Tips oss: | Send e-post

Politikk

Print
Publisert 11.09.2017

    457 førehandsrøyster i Finnøy

    Politisk sekretær i Finnøy kommune, Marie Urdal melder om rekordmange førehandsrøyster i Finnøy.

    Frå 10. august til 8. september var det mogleg å førehandsrøyste på rådhuset i Finnøy. Det hadde heile 457 personar gjort, ifylgje politisk sekretær Marie Urdal. På valdagen var det likevel stort innrykk i vallokala på rådhuset.

    - Det har vore folk heile vegen. No held me opent til 19.00, og håpar å ha resultata frå Finnøy klar rundt 22-22.30, seier ho.

    Det ligg an til å bli tidenes jamnaste val. Ifylgje TV2 si siste måling laurdag 9. september ligg det an til å bli knappast mogleg borgarleg fleirtal, noko som betyr at dagens regjering truleg fortset også dei neste fire åra. 24 år gamle John Bøe var ikkje framand for tanken på at den noverande regjeringa skulle fortsetta.

    - Det som opptek meg mest er skatt, og då særskild eigedomsskatt. Den kan godt forsvinna, fortel han, og innrømmer at han har valt etter ein partitest på nettet.

    11dn2261.jpg

    John Bøe var i stemmelokala måndag ettermiddag. 

    Forutan ved valet i 1993, så er det KrF som har vore det største partiet i ved kvar einaste stortingsval sidan 1965. Det vil ikkje bli nokon stor overrasking om det også skjer under årets val, sjølv om KrF på landsbasis så vidt ligg over sperregrensa ifylgje siste måling. For Jorunn Bjustveit er det å ivareta dei kristne verdiane i landet viktig for ho når ho stemmar.

    - Kristne verdiar og det at Norge er eit godt land og bu i. Samstundes må me tenka på miljøet i framtida.

    - Kvifor trur du KrF gjer det så godt i Finnøy kommune?

    - Det er nok for det alltid har vore ein god del truande her i Finnøy, meiner ho.

    - Er du spent framføre valet?

    - Eg er veldig spent, og me kan godt fortsetta med same regjering. Me veit kva me har og me veit ikkje kva me får. Eg syns Erna Solberg er ein god statsminister, avsluttar ho.

    Kristian Spanne stemte påeit parti som det partiet som ikkje berre ville at folk skulle bu i byar, og som ville ha landbruk over heile landet. Senterpartiet har lenge vore det nest største partiet i Finnøy, og det skulle i alle fall Spanne bidra til at det fortsette med.

    Øyposten oppdaterar valet og resultata frå Finnøy så snart dei er klare i løpet av kvelden. 

     

    Politikk

    Publisert 11.09.2017 - 22:04

    Høgre valvinnar i Finnøy

    Går opp 4,2 prosentpoeng sidan 2013. Senterpartiet har overteke trona som største parti.

    » Les heile saka

    Politikk

    Publisert 11.09.2017 - 15:48
    11DN2256.JPG

    457 førehandsrøyster i Finnøy

    Politisk sekretær i Finnøy kommune, Marie Urdal melder om rekordmange førehandsrøyster i Finnøy.

    » Les heile saka

    Politikk

    Publisert 21.08.2017 - 21:04
    11DN2199.JPG

    Sanner: - Ein veldig spanande kommune

    Det blei ingen store overraskingar då det første felles kommunestyremøtet mellom Finnøy, Rennesøy og Stavanger blei halde hjå Fylkesmannen i Rogaland i dag, måndag. Men kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner tok turen innom.

    » Les heile saka

    Politikk

    Publisert 21.08.2017 - 08:19
    Ordførarar6.JPG

    Sjå kommunestyremøtet frå Statens hus live

    Via NRK Rogaland sender Øyposten live frå det felles kommunestyremøtet mellom kommunane Stavanger, Rennesøy og Finnøy i dag, måndag.

    » Les heile saka

    Politikk

    Publisert 16.08.2017 - 13:47
    IMG_1892.jpg

    KrF-leiinga til Finnøy

    KrF-toppane i Rogaland skal til Finnøy onsdag 23. august. Der skal dei blant anna møte bondelaga. 

    » Les heile saka