Tips oss: | Send e-post

Samferdsle

Print
Publisert 09.11.2017

    På matsafari i Ryfylke?

    L. Rødne & Sønner, Ryfylkekokken og Ryfylke Livsgnist går saman om eit samarbeid for å visa fram mat, kultur og natur i Ryfylke. – Utruleg spanande, seier Tor Øyvind Skeiseid i Ryfylke Livsgnist. Sjå videopresentasjon av den nye båten nederst i saka

    Som Øyposten tidlegare har skrive om, satsar Sjernarøy-reiarlaget L. Rødne & Sønner friskt på nytt materiell. I desse dagar vert deira nye storsatsing bygd på verftet Brødrene Aa i Hyen i Nordfjord, og i midten av april skal den nye båten med ein prislapp på 75 millionar kroner vera levert til Stavanger.
    Båten, som vil ha ein maksfart på 19,9 knop og ha plass til 300 passasjerar, skal vera ein heilårsbåt. Om sommaren skal den gi ein unik naturoppleving på Lysefjorden, medan den i vinterhalvåret skal ut på ein ennå meir spanande reise.
    L. Rødne & Sønner har nemleg inngått eit samarbeid med dei lokale kreftene Ryfylkekokken og Ryfylke Livsgnist. Båten skal forvandlast om til ein slags arena for opplevingar og over halvparten av setene vil bli tekne ut. Dei er førebels midt i konseptutviklinga, men samarbeidet inneber at dei ynskjer å ta i bruk Ryfylkefjordane på ein heilt annan måte, og gjerne ha eit tilbod i vintersesongen som er tilpassa privatpersonar, grupper og bedrifter i heile Ryfylke.
    - Gjennom dette samarbeidet ynskjer me å samla natur, kultur og matopplevingar i ein pakke. Det er viktig for oss å finna nye moglegheiter for å driva heilårsturisme, og fjorden gir oss moglegheiter. Eit slikt konsept er utruleg spanande, og det er kjekt å få vera med å skapa noko nytt. Eg har stor tru på at Ryfylke har plass til eit produkt som skil seg litt ut frå andre produkt som finst på land, seier sals- og marknadssjef i L. Rødne & Sønner, Eva Sørås Mellgren til Øyposten.


    - Litt galne
    - Kvifor inngår de samarbeid med Ryfylkekokken og Ryfylke Livsgnist?
    - Dei står for kvalitet, stor kreativitet, nytenking og ei lokal forankring. Det er viktig for oss å bruka Ryfylke, og det er veldig kjekt å ha med seg personar som har eit stort hjarte for å vera med å utvikla aktivetar i Ryfylke, seier Mellgren.
    Den nye båten, og det nye konseptet er førebels toppen av kransekaka når det kjem til nyvinningar frå L. Rødne & Sønner. Reiarlaget, som feira 60-årsdag i 2016, starta med å driva skuleskyss i Sjernarøyane. Sidan har dei bygga stein for stein, og fornya flåten trinnvis. I 2002 var det mellom anna det første reiarlaget til å ta i bruk karbonfiber som båtmateriale, og no investerer dei altså 75 millionar kroner i ein ny båt.
    - Me har alltid lyst til å bygga nye båtar. Det ligg i Rødne sin natur å vera langt framme, og me er nok litt galne når det kjem til å bygga båtar, seier dagleg leiar Lars Andre Rødne.
    - Korleis oppstod ein slik idé?
    - Me har vel sett at dette er eit behov som våre kundar har hatt, så me har ein magekjensle på at dette er noko som kan slå an. Det er eit kult konsept, og alle me har diskutert det med har stor tru på det. No står det berre igjen å sjå om kunden meiner det same, seier Rødne.
    Sals- og marknadssjef Mellgren trur at matopplevingar og kultur i Stavangerregionen berre blir viktigare og viktigare i framtida.
    - Difor er me veldig opptekne av å få ta ein del i det, og håpar å gi kundane moglegheit til å få med seg opplevingane kor maten blir laga, integrert i ein kultur- og naturoppleving, seier Mellgren.


    Kulinarisk rundreise
    - Det finst jo utruleg mange spanande matprodukt i Ryfylke, alt frå kveite i Hjelmeland til tomat i Finnøy. Skal de ta med folk på ei kulinarisk rundreise i Ryfylke?
    - Me skal ha vårt første måte i november, så eg kan ikkje seia så mykje om innhaldet ennå. Men me skal ta i bruk Ryfylke på ein annan måte, bruka våre styrker og setta det saman til noko spanande. Med dette treng ein kanskje ikkje eta forrett, hovudrett og dessert på same plass, seier ho løyndomsfull.
    Dagleg leiar i Ryfylke Livsgnist, Tor Øyvind Skeiseid er utruleg spent på det nye samarbeidet.
    - Det er noko av det mest spanande eg har vore borti, som eg håpar eg får mykje med å gjera. Det er ei æra, og eg er stolt av at Rødne spør oss om å vera med i eit slikt samarbeid. Då dei tok kontakt var det på grensa til rørande, som Han Innante seier, innrømmer Skeiseid.

    - Unikt
    - Kva er det så gjer dette prosjektet så spanande?
    - Det er noko heilt nytt. No har me halde på i nokre år med mat, kultur og historie, og når det no blir bygga ein båt kor me kan gjera dette om bord blir heilt unikt, seier Skeiseid.
    Aktørane har hatt fleire møter det siste halve året, men det er først om nokre veker at dei skal setta seg skikkeleg ned å diskutera kva dei skal gjera.
    - Me håpar at me kan gi brukarane gode opplevingar, og at dei kan ha ein liten matsafari i Ryfylke, samstundes som dei har det kjekt og morosamt. Dette blir utruleg spanande, seier Skeiseid.


    Namnekonkurranse
    For å feira Ryfylke-samarbeidet ynskjer også L. Rødne & Sønner å invitera til ein stor namnekonkurranse. Som kjent for mange startar mest alle båtane til reiarlaget med «Ryger», som var namnet på ei folkegruppe i dagens Rogaland i folkevandringstida og vikingtida i Norge. Det er også det einaste kriteriet i namnekonkurransen på denne båten.
    - Den må starta med «Ryger». Det er viktig å halda på røtene våre. Men folk kan senda inn namneforslag til oss, og vinna heider, ære og særskild invitasjon til dåpen i midten av april, seier Mellgren.
    Forslaga kan ifylgje Mellberg sendast til lene@rodne.no innan 30. november.

    Slik vil den nye båten bli sjåande ut:

     
    9
    Rygerøy, rygerryfylke, rygerinnante - Av Marit O Rønning 10.11 (21:01)
    8
    Ryger McRygface* - Av Boaty 10.11 (12:04)
    7
    RYGERFINN er mitt forslag. - Av Finn Jensen 10.11 (11:17)
    6
    Ryger Vidsyn - Av Bjørn Mikkelsen 10.11 (07:40)
    5
    Ryger McBoatface? - Av Boaty 09.11 (20:38)
    4
    Ryger Super - Av Kjell Søvik 09.11 (20:10)
    3
    RygerSilver - Av Eldbjørg 09.11 (19:38)
    2
    RYGERCHEF - Av Marit M Vignes 09.11 (16:03)
    1
    RYGERSOL er mitt forslag - Av Ranveig Helgeland 09.11 (13:56)

    Nyheter

    Publisert 23.11.2017 - 12:09
    10 Butikken på Fogn1.jpg

    Meir enn berre ein butikk

    Helsekost for sjela, sjukdomsførebygging, sosial møteplass, folkehelse og eldreomsorg er nokre av orda som blir brukt om butikken på Fogn. Takka vera glasstova på utsida kan butikken smykka seg med desse fine titlane.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 20.11.2017 - 22:46

    Føler seg totalt oversett i fiberutbygginga

    -Eg lurer jo på om Fisterøyane framleis er ein del av Finnøy kommune,seier ei oppglødd byredame,Gunhild Flatebø,på ironisk vis.For medan det står å lesa i lokalavisa at heile kommunen no skal få tilgong til fiber for internettilkobling,har ikkje innbyggjarane på Bokn-Byre og Måløy høyrt eit einaste pip om at noko slikt var under planlegging elles rundt omkring på dei ikkje landfaste øyane i kommunen.

    » Les heile saka

    Næring

    Publisert 23.11.2017 - 10:41
    DSC_02741.JPG

    Fiskeriministeren opnar Rogaland Havbrukspark

    No har Ryfylke Rensefisk flytta inn i flotte nye lokalar på Talgje, og i løpet av desember kjem sjølvaste fiskeriministeren for å offisielt opna lokalane. No satsar eigarane på at ennå fleire bedrifter følg på etter kvart.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 17.11.2017 - 14:17
    Fiber Fogn.JPG

    Endeleg fiber i heile Finnøy

    I løpet av november skal, ifylgje rådmannen, kommunen signera avtalen med utbyggjarane. Det betyr at fiberen, for langt dei fleste i kommunen, er innan rekkevidde

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 16.11.2017 - 18:42
    Jon Arne 1.jpg

    Pilt-Ola-prisen til Jon Arne Helgøy

    Hurtigbåtkaptein, bonde og fruktdyrkar Jon Arne Helgøy er tidenes første vinnar av Pilt-Ola-prisen.

    (Foto: Kristofer Ryde, Negative)

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 14.11.2017 - 12:55

    (Nesten) slutt på salt i Finnøy

    Ei rekke fylkesvegar med låg trafikk blir frå denne vinteren ikkje salta.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 13.11.2017 - 14:29
    Bålkos.JPG

    Kan bli kåra til Norges finaste julatre

    Anna Mæland frå Finnøy til NM-finale i juletre.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.11.2017 - 17:18

    Stopp i flyktningmottaket

    Etter å ha busett over 50 flyktningar dei tre siste åra,vil det ikkje vera behov for at Finnøy skal ta imot nokon flyktningar i 2018.Det er IMDI som melder dette i eit brev som er sendt kommunen.Bakgrunnen er at det på nasjonalt plan er eit langt mindre behov for å busetja flyktningar i kommunane i dag,enn kva tilfellet har vore dei siste åra.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 10.11.2017 - 15:13
    SAM_24823.JPG

    Lokale bønder søkjer erstatning

    Den våte og uvanleg regnfulle sommaren har ført til store avlingstap hjå husdyrbøndene i Finnøy. Ein rask oversikt viser, at meir enn 20 husdyrbønder i kommunen har søkt styresmaktene om erstatning for avlingstap på grunn av uvanleg små avlingar med dårleg fôrkvalitet

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 09.11.2017 - 11:12

    Brann i Rygerdoktoren

    Sør-Vest politidistrikt melder på Twitter at det har oppstått brann i ambulansebåten Rygerdoktoren. 

    » Les heile saka

    Samferdsle

    Publisert 09.11.2017 - 10:43
    12 Ny båt Rødne 3D.jpg

    På matsafari i Ryfylke?

    L. Rødne & Sønner, Ryfylkekokken og Ryfylke Livsgnist går saman om eit samarbeid for å visa fram mat, kultur og natur i Ryfylke. – Utruleg spanande, seier Tor Øyvind Skeiseid i Ryfylke Livsgnist. Sjå videopresentasjon av den nye båten nederst i saka

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 09.11.2017 - 10:33

    Gir 2,5 millionar til nytt kyrkjeleg fellesråd

    Nye Stavanger kommune har motteke søknad om omstillingsmidlar til samanslåing av dei kyrkjelege fellesråd i dei tre kommunane Finnøy, Rennesøy og Stavanger. Den ynskjer dei å delvis løyva.

    » Les heile saka

    Næring

    Publisert 06.11.2017 - 13:49
    4 Oppdrett.JPG

    Fryktar at oppdrettsavgifta kan ryka

    Kystkommunane fryktar at dei kan tapa mange millionar dersom KrF og Venstre ikkje pressar regjeringa til å gjennomføra Stortinget sitt vedtak om ei eksportavgift på oppdrettslaks. Dei meiner KrFs Steinar Reiten sit med nøkkelen.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 08.11.2017 - 20:20

    Teken for cannabis

    Ein person i midten av tjueåra er mellom 8. september og dags dato teken av politiet for innehav eller oppbevaring av cannabis.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.11.2017 - 10:23
    SAM_2455.JPG

    Stor etterspurnad etter brukte elbilar

    Den nye bomringen rundt Oslo og innføringa av rushtidsavgift, har ført til ein heilt ekstrordinær stor etterspurnad etter brukte elbilar. Dei har som kjent fritak for ei slik rushtidsavgift. Det er NRK P1 som melde dette i dag

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.11.2017 - 10:05
    DSC_0158 (1)2.JPG

    Kr.F vil gi mjølkebønder 450 millionar til omstilling

    I samband med den førsetåande behandlinga av statsbudsjettet, så vil Kr.F føreslå å oppretta eit statleg omstillingsfond på 450 millionar kroner. Midlane skal primært gå til mjølkeprodusentar med budskapar frå 15-30 kyr som vil leggja om til produksjon av storfêkjøt. I Finnøy er storparten av mjølkebruka innanfor denne storleiken.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 02.11.2017 - 17:17

    Løyver pengar til nytt klubbhus på Leikvoll

    Rådmann,Helene M.Ohm, har teke dei politiske signala,og er i samband med budsjettet raus med løyvingane til investeringane i kultur og idrett.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 30.10.2017 - 15:33
    Hurtigbåt (5).JPG

    Føreslår dyrare hurtigbåtar

    I fylkesrådmannen sitt forslag til budsjett for 2018 til 2021 blir båtrutene beskrevne som ikkje bærekraftige. Han føreslår samstundes å auka billettprisen med tre prosent i 2018.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 02.11.2017 - 08:54
    sam_245234.jpg

    Rådmannen sit på 26 millionar i «skjulte reserver»

    Rådmannen har klart å spara opp heile 26 millionar på dei sju åra ho har vore rådmann i Finnøy. Likevel innrømmer ho at det ville ha vore vanskeleg å fortsett som eigen kommune. Les om budsjettframlegginga onsdag, her.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 27.10.2017 - 12:25

    Ombobu på inntektstoppen i Finnøy

    Det er advokat og bonde, ombobuen Erling Ueland, som tronar øverst på både inntekst- og formuetoppen i Finnøy, med ei inntekt på 19, 6 millionar og 56,8 millionar kroner i formue for inntekstsåret 2016. 

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 27.10.2017 - 10:01
    Kyllingbilete.jpg

    Innfører nye trivselstiltak for kyllingane

    Bruken av det mykje omtala og kontroverisielle, narasin tilsetjingsstoffet i kyllingfôret, er fasa ut i kyllingbesetningane. Innan utgangen av 2018, skal også alle produsentane som leverer kyllingane sine til slakterisamvirket Prior og Nortura, gjennomføre fleire ulike  tiltak for å auka dyrehelsa og trivselen  i dei mange broilerhusa. Ein stor del av dei er å finna i Finnøy.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 20.10.2017 - 08:51
    SAM_0263.JPG

    Rådmann Ohm sluttar av

    Rådmann i Finnøy,Helen M. Ohm, har fått tilbod om stilling som direktør for oppvekst og utdanning i Stavanger kommune, gjeldane frå 01.01.2018.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 23.10.2017 - 11:54
    dsc_5744-pasqina.jpg

    184.000 til UNICEF

    Finnøybuen ga totalt 184.148 kroner til UNICEF. Det gir om lag 57 kroner per innbyggjar.

    » Les heile saka