Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 23.11.2017

    Meir enn berre ein butikk

    Helsekost for sjela, sjukdomsførebygging, sosial møteplass, folkehelse og eldreomsorg er nokre av orda som blir brukt om butikken på Fogn. Takka vera glasstova på utsida kan butikken smykka seg med desse fine titlane.

    Tekst og foto: Oddbjørg M. Måland

     

    - Eigentleg burde dei tilsette gå med kvite frakkar. Det meinte avdøde Per Fuggeli då han for eit par år sidan uttala seg om viktig lokalbutikken er i små samfunn.

     

    Betyr mykje

    Då Joker Fogn igjenopna dørene sommaren 2015, var det mange som hadde store forventingar til den nye butikken. Etter ein periode utan butikk, var det sjølvsagt ekstra stas då nye eigarar opna butikken med brask og bram. Endåtil NRK- fjernsynet var til stades og overvar den høgtidsame opninga, og dåverande varaordførar Jon Olav Runestad klypte snora og sa nokre velvalde ord.

    I dag, to år seinare, er det fasinerande å sjå korleis butikken har utvikla seg til å bli så mykje meir enn berre å selja daglegvarer. Kva for rolle butikken har teke i det vesle lokalsamfunnet, og kor mykje den betyr for så mange.

    Og for nokon betyr butikken endå meir enn for andre.

     

    Faste tider

    Butikken har alltid vore ein sosial institusjon på øya, men det var spesielt etter at glasstova kom på plass, at dette blei veldig tydeleg. Glasstova er eit av mange namn på den innebygde delen av uteområdet der det står stolar og bord. Kvar dag møtes folk i glasstova til kaffi og drøs, og dei mest trufaste stikk gjerne innom to gonger til dagen. Ikkje sjeldan syt butikken for å setta fram noko å bita i til kaffien. Eller så er det faktisk slik at folk på øya er flinke å levera kaker som er igjen etter festlegheiter i helga. På dagtid er det fyrst og fremst pensjonistar som møtes. Fleire kjem til faste tider og har faste plassar. På ettermiddagstid er det større avvik, men dei fleste kjem likevel med ferja frå Judaberg klokka 1600, og køyrer innom for å ta med seg ting til middagen heim.

     

    Dobbelt skift

    - Hadde det ikkje vore for denne møteplassen, trur eg det ville blitt vanskeleg å bu her, seier Joar Hole, som er ein av dei mest trufaste i glasstova. Han kjem kvar dag klokka 0945, så sant han er heime. Ikkje sjeldan tek han ”ettermiddagsskiftet” også.

    - Kva snakkar du med dei same folka om kvar dag?

    - Det kan vera kva som helst. Ting som rører seg i samfunnet, store og små hendingar, politikk, gamledagar, ja, alt som opptek oss, fortel Hole.

    - Eg brukar å stikka innom glasstova når eg likevel skal på butikken. Det gir liksom ein liten ekstra dimensjon til handlinga. Før i tida trefte med sambygdingar på ferjene eller på kaia i samband med postutleveringa, men det er jo ikkje slik lenger, seier Bothild Vågane. Ho og mannen hadde såkalla brevhus i Eidsvåg heilt fram til ”Erfjord” slutta å gå i 1974. Kvar morgon og ettermiddag distribuerte dei posten til og frå Hovda og Eide.

    - Me kan ikkje ha det betre på Fogn, spesielt ikkje etter at me fekk glasstova. Heime kan ein fort kjenna på einsemda, difor er det kjekt å vita at det alltid er ein plass å treffa folk, fortel Bothild.

     

    Beste eldreomsorg

    - Kor viktig er glasstova i ein større samanheng?

     

    - Det er mange måtar å nærma seg dette på: Utviklingsteoretisk, psykologisk, kommunikasjonsteoretisk og sosialantropologisk. Men me skal bort frå fine namn og teoriar, og ned på jorda. Det går an å starta med dei grunnleggande behova som må stettast dersom me skal leva og trivast. Mat, drikke, søvn og varme tek me som sjølvsagt, men dei grunnleggande psykologiske behova tenker me mindre på. Dei er behova for å vera trygg, ha kontakt med andre, visa igjen, ha ei rolle, få til noko, læra noko. Og her kjem "flokken" til Per Fuggeli inn, så vel som møteplassen på Fogn. 

    Lettast å skjøna er kontaktbehovet som gir ei  god fellesskapskjensle for dei som møtes på butikken. Felleskapskjensla  blir halde oppe av uforpliktande prat, felles interesser, felles opplevingar frå fortida, felles syn på det som hender ( griseværet, politikarane, ferjetidene, dei lokale rykta). Det er tre faktorar som aukar denne fellesskapskjensla, og det er felles verdiar, felles "truslar"  eller utfordringar som ein ser rundt seg, at ein er skuffa, irritert eller sint på dei same tinga, og at møteplassen er trygg. Det er ingen der som stiller farlege krav til kvarandre, ein møter aldri det ukjente og farlege, alle veit på førehand at dei vil takla situasjonen. Gruppa tildeler kvarandre rollar, stadfester kvarandre, det skiftast på å ta ordet og å få syna kva dei står for. Dei er likemenn/kvinner og ingen kjenner seg som tapar i gruppa. Behovet for å læra noko nytt, forstå, få innsikt i, er og ein faktor. Fleire skjønar meir enn ein, og kan læra av kvarandre . 

    - Kan ein sjå dette i samanheng med helse og sjukdomsførebygging?

    - Alle desse tinga som eg nettopp nemnte er motiverande for å møtast på butikken, og  skaper trivsel og meinig. Innsikta vår på dette område er aukande. I dag veit me at positive opplevingar, latter, humør, meining, ting å sjå fram til, verkar på immunforsvaret  vårt; noko som i neste omgang kan vera ein faktor i motstandskrafta vår både for infeksjonssjukdommar og kreft. Og kanskje endå meir kan førebygga psykiske lidingar. Her har kommunen den billegaste av all eldreomsorg og burde støtta opp om den på minste førespurnad, avsluttar doktor Eivind Vestbø.

     

    Vinn-vinn situasjon

    Øyvind Sandanger er ein av fire eigarar i butikken.

    - Dette har utvikla seg akkurat slik me håpa på. At butikken har blitt ein slik populær og uformell møteplass, er me svært godt nøgd med. Det betyr mykje for oss som jobbar i butikken, for dei som brukar glasstova, ja, for heile øya. Her møtes unge og eldre på nøytral grunn til uformell drøs. Folk som gjerne ikkje omgås elles, treffes over ein kopp kaffi. Kvar og ein som brukar stova, bidreg positivt til det gode miljøet og gjer at me på sikt kanskje til og med kan utvida tilbodet, seier Sandanger.

     

    Helsekost for sjela

    Igjen siterer med Fugelli, han har gått langt i å karakterisera småkjøpmennene som sosialmedisinarar. Høyr berre:

    ” Dersom et menneske skal ha en god helse, er det ikke nok å stelle godt med kroppen sin. Du må også stelle godt med sjela og med deg selv som sosial skapning. I dag har vi lett for å bli veldig opptatt av Omega 3 og antioksidanter. Jeg mener at vi må bli mer opptatt av sjelens helse og den sosiale helsa. I det perspektivet mener jeg at kjøpmennene i de små butikkene må karakteriseres som helsearbeidere. De små butikkene er viktige for folkehelsa fordi dei leverer trygghet, nærhet og tilhøyrighet. Nærbutikken er som helsekost for sjela.”

     

     

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 15.11.2018 - 09:39
    ombo8.jpg

    Må venta på grenseavklaring

    Kommunal- og moderniseringsdepartementet har det ikkje travelt med å avklara kommunegrensa på Ombo.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.11.2018 - 11:39
    DSC_7162.JPG

    Traktor velta og stoppa trafikken

    Ein traktor har velta og sperrar nå trafikken på FV 519 ved Judaberg. Ambulanse og politi er på staden. Trafikken i Vikekleiva stoppa opp etter ulykka, der traktoren og tilhengaren framleis  ligg i vegbana. Politiet opplys at føraran av traktoren ikkje skal vera skada. Det er ennå ikkje klart når vegen kan vera open for vanleg trafikk igjen.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 09.11.2018 - 11:54

    Islendingane hjelper ryfylkebøndene ut av fôrkrisa

    I dag startar lossingen av heile 2700 runballar med grovfôr på Island med adresse Ladstein på Finnøy.Derfrå skal rundballane distribuerast rundt omkring til bønder over heile Ryfylke.Alle bønder  som manglar grovfor til husdyra sine etter den uvanlege kraftige tørkesommaren.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 09.11.2018 - 10:03

    Positive signal vedrørande hurtigbåtkutt

    Ein delegasjon ordførarar frå Ryfylke,saman med fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal,var i går i møte med kommunal-og moderniseringsminister Monica Mæland i Oslo vedrørande dei kraftige kutta i dei økonomiske overføringane til drifta av hurtigbåtar i Ryfylke og Rogaland.Dette kan få alvorlege følgjer for rutetilbodet i heile Ryfylke,med eit betydelige svekka rutetilbod.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 08.11.2018 - 08:27
    DSC_5643.JPG

    Låg tillit til dei tilsette i kommunane

    Politikarane i Finnøy og Rennesøy har låg tillit til dei tilsette i kommunen. Det syner ei stor spørjeundersøking.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 07.11.2018 - 12:26

    Kolumbus positive til Buss-taxi i Rennesøy

    Etter eit møte med kommuneleiinga i forrige veke vedrørande moglegheita for å få innført ei ordning med Buss-taxi i Rennesøy, ser varaordføarar Jostein Eiane ,Kr.F, positivt på at ein kan få dette til alt frå skulestart neste år.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 06.11.2018 - 14:51

    Vil ha lysløype i Teigen

    Til ein netto kostnad på langt under ein million kroner,etter fratrekk for moms og spelemidlar, vil ein kunne få til ei 1,2 kilometer lang lysløype i det populære turområdet i Teigen på Finnøy.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 06.11.2018 - 13:21

    Hurtigbåtrutene til høgste politiske nivå

    Ordførarane i Ryfylke kjempar for å behalda rutetilbodet med hurtigbåtar.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 05.11.2018 - 23:09

    Sunnanå Hausken toppar Senterparti-lista

    Rennesøyordførar Dagny Sunnanaa Hausken er av nominasjonskomiteen for Stavanger Sp nominert på toppen av lista til kommunevalet neste haust.Sjernarøybuen Birger Hetland er kumulert som nummer tre på lista.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.11.2018 - 22:52

    Finnøy,Kvitsøy og Mastra kan møtast i tøffe nabooppgjør

    Det kan bryggja opp til nye og spandande fotballkampar mellom øyanaboane Kvitsøy,Mastra i Rennesøy og Finnøy i 5.divisjon i fotballsesongen 2019.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 31.10.2018 - 21:59

    Halleland innstilt som KrF sin ordførarkandidat i Stavanger.

    Ordførar i Finnøy,Henrik Halleland,er av nominasjonskomiteen i Stavanger KrF innstilt som partiet sin førstekandidat til kommunevalet neste år.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 31.10.2018 - 11:54
    DSC_0348.JPG

    Vil ha Erik som trenar

    Trenar Erik Flesjå-Johansen har lyst til å fortsetta utviklinga av A-laget til Finnøy IL. Det vil klubben også.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 27.10.2018 - 16:37

    Over 20 sauer forgifta av eikenøtter

    Meir enn 20 sauer, berre i Finnøy, har fram til no daua etter at dei har ete i seg eikenøtter som ligg på bakken.Det er sjølve garvesyra i eikenøtter som er giftig.Akkurat i sommar har det vore ekstra mykje eikenøtter på trea, og etter stormar og mykje sterk vind dei siste vekene,ligg det store mengder eikenøtter på bakken.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 24.10.2018 - 19:34

    Influensavaksinen er klar

    Finnøy kommune opplyser at den mykje omtala influensavaksinen no er komen,og at folk kan bestilla time på legekontoret for å bli vaksinert.Kostnaden for å bli vaksinert er sett til Kr.220,-.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 24.10.2018 - 15:08

    Gir grønt lys for «Open sjukeheim» til 116 millionar

    -Den nye sjukeheimen skal vera ein open plass og sjølve limet mellom alle generasjonar finnøybuar midt i Judaberg sentrum. For dette er sentrumsutvikling i ordets rette betydning.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 24.10.2018 - 09:02
    siri_crop.jpg

    Ut med mobbing - inn med gleding!

    Siri Abrahamsen meiner me må snakka meir om sjølvkjensle og meistring.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 21.10.2018 - 23:23
    5A2BE6B9-0A2B-459E-B88C-E356BCEFBDC2.jpeg

    Historisk sus over øyafotballen på Kvitsøy

    Av Jon Asgaut Flesjå

    Dei har møtt kvarandre på fotballbanen i over 50 år,og i all hovudsak på det aller lågaste nivået i divisjonsfotballen.Lørdag ettermiddag,derimot,møttes Kvitsøy og Finnøy til noko så skjeldan som ein opprykkskamp .Det spesielle var også at begge dei to øyalaga var klare for opprykk til 5.divisjon alt før kampen starta.Då med Kvitsøy som puljevinnar.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 17.10.2018 - 22:27
    jubel-fil.jpg

    Tre poeng på overtid

    Finnøy venta lenge med å avgjera kampen mot Stavanger 2, men Jarle Sigbjørn Risanger Eike dundra inn sigersmålet i det 92. minuttet.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 17.10.2018 - 16:21
    freya mjølsnes.jpg

    Freya tok NM-gull

    Freya Njølsnes frå Finnøy tok gull i 15-årsklassen under NM i terrengløp.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 15.10.2018 - 20:46
    DSC_2823.JPG

    Språknøytral - men utan nytt kommunevåpen

    Nye Stavanger skal ikkje bruka 10 millionar på nytt kommunevåpen

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 13.10.2018 - 06:51
    1EA7909A-F66D-4026-A065-5D8D9BD69CBD.jpeg

    Ein tøff kamp mot klokka og regnet

    Det flotte været dei to siste dagane, har ført til at slåmaskinane og rundballpressa har gått døgnet rundt med håp om endeleg å kunne få berga ein 3.slått

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 11.10.2018 - 08:30
    nils petter flesjå.jpg

    Flesjå på sikker plass

    Nils Petter Flesjå er nummer 5 på Høgre si liste til kommunevalet i 2019.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 10.10.2018 - 11:06
    092a6794.jpg

    Treng bøsseberarar

    » Les heile saka