.04.2018 - 08:36
    B27E2A8A-90E5-41C8-A078-A75BDB554C93.jpeg

    Finnøy på openheits-toppen

    Av:Jon Asgaut Flesjå

    Finnøy er den kommunen i Rogaland som scorar høgast på openheit og innsyn.Det kjem fram av ein rapport som det såkalla Offentlighetsutvalget har gjennomført med bakgrunn i krav om innsyn hjå alle landets kommunar.Også dei to andre kommunane i Nye Stavanger,Rennøy og Stavanger,scorar høgt.Finnøy ligg også heil oppe på ein 12.plass blandt alle landets kommunar.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 16.04.2018 - 13:23

    Meir kolonnekøyring i Rennfast

    Frå kl.22.00 i kveld,måndag 16.april og ei veke framover, vil det på ny bli gjennomført kolonnekøyring i både Mastrafjordtunnelen og Byfjordtunnelen.Årsaka er at tunnelveggen skal malast kvite,opplyser Statens Veivesen.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 14.04.2018 - 06:49
    4F043D82-274F-409E-B391-42FA57B13C14.jpeg

    Tre omkom i brann i campingvogn på Sokn

    Tekst og foto:Jon Asgaut Flesjå

    Tre personar er av politiet bekrefta omkomne etter brann i ei campingvogn på Sokn.Fleire campingvogner er også totalskada Rennesøy kommune har kalla ut kriseteam.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.04.2018 - 10:46

    Ordføraren var til stades

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 11.04.2018 - 23:09

    Kraftig auke i skatteinngangen

    Finnøy kommune kunne gleda seg over ein auke i skatteinngangen for mars 2018 i forhold til mars 2017 på heile 3,4 millionar kroner.Det er ein auke på 27,4 prosent.Mars månad er ein viktig månad med omsyn til innbetaling av både forskotsskatt og arbeidsgivaravgift.For dei tre første månadane i 2018 er det også ein betydeleg auke i forhold til same periode i 2017 på 16,7 %.

    » Les heile saka