Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 16.11.2017

    Pilt-Ola-prisen til Jon Arne Helgøy

    Hurtigbåtkaptein, bonde og fruktdyrkar Jon Arne Helgøy er tidenes første vinnar av Pilt-Ola-prisen.

    (Foto: Kristofer Ryde, Negative)

    Tekst: Håkon Jonassen Norheim

    - Nei, no får eg den eine prisen etter den andre. Eg må nok utvida peisen for å få plass, seier ein lattermild Jon Arne Helgøy til Øyposten.

    Han er tidenes første vinnar av Pilt-Ola-prisen. Ein pris som blir gitt til ein person som har bidrege til positiv utvikling i og for Ryfylke. Ifylgje statuttane skal vinnaren ha sett spor etter seg ved å tenkja nytt, og ved å våga å ta risiko. Den som vinn prisen skal også ha lukkast, og ha ei god forteljing i Pilt-Ola si and.

    - Eg trudde det var kandidatar som skulle ha denne før meg, men når dei har bestemt seg for det så må ein berre vera audmjuk og takksam for det. Men eg meiner heilt ærleg at det nok var andre som stod føre meg i køen, seier Helgøy, som også blei tildelt Reiselivsprisen for 2016 tidlegare i år.

    Desse kriteria oppfyller Jon Arne Helgøy til punkt og prikke, og juryleiar Eirik Moe hadde følgjande å seia om den energiske reiaren då han delte ut prisen.

    - Som Pilt-Ola sjølv viser du raushet i møte med alle, og du er ein dyktig historieforteljar og formidlar. Med di framferd er du slik eit framifrå døme på dette viktige aspektet i all næringsutvikling og -verksemd. Du har vist, gjennom ord og gjerning, at du er målbevisst, jovial, dyktig, morosam, prinsippfast, uredd, folkeleg og omtenksam.

    - Du er ikkje redd for å ta dei svake sitt parti, og vik ikkje frå deira side. Med ditt blide vesen, dei humoristiske kommentarane og din smittande latter, har du blitt ein mann av folket. Med di framferd og di verksemd bidreg du til det gode liv i Ryfylke. Ja, vinnaren av den første Pilt-Ola-prisen har allereie blitt ein levande legende, sa Eirik Moe.

    Pilt-Ola til Finnmark

    Ole Olsen Sangesand eller Pilt-Ola (1779-1858) var husmannsson, kom frå Lysefjorden og blei viktig i bygginga av nasjonen Norge etter 1814. Heile livet arbeidde han med eitt mål for auga: Å skaffa folk betre levekår og nok mat. Ideane hans var både nyskapande og dristige, og saman med ein utradisjonell livsstil, skapa Ole Olsen Sangesand seg eit namn som blei kjent over heile landet. Han var ein eventyrar, og er blant anna kjent for å ha gått til Finnmark til fots for å kjøpa tamrein som han tok med seg tilbake til Ryfylke.

    - Eg har lese om Pilt-Ola. Det var ein skoyar det då. Han skulle jo til Amerika, og enda opp med å snu i Beringsstredet for det ikkje var bru over. Han var ein eventyrar. Eg føler ikkje eg har vore nokon eventyrar. Men eg har hatt ein hobby som har vore ein jobb, kor eg har gleda meg over å treffa nye folk. At du skal få store prisar for det, må eg berre bukka å takka for, seier Helgøy.

    - Kva vil du seia til Viking-spelarane, som aldri har vunne noko som helst?

    - He-he, det har eg ingen formeining om. Eg har ikkje gjort mykje, seier han.

    - Kvifor trur du at nettopp du får denne prisen?

    - Nei, det må vel ha med dette skysslivet å gjera. Du veit, eg er den siste originalen i Ryfylke. Men det er positivt. Ein original er ein som er seg sjølv. Men eg følar meg litt einsam etter kvart, for det er ikkje mange likesinna, flirar han.

    60-meteren på Fister

    - Du får mange lovord av juryen. Korleis tykkjer kona di det er å vera gift med ein slik prisfangar?

    - Ho kommenterer det ikkje i det heile teke. Ho veit ho er gift med ein halvgalen mann, og det kunne fort gått andre vegen. Det må vera positivt at eg får prisar for å vera halvgalen, seier Helgøy.

    - Kva er neste pris me skal skriva om at du har fått no?

    - Nei, eg trur det held no. Det måtte vore om eg fekk diplom på 60-meteren på 17.mai på Fister. Elles ser eg ikkje føre meg noko anna, seier han.

    - Så om dei lagar ein klasse for hurtigbåtskipprar over 60 år, så har du god sjans?

    - Ja, då trur eg at eg ville hatt sjans til å nå opp, flirar han.

    - Føler du at du har noko til felles med denne Pilt-Ola?

    - Nei, eigentleg ikkje. Han gjekk til Russland og tilbake, og det lengste eg går er til postkassen, seier han.

    Det er mykje lått og løye med Jon Arne Helgøy, men det er ingen tvil om at han er ein seriøs og dyktig figur i Ryfylke. Etter at han starta med hurtigbåtdrift med Helgøy Skyssbåt i 1980, har mykje lagt seg til rette for han, skal ein tru hovudpersonen sjølv.

    - Det har alltid vore greitt å satsa eit steg om gongen, og teke nokre sjansar. Helgøy Skyssbåt har aldri vore størst i verda, og skal aldri bli det heller. Men det har vore utruleg kjekt å utvida og satsa litt alle desse åra, seier Helgøy, før han avsluttar:

    - Men det var prisverdig at du ringte.

    Det var Ryfylkealliansen som delte ut prisen, etter vurdering av ein jury som bestod av Eirik Moe, Tora-Liv Thorsen, Audun Rake, Leif Arild Steen og Geir Ims. Prisen er eit kunstverk av Svein Magnus Håvarstein. Det er ein bronsefigur av vandraren Pilt-Ola.

     

     

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.12.2017 - 23:04

    Hanasand ferjekai gjenoppstår

    Hanasand ferjekai,som heilt fram til opninga av Finnfast i oktober 2009,var endestasjon i ferjesambandet Fogn-Finnøy-Talgje-Hanasand,gjenoppstår no i ny drakt.I dag vart ferjene som går Mortavika-Arsvågen klarert for bruk og som reservekai i dette sambandet.Då som anløpskai i samband med stenging av kaien i Mortavika.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.12.2017 - 12:34
    IMG_0906 (004).jpg

    Fskeriminister Sandberg opna havbruksparken

    Det låg eit historisk sus over den vesle øya Talgje, lengst sør i Finnøy kommune, då sjølvaste fiskeriminister Per Sandberg stod for den offisielle opninga av havbruksparken. Ein havbrukspark som er bygd opp på den tidlegare ferjekaien lengst nord på øya. Både ordførar Christine Sagen Helgø i Stavanger, og kollega Henrik Halleland i Finnøy (bilete),var også med å kasta glans over opningsseansen i føremiddag.- 

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 05.12.2017 - 15:30

    19 vil ha jobb som rådmann i Finnøy

    I alt 19 personar har søkt på den utlyste rådmannstillinga i Finnøy. 13 menn og 6 kvinner. Fire av desse har trekt seg. Her er søkarlista. 

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 23.11.2017 - 12:09
    10 Butikken på Fogn.jpg

    Meir enn berre ein butikk

    Helsekost for sjela, sjukdomsførebygging, sosial møteplass, folkehelse og eldreomsorg er nokre av orda som blir brukt om butikken på Fogn. Takka vera glasstova på utsida kan butikken smykka seg med desse fine titlane.

    » Les heile saka

    Næring

    Publisert 23.11.2017 - 10:41
    DSC_02741.JPG

    Fiskeriministeren opnar Rogaland Havbrukspark

    No har Ryfylke Rensefisk flytta inn i flotte nye lokalar på Talgje, og i løpet av desember kjem sjølvaste fiskeriministeren for å offisielt opna lokalane. No satsar eigarane på at ennå fleire bedrifter følg på etter kvart.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 17.11.2017 - 14:17
    Fiber Fogn.JPG

    Endeleg fiber i heile Finnøy

    I løpet av november skal, ifylgje rådmannen, kommunen signera avtalen med utbyggjarane. Det betyr at fiberen, for langt dei fleste i kommunen, er innan rekkevidde

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 20.11.2017 - 22:46

    Føler seg totalt oversett i fiberutbygginga

    -Eg lurer jo på om Fisterøyane framleis er ein del av Finnøy kommune,seier ei oppglødd byredame,Gunhild Flatebø,på ironisk vis.For medan det står å lesa i lokalavisa at heile kommunen no skal få tilgong til fiber for internettilkobling,har ikkje innbyggjarane på Bokn-Byre og Måløy høyrt eit einaste pip om at noko slikt var under planlegging elles rundt omkring på dei ikkje landfaste øyane i kommunen.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 16.11.2017 - 18:42
    Jon Arne 11.jpg

    Pilt-Ola-prisen til Jon Arne Helgøy

    Hurtigbåtkaptein, bonde og fruktdyrkar Jon Arne Helgøy er tidenes første vinnar av Pilt-Ola-prisen.

    (Foto: Kristofer Ryde, Negative)

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 14.11.2017 - 12:55

    (Nesten) slutt på salt i Finnøy

    Ei rekke fylkesvegar med låg trafikk blir frå denne vinteren ikkje salta.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 13.11.2017 - 14:29
    Bålkos.JPG

    Kan bli kåra til Norges finaste julatre

    Anna Mæland frå Finnøy til NM-finale i juletre.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.11.2017 - 17:18

    Stopp i flyktningmottaket

    Etter å ha busett over 50 flyktningar dei tre siste åra,vil det ikkje vera behov for at Finnøy skal ta imot nokon flyktningar i 2018.Det er IMDI som melder dette i eit brev som er sendt kommunen.Bakgrunnen er at det på nasjonalt plan er eit langt mindre behov for å busetja flyktningar i kommunane i dag,enn kva tilfellet har vore dei siste åra.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 10.11.2017 - 15:13
    SAM_24823.JPG

    Lokale bønder søkjer erstatning

    Den våte og uvanleg regnfulle sommaren har ført til store avlingstap hjå husdyrbøndene i Finnøy. Ein rask oversikt viser, at meir enn 20 husdyrbønder i kommunen har søkt styresmaktene om erstatning for avlingstap på grunn av uvanleg små avlingar med dårleg fôrkvalitet

    » Les heile saka

    Samferdsle

    Publisert 09.11.2017 - 10:43
    12 Ny båt Rødne 3D.jpg

    På matsafari i Ryfylke?

    L. Rødne & Sønner, Ryfylkekokken og Ryfylke Livsgnist går saman om eit samarbeid for å visa fram mat, kultur og natur i Ryfylke. – Utruleg spanande, seier Tor Øyvind Skeiseid i Ryfylke Livsgnist. Sjå videopresentasjon av den nye båten nederst i saka

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 09.11.2017 - 11:12

    Brann i Rygerdoktoren

    Sør-Vest politidistrikt melder på Twitter at det har oppstått brann i ambulansebåten Rygerdoktoren. 

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 09.11.2017 - 10:33

    Gir 2,5 millionar til nytt kyrkjeleg fellesråd

    Nye Stavanger kommune har motteke søknad om omstillingsmidlar til samanslåing av dei kyrkjelege fellesråd i dei tre kommunane Finnøy, Rennesøy og Stavanger. Den ynskjer dei å delvis løyva.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 08.11.2017 - 20:20

    Teken for cannabis

    Ein person i midten av tjueåra er mellom 8. september og dags dato teken av politiet for innehav eller oppbevaring av cannabis.

    » Les heile saka

    Næring

    Publisert 06.11.2017 - 13:49
    4 Oppdrett1.JPG

    Fryktar at oppdrettsavgifta kan ryka

    Kystkommunane fryktar at dei kan tapa mange millionar dersom KrF og Venstre ikkje pressar regjeringa til å gjennomføra Stortinget sitt vedtak om ei eksportavgift på oppdrettslaks. Dei meiner KrFs Steinar Reiten sit med nøkkelen.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.11.2017 - 10:23
    SAM_2455.JPG

    Stor etterspurnad etter brukte elbilar

    Den nye bomringen rundt Oslo og innføringa av rushtidsavgift, har ført til ein heilt ekstrordinær stor etterspurnad etter brukte elbilar. Dei har som kjent fritak for ei slik rushtidsavgift. Det er NRK P1 som melde dette i dag

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.11.2017 - 10:05
    DSC_0158 (1)2.JPG

    Kr.F vil gi mjølkebønder 450 millionar til omstilling

    I samband med den førsetåande behandlinga av statsbudsjettet, så vil Kr.F føreslå å oppretta eit statleg omstillingsfond på 450 millionar kroner. Midlane skal primært gå til mjølkeprodusentar med budskapar frå 15-30 kyr som vil leggja om til produksjon av storfêkjøt. I Finnøy er storparten av mjølkebruka innanfor denne storleiken.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 02.11.2017 - 17:17

    Løyver pengar til nytt klubbhus på Leikvoll

    Rådmann,Helene M.Ohm, har teke dei politiske signala,og er i samband med budsjettet raus med løyvingane til investeringane i kultur og idrett.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 02.11.2017 - 08:54
    sam_245234.jpg

    Rådmannen sit på 26 millionar i «skjulte reserver»

    Rådmannen har klart å spara opp heile 26 millionar på dei sju åra ho har vore rådmann i Finnøy. Likevel innrømmer ho at det ville ha vore vanskeleg å fortsett som eigen kommune. Les om budsjettframlegginga onsdag, her.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 30.10.2017 - 15:33
    Hurtigbåt (5).JPG

    Føreslår dyrare hurtigbåtar

    I fylkesrådmannen sitt forslag til budsjett for 2018 til 2021 blir båtrutene beskrevne som ikkje bærekraftige. Han føreslår samstundes å auka billettprisen med tre prosent i 2018.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 27.10.2017 - 12:25

    Ombobu på inntektstoppen i Finnøy

    Det er advokat og bonde, ombobuen Erling Ueland, som tronar øverst på både inntekst- og formuetoppen i Finnøy, med ei inntekt på 19, 6 millionar og 56,8 millionar kroner i formue for inntekstsåret 2016. 

    » Les heile saka