Tips oss: | Send e-post

Næring

Print
Publisert 23.11.2017

    Fiskeriministeren opnar Rogaland Havbrukspark

    No har Ryfylke Rensefisk flytta inn i flotte nye lokalar på Talgje, og i løpet av desember kjem sjølvaste fiskeriministeren for å offisielt opna lokalane. No satsar eigarane på at ennå fleire bedrifter følg på etter kvart.

    Tekst og foto: Håkon Jonassen Norheim

    Frostrøyken står ut av munnen på dei Petter Aanonsen, Per Øyvind Johansen og Kjersti Beate Rosland. Dei to førstnemnte har nett vore i forvaltningsstyret i kommunen for å presentera planar og visjonar rundt den nye Rogaland havbrukspark.

    Me er på Talgje, og der er det nye flotte bygget reist. Inn har Ryfylke Rensefisk flytta, og etter kvart skal dei også flytte inn kråkebolleproduksjon. Ein stor delikatesse, som blir stadig meir populært i Europa.

    Me står i den store produksjonshallen til Ryfylke Rensefisk med styreleiar Johansen, dagleg leiar Aanonsen og driftssjef Rosland. Her har dei seks store tankar som skal brukast til produksjon av reinsefisken rognkjeks, og vatnet sildrar godt gjennom tankane.

    - Vår visjon er å laga ein akvapark. Ein stad kor små og mellomstore bedrifter kan komma og utvikla sine eigne ting innanfor akvakultur. Me har sett av eit område, som me har fått delfinansiert av kommunane Stavanger og Finnøy, som gjer at bedrifter som ynskjer å flytta inn, vil få ei rimeleg billig leige, seier styreleiar Per Øyvind Johansen.

    Skapar arbeidsplasser

    Visjonen til leiarane av havbruksparken er også å skapa masse arbeidsplassar på Talgje. Til no har det flytta inn seks fast tilsette i Ryfylke Rensefisk, ein lærling, to teknikarar som er tilsett på prosjekt, og så har dei leigt inn nokon til å vaksinera fiskane frå avløysarlaget.

    -  Meininga er å setta av celler eller lukka rom til kvart prosjekt, så får dei lagt inn vatn og litt teknisk assistanse som gjer at folk kan etablera og utvikla sine havbruksprosjekt her. Me har store lokalar i både første og andre etasje, og gjennom det og vår verksemd vil me laga ei slags havbruksklynge i Rogaland. Eit senter for akvakultur, seier han.

    Etter kvart som fleire bedrifter kjem inn, håper dei å bli i alle fall 12-15 stykk som jobbar fast på Talgje.

    - Nett no sit me å diskuterer kor mange kontorplassar me treng. Me håpar på å kunne laga det om til ein stor arbeidsplass på sikt, og ynskjer å gjera det interessant for eksperimentering frå blant anna doktorgradsstudentar, seier Johansen.

    Per no har dei åtte mål til rådigheit på Talgje, men ifylgje dagleg leiar Aanonsen skal dei i gong med ein stor reguleringsplan, som etter kvart skal gjera at dei blir større.

    - Me håpar at reguleringsplanen skal gi oss om lag 100 mål. Me vil då ha områder på land som vart sprengt ut, og massen kan me bruka til å fylla ut i sjøen. Dette er for å tiltrekka oss ennå større aktørar.

    - Stor interesse

    - Opplev de at interessa og engasjementet er stor?

    - Det er ein veldig stor interesse for landbasert oppdrett. Landfast er det og alt. Men me må bygge stein for stein, seier Aanonsen.

    - Me har halde litt igjen. No må me få dette bygget opp og stå først, og få alt i orden her. Me har så vidt fått støtta frå Stavanger kommune, fortset Johansen.

    Ein av dei kanskje mest spennande planane til Rogland havbrukspark, er eit aktivitetssenter for havbruk. Dei er nemleg på idéstadiet med planar om å få til eit senter med visningskonsesjon for laks.

    - Dette er for å visa kva me held på med, og kor viktig lakseproduksjonen er både i Ryfylke og for nasjonen. Då vil me ha ein del på land og ein del med oppdrett. I samband med dette håper me på å kunne bygga opp eit stort senter, kor det også kunne ha vore ein havbruksrestaurant, seier han.

    Sandberg til Talgje

    Rogaland Havbrukspark er ikkje opna ennå, men i løpet av kort tid vil det skje. Då på ein storslått måte. Fiskeriminister Per Sandberg kjem nemleg for å utføra den offisielle opninga av Rogaland Havbrukspark innan kort tid.

    - Det betyr ganske mykje for oss. Me opplev på generell basis at det er stor politisk interesse for dette. Havbruk skal trass alt vera framtida for Norge. I og rundt havet. Eg er overtydd om at dette er ei viktig næring for framtida, og det er eit stort potensial. For vår del er det viktig å kunne visa til noko her ute, slik som med Rognkjeksen. Det blir noko anna enn å berre snakka om det, seier Johansen til Øyposten.

    Kor enn me går verkar det til å vera eit topp moderane anlegg. I eit av romma er det eig gigantisk reinseanlegg, som reinsar vatnet frå uheldige bakteriar. Aanonsen meiner dette er ei heilt ny verd for Ryfylke Rensefisk som blei etablert på Judaberg i 2012.

    - Produksjonsmengda er ti gonger høgare enn på Judaberg. Her har me 1500 kubikk vatn å produsera på, og kan produsera 150-200 tonn, noko som tilseier 3-4 millionar rognkjeks i året. Me opplev at etterspurnaden er veldig stor, seier Aanonsen.

    I ein av tankane er det 45.000 rimeleg små rognkjeks, som har om lag sju veker igjen før dei er fullt utvaksen. Ein rognkjeks bruker mellom sju og ni månadar på å bli fullt utvaksen frå den klekker til den blir levert.

    - Rognkjeksen blei tidlegare brukt til mat, hovudsakleg blei rogna utnytta, denne blei til «limfjordkaviar». Det dei fann ut, var at denne fisken et lus. Og laksebransjen trengte eit alternativ for å få ned lusebestanden. Tidlegare vart det brukt stinter/leppefisk, men det er ein naturleg bestand, det er kome restriksjonar på dette fisket. Desse her som vart klekka i fangenskap har eit stort potensiale for vidare avlsarbeid, og me kan få fram en mykje meir effektiv fisk på denne måten, seier Kjersti Beate Rosland.

    I løpet av kort tid flyttar også kråkebolleproduksjon inn, og det er også planar om at Norwegian Lobster Farm skal flytta inn etter kvart. Det bognar av havbruk på Talgje for tida. 

     

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 16.02.2018 - 10:02

    Vil stå hardt på for Nedstrand-ferje

    I framlegget til ny rutestruktur for Finnøysambandet,er Nedstrand teke heilt ut i det eine alternativet,medan tilbodet i alternativ to er redusert i forhold til i dag.Det likar tysværordførar Sigmund Lier svært dårleg.No lovar han ein tøff kamp for å behalda ei pendlarferje Nedstrand-Foldøy ,og eit ferje sørover mot Nesheim som er betre enn det som ligg i forslaget frå fylkessamferdselssjefen. 

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 15.02.2018 - 15:19

    Solid skatteinngang, men marginalt overskot i kommunen

    Eit betydelig meirforbruk både i skule og innan helse-og omsorgsektoren,fører til at den foreløpige rekneskapen berre syner eit marginalt overskot på vel 800 000 kroner.Det trass i ein auke i skatteinngangen på 8,8 prosent i forhold til 2016.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 13.02.2018 - 09:54
    Ferger og hesby skule 0015.JPG

    Nytt ruteforslag-Jelsa ute av Finnøysambandet

    Samferdselssjefen i Rogaland har kome med forslag til ny rutestruktur i Finnøysambandet. I begge dei to alternativa som er lagt fram er Jelsa teken ut, medan særleg Sjernarøyane kjem betydeleleg styrka ut i begge dei to alternativa.I alternativ to er også Fisterøyane,Bokn-Byre-Helgøy, tekne med, og skal betjenast med ei tredje kombiferje mot fastlandet på Judaberg tre dagar i veka.    

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 09.02.2018 - 18:38
    5181B49B-8587-4CF5-A986-E50E51D72176.jpeg

    Skifjell fekk takk frå ordføraren

    Etter at den formelle delen av eit rekordraskt kommunestyremøte var over, onsdag kveld,overrekte ordførar Henrik Halleland blomster til tidlegare leiar i Ryfylke Næringshage,Heidi Skfjell.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 08.02.2018 - 10:00

    Bekymra over kostnadene i Øyfast

    Under møte i samferdselsutvalget i fylket i onsdag,ville Per Kåre Foss (Kr.F) vite om status for Øyfast i lys av kostnadene med det nye anbodet på ferjedrifta i Finnøysambandet som no er under behandling.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 07.02.2018 - 19:05

    Tekne for besittelse av narkotika

    Ein mann på 26 og ei kvinne på 19 er tekne av politiet på Finnøy for å vera i besittelse av narkotika.Det er politiet som melder dette på Twitter i ettermiddag .

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 07.02.2018 - 16:58
    ogmund finnson.jpg

    Nasjonalskatt frå adelsslekta til Ogmund Finnsson?

    Det nye norske nasjonalmuseet som er under bygging, vil ha dei einaste norske kongeregaliene frå middelalderen heim frå Danmark til opninga i 2020.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 05.02.2018 - 23:31

    Vil ha kommunalt engasjement for ungdomsklubb

    Kommunestyrerepresentant Heidi Skifjell ,(pol.uavh.), har til kommunestyremøte onsdag,meldt inn ein interpellasjon til ordføraren.Der bed ho Halleland gjera greie for korleis kommunen ser på det,etter hennar meining,svært så positive private initiativet til ein mekkeklubb/fritidsklubb for tenåringar på Ladstein.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 01.02.2018 - 13:14
    2A50390E-D7E7-4B4D-A582-C265E964DBD8.jpeg

    Gro Skartveit melder seg ut av Venstre

    Tidlegare ordførar Gro Skartveit (til venstre

    på bilete),har i dag gitt beskjed om at ho melder seg ut av Venstre.Ho vil dermed også trekkja seg som gruppeleiar for det største opposisjonspartiet i kommunestyret.Nyleg blei det også kjent at partifelle Heidi Skifjell (t.h.på bilete) også melder se ut.

    -Eg meiner partiet har teke ei retning som går på akkord med det som er sjølve grunnlaget for at eg har engasjert meg i partiet,seier Skartveit til Øyposten.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 01.02.2018 - 10:12

    LEIAR: Det hastar med ny sjukeheim

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 29.01.2018 - 08:49
    Foto Eilert Munch Lund.jpg

    Positiv, men stiller klare miljøkravkrav til oppdrettsnæringa

    Forskingsselskapet IRIS, har i løpet av 2017 gjennomført ei djuptgåande kartlegging om lokalbefolkninga i Finnøy sine haldningar til lakseoppdrett.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 29.01.2018 - 08:47
    Konsert-1.JPG

    Samla seksti songarar

    Dirigent-legenden Per Oddvar Hildre fekk fram dei klåraste tonane som tenkjast kan i eit tre-dagars  korseminar på Finnøy fleirbrukshall denne helga.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 25.01.2018 - 13:46
    IMG_00011.jpg

    Naturtalentet Nadine

    Med sminke kan du trylla fram den beste utgåva av deg sjølv. Eller motsett, du kan sminka fram ein forstua fot eller avskoren fing, eit blodig og skamfert ansikt, eller ein demon i solnedgang.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 23.01.2018 - 15:27
    SAM_2579.JPG

    Startar opp mekkeklubb for ungdom

    I siste nummer av avisa laga me ein reportasje om, Ove Bergsaker på Ladstein, som inviterte tenåringsungdom heim til seg.I den nyrenoverte løa si inviterer han ungdom til å møtast på uformelt grunnlag,og til mekking i den flotte verkstaden.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 22.01.2018 - 13:51
    IMG_1979.JPG

    Babyboom i Finnøy

    Medan fødselstalet er på eit lågmål elles i landet, har det aldri blitt født fleire born i Finnøy kommune enn i år 2017.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.01.2018 - 11:21
    20180107_135157_001 (002).jpg

    Har budd 100 år i same huset

    Han blei født heime i stova si i Hesby den 8. januar 1918 medan 1. verdskrig enno rasa ute i den store verda. Der blei han buande i 100 år.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 10.01.2018 - 22:19

    Solid skatteinngang i 2017

    Den akkumulerte skatteinngangen i kommunen,var ved utgangen av 2017 på 93,8 millionar kroner. Det er ein auke på heile 8,85% i forhold til tilsvarande periode i 2016. Skatteinngangen er også 2,3 millionar over det vedtekne budsjett for 2017.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 10.01.2018 - 08:35

    Nord Hidle fejekai opnar igjen i morgon

    Ferjekaien på Nord Hidle vil i morgon tidleg igjen bli teken i bruk til ordinær ferjetrafikk. Kaien har vore stengt for anløp av fejene i Finnøysambandet sidan måndag.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 06.01.2018 - 09:19

    Venterommet på kaien er igjen opna

    Venterommet ved trafikkterminalen på Judaberg, som har vore stengt i lengre tid på grunn av hærverk på begge toaletta,er igjen opna for dei reisande.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.01.2018 - 17:48
    edd.jpg

    Rutinert avismann tek over som redaktør

    Nordlendingen,Edd Meby, er tilsett som ny redaktør i Øyposten. Meby har sidan september 2016 vore tilsett som redaktør og dagleg leiar i avisa Ryfylke i Sauda. Frå 1. april finn du han i Øyposten.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 28.12.2017 - 23:23

    Nye ferjeruter med utvida seglingstid

    Dei nye fergerutene i Finnøysambandet,med verknad frå 01.01.18-31.12.19,er no klare.Dei viser at seglingtida er utvida både i det søre og nordre sambandet.Sambandet vil framleis ha endestasjon på Jelsa med to daglege anløp.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 21.12.2017 - 14:46

    Posten sendte posten til Flekkefjord

    Posten vert forsinka til dei fleste øyane i Finnøy grunna feilsending.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 19.12.2017 - 22:59

    Fekk mest millionen frå Havbruksfondet

    Finnøy kommune,som den største havbrukskommunen i Rogaland,fekk utbetalt i overkant av 917000kr frå det nyoppretta havbruksfondet som nyleg blei fordelt mellom kommunar som har gitt konsesjonar for lakseoppdrett.

    I 2017 er fondet på vel 60 millionar kroner,der 7.5 millionar vert fordelt til fylkeskommunar som har oppdrettsanlegg innanfor sine  fylkesgrenser.

    » Les heile saka