Tips oss: | Send e-post

Publisert 12.01.2018

    Har budd 100 år i same huset

    Han blei født heime i stova si i Hesby den 8. januar 1918 medan 1. verdskrig enno rasa ute i den store verda. Der blei han buande i 100 år.

    Tekst: Jon Asgaut Flesjå

    Det er med stor respekt og audmjukheit me møter jubilanten som på jubileumsdagen, måndag i denne veka, vart heidra både med helsing frå sjølvaste kong Harald, og med blomar og fine ord frå ordførar Halleland.
    Ein heidersmann, som me har hatt gleda av å vera sambygding til, i meir enn halvparten av denne tida.
    -Med unntak av eit to månader langt opphald i Canada og USA i 1985, då eg besøkte brørne mine Paul og Claus Hesby, som utvandra til Amerika, har eg budd i stova mi i Hesby i alle desse 100 åra, smiler den jubilanten.

    Lokal heidersmann
    Me møter den rolege og sindige bonden på Steinnesvåg i godstolen på rommet sitt på Finnøy sjukeheim. Der bad han sjølv sine nærmaste om få opphalda seg frå i september i fjor, og er tilfreds med godt stell pleie her. Sjølv om synet er i ferd med å bli dårleg, er minnet og humøret framleis til stades hjå den uvanleg klartenkte hundreåringen. Ei lokalhistorisk "oppslagsbok" som me ved fleire høve har hatt den store gleda av å få lytta til.
    Men også i dag, kjem historiane og forteljingane kjapt, og om det skulle stoppa litt opp innimellom kjem eldstesonen Oddmund oss raskt til unnsetning og komplimenterer forteljingane til far sin.
    For det har alltid vore ein stor tryggleik å ha både eldstesonen og svigerdottera buande så nær seg heime i Hesby.
    Om han naturleg nok ikkje hugsar noko frå slutten av 1. verdskrig, så treng ein ikkje gå lenger fram i tida etter dette, enn til det året han byrja på skulen, i 1925.
    -Eg hugsar at me var svært mange som byrja på Hesby skule den gong, og berre på dei tre fyrste årskulla var me 18 elevar til saman, minnest Johan.
    Sjølv hadde Johan svært kort veg ned til skulen i Steinnesvåg frå heimplassen like ovanfor Hesbysvingen.
    Det var heller ikkje til hinder når læraren Anna Hviding, som straff, sendte han heim etter penneskaftet som han ein gong gløymde. Og som om ikkje det var nok ,så måtte eg i tillegg sitja igjen etter skuletid. Ja, truleg har eg norgesrekord i å måtte sitja igjen på skulen, ler han Johan og fortel at dette skjedde tre tysdagar etter kvarandre det fyrste skuleåret.
    -I dei to andre tilfella måtte eg sitja igjen fordi eg ikkje kunne det eine talet i den gotiske talemåten, som me også måtte læra den gong.
    Det tredje tilfellet kan eg skjøna meir av grunnen for at eg måtte sitja igjen, held Johan fram. Det var eg og han Johan Tønnesen som kom i ugreie om noko på veg til skulen, og difor kom for seint. Også den tysdagen måtte eg sitja igjen, seier Johan, som om han på ein måte ynskjer å unnskylda seg i dag, -93 år etterpå. For om han Johan kanskje kom i ugreie med ein liten gutepjokk den gong, har det vore lite ugreie med den joviale og rolege sambygdingen, faren, bestefaren, oldefaren og tippoldefaren i alle åra etterpå. På sundag var mange av desse samla i nabolaget på Flesjå for å heidra jubilanten.

    Hovudet fullt av glasbitar
    Som bonde og hardt arbeidande arbeidskar gjennom eit langt liv, skulle ein gjerne tru at dette hadde sett sitt preg i ein sterkt aldrande kropp.
    -Eg har vore heldig og vore frisk og rask i heile mitt liv, fortel Johan. Berre ein gong var eg sjuk i ein lengre periode, og det var då eg hadde byrja på skulen og skulle vaksinerast mot koppar. Den vaksinen tolte eg ikkje, smiler Johan, og hugsar at han vart liggjande sjuk i lang tid på grunn av dette.
    Og som den arbeidsmannen han var, så gjekk Johan også rundt omkring på gardane og hjelpte til. Det var kanskje etter ei hending i samband med legging av drivhusglas i nabolaget, hjå Andreas Hesby, at helsa til han Johan blei mest utfordra i alle desse åra. For med ein stor stabel med glas i hendene framfor seg, fire meter opp i lufta frå drivhustaket, stupte Johan i bakken. Heile stabelen med glas vart knust mot hovudet, og glasbitar bora seg inn i topplokket til Johan. Ingen doktor var å oppdriva på øya, og det å sy saman det heile var nyttelaust. Difor blei det til at eg vart lappa saman seint om kvelden på kontoret til gamle doktor Oldeide, med god hjelp av kona, minnest Johan.
    -Men eg har sikkert framleis glasbitar oppe i skallen, smiler Johan mot oss, og fortel at han i årtider etterpå har lirka enkelte små glasbitar ut ettersom dei har plaga han.
    Eg høyrer også til dei som klarte å gjera noko så skjeldan som å kollidera med den einaste bilen som var å oppdriva på Finnøy den gong; nemleg bilen til gamle doktor Straume. Det var i ein smal sving rundt ein gamal jordkjellar i «Vettåbakken» ned frå Vestbø mot kyrkja. Eg var ute på sykkel og møtte bilen midt i denne svingen. Eg fauk som ein prosjektil over bilen og landa mest uskadd bak på andre sida. Det til doktor Straume sin store skrekk. Då eg ville prøva å reisa meg etterpå, brukte han all si makt for å prøva å halda meg nede fordi han trudde eg var alvorleg skada og ikkje måtte reisa meg. Og sykkelen, ja, den såg ut som eit trekkspel der framhjulet hadde plassert seg ved sida av bakhjulet, minnest Johan.

    Sentral i avlsarbeidet
    Trass i at garden til Johan var blant dei minste i hesbybygda, var han ein driftig bonde og flink med dyra. Bøndene i og på Finnøy har alltid vore langt framme i avlsarbeidet, og Johan husa i mange år både den lokale avlsoksen og avlshingsten, som dei andre bøndene i avlslaget også var medeigar i. Ei tid køyrde Johan rundt på Finnøy med avlshingsten sin, og då var det berre for bøndene å stilla langs vegkanten med hoppa, klar til å føra avlen vidare. Skulle gromkua bedekkast, derimot, måtte bonden sjølv ta turen ned til avlsoksen hjå han Johan i Hesby. Den var som regel uvanleg stor og olm, og hadde ofte ring i nasen.
    Under krigen tente Johan gode pengar hjå tyskarane som hadde base på Søre Vignes. Der fekk både han og andre bønder i bygda oppdrag med hesten og kjerra si, og køyrde sand og sement til arbeidet med ulike bunkersar og kaianlegg som dei bygde opp.
    - Eg hugsar at eg kunne få opp mot 28 kr dagen, som var mykje pengar den gong.
    Dei fyrste vintrane under krigen var det mykje snø og vintrane var lange. Ja, så ille kunne det vera, at Johan huskar då tyskarane køyrde seg fast med hest og kjerre nede i svingen i Steinnesvåg, og at han måtte vera med å hjelpa dei opp igjen.
    Johan fortel vidare at i det daglege gardsarbeidet, sjølv lenge etter at traktoren gjorde sitt inntog på gardane på Finnøy, brukte han hesten mykje i det daglege arbeidet. Johan var kjent for å dyrka både kålrot, sukkerroer og fôrmarg-kål til dyra sine for å få nest mogeleg godt fôr til dyra sine frå den vesle garden sin. Til dette arbeidet gjekk det mykje fortare å bruka hesten, meiner Johan. Lenge etter at sonen Oddmund tok over gardsdrifta, og Johan pensjonerte seg, var han å sjå i arbeid med hest og kjerre og andre reiskapar på slep. Både om det var i arbeid heime på garden rundt driftsbygningane og i åkeren på Hesby, eller om han tok ein lengre tur på skoging oppe i Hesbyheia.
    -Eg trur også at han far og onkel dreiv slik på at dei sleit ut både spade og spett, då dei ein vinter snudde og nydyrka ein større teig i skråningane like ovanfor Bøen heime i Hesby, skyt sonen Oddmund inn

    Nest eldst
    Eit ordtak seier at det er berre hardt arbeid som er grunnlag for suksess og det å lukkast i livet.
    Han Johan har i alle i høve lukkast med å få eit uvanleg langt og rikt liv. Det legg han då heller ikkje skjul på.
    Men trass i eit langt liv med mykje hardt fysisk arbeid, så er det ein uvanleg sprek og klartenkt 100-åring som reiser seg frå godstolen framfor oss på sjukeheimen denne tysdag ettermiddagen. Det hundre og ein dag etter at han vart født inn i stova i Hesby på Steinnesvåg.
    Viss du fekk leva hundre år om igjen, ville du då ha levd det same livet?
    - Sannsynleg ville eg det, men på ein ny måte. Mest fordi eg har fått lov til å gjera det eg har hatt mest lyst til, nemleg å vera bonde, avsluttar den 100 år gamle lokale «bondehøvdingen» som no er Finnøy sin nest eldste innbyggjar etter Laura Mjølsnes på 101.

     

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 19.04.2018 - 08:36
    639A9380-63A7-470D-AF86-A95F6C857167.jpeg

    Finnøy på openheits-toppen

    Av:Jon Asgaut Flesjå

    Finnøy er den kommunen i Rogaland som scorar høgast på openheit og innsyn.Det kjem fram av ein rapport som det såkalla Offentlighetsutvalget har gjennomført med bakgrunn i krav om innsyn hjå alle landets kommunar.Også dei to andre kommunane i Nye Stavanger,Rennøy og Stavanger,scorar høgt.Finnøy ligg også heil oppe på ein 12.plass blandt alle landets kommunar.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 16.04.2018 - 13:23

    Meir kolonnekøyring i Rennfast

    Frå kl.22.00 i kveld,måndag 16.april og ei veke framover, vil det på ny bli gjennomført kolonnekøyring i både Mastrafjordtunnelen og Byfjordtunnelen.Årsaka er at tunnelveggen skal malast kvite,opplyser Statens Veivesen.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 16.04.2018 - 08:37
    SAM_2608.JPG

    Feil om Teigen-dugnad

    Til alle dykk som stilte opp og var klar for å gjera dugnad i i det flotte vårværet i Teigen no på lørdag, og som etterlyste både han Arild og alt som skulle organiserast; Det var Øyposten som diverre ved ein feil hadde annonsert at det var "fyrstkomande lørdag" og ikkje "neste lørdag" 21.april, som er den rette dagen for dette veldig positive tiltaket.Øyposten beklagar feilen på det sterkaste. 

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 14.04.2018 - 06:49
    4F043D82-274F-409E-B391-42FA57B13C14.jpeg

    Tre omkom i brann i campingvogn på Sokn

    Tekst og foto:Jon Asgaut Flesjå

    Tre personar er av politiet bekrefta omkomne etter brann i ei campingvogn på Sokn.Fleire campingvogner er også totalskada Rennesøy kommune har kalla ut kriseteam.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.04.2018 - 10:46

    Ordføraren var til stades

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 11.04.2018 - 23:09

    Kraftig auke i skatteinngangen

    Finnøy kommune kunne gleda seg over ein auke i skatteinngangen for mars 2018 i forhold til mars 2017 på heile 3,4 millionar kroner.Det er ein auke på 27,4 prosent.Mars månad er ein viktig månad med omsyn til innbetaling av både forskotsskatt og arbeidsgivaravgift.For dei tre første månadane i 2018 er det også ein betydeleg auke i forhold til same periode i 2017 på 16,7 %.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 11.04.2018 - 12:49
    142D2092-316E-4EFF-8E3D-FD0CCA45EF2E.jpeg

    Einigheit om nye ferjeruter i Finnøy

    Alle dei ulike grendelaga på dei ikkje landfaste øyane i kommunen har blitt einige om eit felles ruteframlegg i sitt forslag til høyring som Fylkeskommunen har invitert til.Det er venta at formannskapet vil slutta seg til dette framlegget i sitt møte førstkomande fredag.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 06.04.2018 - 14:08

    Vårvask av Rennfast

    Pressemelding frå Statens Vegvesen

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 29.03.2018 - 10:00
    AAA18790-EA6C-48D0-9D97-B247F4D3364B.jpeg

    Nye Stavanger vil ha HEILE Ombo

    Fellesnemda for Nye Stavanger har i sin høyringsuttale samrøystes gått inn for at heile øya Ombo,som i dag er delt mellom Hjelmeland og Finnøy,blir ein del av Nye Stavanger.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 28.03.2018 - 09:45
    brann hønsehus1.jpg

    Over 20 000 kyllingar brann inne

    Heile kyllinghuset,til bonde Noralf Reilstad på Kindingstad, brann ned til grunnen i dag tidleg.Den berre to dagar gamle kyllingbesetninga på meir enn 20000 kyllingar strauk med.

    Etter det Øyposten kunne konstatere ,var der ingen av dei nærliggjande bygningane på det store gardstunet som var tydeleg skada.Det ligg ei eldre løe og to bustadhus i det same tunet.

    Dette kyllinghuset er eit av dei sist bygde i sitt slag på Finnøy,og det finns eit liknande og like stort hønehus hjå den nærmaste naboen på Kindingstad,berre eit par hundre meter unna.

    Brannårsaka er enno ukjent.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 25.03.2018 - 14:15
    3428E29E-91AE-473A-8BCF-EF687A33E6D1.jpeg

    Påskedrama i Vignesneset

    Dei kom frå Karmøy i nord til langt nedover Jæren i sør ,då søndagskulen på Finnøy i dag,palmesundag, igjen inviterte til påskevandring på Nordre Vignes på Steinnesvåg.Og som under rekorddeltakinga i fjor,møtte også over 700 opp for å få med seg påskebodskapen ved inngangen til den stille veka.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 21.03.2018 - 18:52
    COLOURBOX2488607.jpg

    Vil testa ut førarlaus pendlarbuss/bil

    Han er varaordførar i Rennesøy og nestleiar i fellesnemda for Nye Stavanger, og såleis ein sentral person i arbeidet med å etablera den nye storkommunen.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 20.03.2018 - 23:03
    B548D918-EE5B-4495-A317-A38D201F89BD_original1.jpeg

    Fekk blå kjempehummar i krabbeteina

    Han vart ein smule overraska,finnøybuen Olav Landa,då han tysdag føremiddag drog ut frå Judaberg kai for å trekkja opp krabbeteinene sine.Det var lite krabbe å finna nede i det kalde sjøvatnet,men i ei av teinene kunne han dra opp ein stor og blålilla hummar med digre klør.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 16.03.2018 - 15:21

    Rekordoverskot i FIL- millionen på bok

    Finnøy Idrettslag kan leggja fram ein årsrekneskap som viser eit overskot på heile 326 000kr,når dei førstkomande tysdag inviterer til årsmøte i laget.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 16.03.2018 - 07:04
    IMG_1451 (002)2.jpg

    Hus brann ned ved Eide på Fogn

    Eit bustadhus er totalskada og har brunne heilt ned til grunnen ved Eide på Fogn.Det lokale brannvesenet skal ha rykka ut,men huset stod ikkje til å redda. Alle folka som budde i huset kom seg ut i tide,og det er såleis berre materielle skader.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 15.03.2018 - 18:21

    Snart klar for oppstart gang og sykkelsti

    Førstkomande tirsdag skal Forvaltningsstyret gjera sitt endelege vedtak for detaljreguleringa av den nye og mykje etterlengta gang og sykkelstien frå rundkøyringa på Kvame og inn til Vikekleiva på Judaberg.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 08.03.2018 - 12:17
    SAM_26891.JPG

    Avgiftssjokk kan ta kvelartak på tomatnæringa

    I den nyleg vedtekne regjeringserklæring for samarbeidspartia Høgre, Venstre og FrP, heiter det at det skal innførast ei flat CO2 avgift på bruken av naturgass. Det gjeld også dei to næringane skipsfart og veksthus, som fram til no har hatt fritak.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 08.03.2018 - 12:05
    Hex Box.png

    Ynskjer å prøva ut avansert oppdrettsteknologi i Finnøy

    Oppdrettsselskapet Bremnes Seashore AS, søkjer om ny oppdrettslokalitet for å utvikla framtidas oppdrettsteknologi på Lyregrunnen vest for Nord Talgje i Sjernarøy.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 07.03.2018 - 22:23

    Opplagsnedgang for Øyposten

    Lokalavisa Øyposten måtte registrere ein opplagsnedgang på 1,7% i 2017.Samla sett gjekk alle lokalavisene tilbake med beskjedne 0,23%.Av avisene i Rogaland var det berre Sandnesposten og Stavanger Aftenblad som kunne notere seg ein framgang.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 05.03.2018 - 10:30

    Rogaland SP går for Øyfast

    Eit samrøystes Rogaland Senterparti, vedtok på sitt fylkesårsmøte i helga å gå inn for å realisera eit Øyfast i Finnøy.-Dette er eit stort steg framover i det svært viktige arbeidet med å gjera øyane i Finnøy landfast, jublar ein svært tilfreds nestleiar i Finnøy Senterparti,og leiar for arbeidsgruppa med Øyfast, Ludvig Skretting. 

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 01.03.2018 - 15:06
    169679C0-5359-469C-A6CC-CA5841AB0857.jpeg

    Trygg is

    Kontrollørar frå Finnøy kommune var i går,onsdag, på befaring på både Hauskevatnet og Lauvsnesvatnet for å måle istykkelsen.På kommunen si Facebook-side står det å lesa at isen er meir en 13 cm tjukk,og såleis erklært trygg å ferdast på.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 28.02.2018 - 22:19
    6A4E3392-446D-41C8-A1BA-1F01C1964F21.jpeg

    Det nye skyttarhuset reiser seg

    I dag vart betongelementa reist til det som skal bli det nye skyttarhuset/miniatyrskytebanen og tilhøyrande klubblokale på Kvame.

    Eit prosjekt som er kostnadsrekna til vel 6 millionar kroner når det står ferdig.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 26.02.2018 - 09:46
    illustrasjon_sisteside.jpg

    Bioenergi Finnøy kan berga Stavanger sine klimamål

    Stavanger kommune har som mål å redusera utsleppa av klimagassar med 50 prosent innan 2030. Bruken av naturgass frå Lyse til oppvarming av veksthusa i  tomatnæringa i Finnøy og Rennesøy, derimot, vil føra til at utsleppa aukar med heile 34 prosent når desse kommunane blir ein del av storkommunen i 2020.

    » Les heile saka