Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 31.08.2017

    32 prosent elbil-andel – MDG vil ha 100

    Erlend Kristensen, 2. kandidat på stortingslista til Miljøpartiet de grønne i Rogaland, meiner at i staden for å krangla om snylting, burde alle på Finnøy kjøpa seg elbil. No utfordrar han heile Finnøy til å bli 100 prosent elektriske før samanslåinga med Stavanger.

    Finnøy er framleis den kommunen i landet som har høgast elbil-del per innbyggjar. I mars i år var det 87 elbilar per 1000 innbyggjar, og ifylgje ei statistikk gjort av Norsk Elbilforening tidlegare i sommar, viste det at 20 prosent av befolkninga hadde kjøpt seg elbil.

    Per juni 2017 var det totalt 31,7 prosent av dei 218.400 passeringane så langt i år, gjort av elbil. Då 2. kandidat til Stortingslista for Rogaland for Miljøpartiet de Grønne, Erlend Kristensen var på Tomatfestivalen, reagerte han på usemja mellom innbyggjarane om elbil-politikken.

    - Eg forstår at det framleis er usemjer på øya om at elbilar skal passera gratis gjennom Finnfast, og av nokon oppfattast som snyltarar. I staden for å krangla om dette, burde det heller ha vore ein gladsak, seier han.

    - Ein gladsak?

    - Ja, målet burde vera 100 prosent elbilar. Hadde Finnøy fått til dette, ville det ha blitt ein verdsnyheit, og Finnøy hadde blitt kjent over heile verda. Turistar ville ha besøkt kommunen, og delegasjonar frå inn- og utland ville ha besøkt kommunen for å læra. Tenk, første øy/kommune i verda som er 100 prosent med elektriske bilar. Det ville gitt viktige signaler til resten av verda at dette skiftet er mogleg, og at det fungerer. Folk beheld sin mobilitet, sjølv om dei bur i distrikta og vel elbil, seier Kristensen.

    Staten tar rekninga

    Han meiner at dei som fortsatt ikkje har elbilar, burde ha vurdert og rekna på alt dei tener på å velja elbil, i staden for å klaga på dei som innrettar seg miljøvenleg.

    - MDG ynskjer å styrka prinsippet om at bilar som forureinar betalar, og at dei miljøvenlege blir løna for det, seier han.

    - Kven skal då betala ned tunnelen, om alle køyrer gratis gjennom?

    - Kven som skal betala eller ei blir fastsett ved nasjonale retningslinjer. Eg tenker at det blir heilt feil å straffa ein kommune og innbyggjarane i den kommunen for å innretta seg miljøvenleg, og gjera det politikarane ber om. Difor burde, i tilfelle dette skjer, Staten gripa inn. Med alternativ finansiering direkte frå Staten, og løna Finnøy for innsatsen.

    - Men trur du verkeleg Staten vil ta ei så stor rekning? Kva vil dei få igjen for det?

    - Det grøne skiftet kjem ikkje gratis, og staten må inn og hjelpa til. Dei som framleis vel å køyra fossilt må betala, og turistar må betala. Eg forstår at dette sjølvsagt på eit eller anna vis må betalast ned. Det er det ingen tvil om, men nedbetalinga har jo gått fortare enn føresett, og noko av rekninga vil bli betalt fram mot 2020. Då kan du tenka deg at etter dette får me ei symbolsk nedbetaling, med 10-20 prosent av dagens takst for alle. Eg skal kjempa med nebb og klør for at dei som innrettar seg miljøvenleg skal lønast for det, og at dei som forureinar skal betala meir, seier Kristensen.

    9 erlend kristensen mdg.jpg

    Erlend Kristensen, Miljøpartiet de grønne.

    - Kommunen må leggja til rette

    Kristensen er heilt klar på at elbil-fordelane i Norge er veldig viktige, og dreg fram Danmark som eit eksempel, kor dei før 2017 har fjerna fordelane med fri eingongsavgift. Der hadde det fram til juni i år berre blitt selt 17 elbilar. Han meiner difor alle må vera med på dugnaden om det grøne skiftet. Også kommunen.

    - Kommunen må leggja til rette slik at alle har tilgang til lading. Det skal ikkje vera slik at dei som bur i eit burettslag, eit sameige eller ei blokk må betala på grunn av manglande lademoglegheiter. Finnøy kommune er her nøydde for å vera aktive pådrivarar, og det vil ikkje kosta all verda. Gevinsten vil vera at dei blir verdas første øykommune som er 100 prosent elektrisk, seier han.

    - I tillegg ville reklameverdien av dette overstige det kommunane hadde brukt på tilrettelegging for 100 prosent elbilar. Enova har stønadsordningar, og MDG ynskjer å bruka ein milliard i året på snøggladarar fram mot 2020, slik at val av elbilar skal bli lettare også i distrikta og dermed fungera som ein fullverdig bil, seier Kristensen.

    - Alle må vera med

    - Men elbilane er jo framleis rimeleg dyre. Kva med ungdommane, som kanskje har 10-15.000 å investera i sin første bil? Vil ikkje det bli veldig urettferdig, at dei som har råd til det får køyra gratis, men dei som ikkje har råd til det må betala?

    - Då tenkar eg at kommune eller den lokale sparebanken kunne ha rettleia og forklart dei kva dette verkeleg kostar dei. Om dei kjøpar ein fossilbil til 10.000 kroner, eller ein elbil til 50.000. Kanskje kunne den lokale sparebanken ha bidrege til eit spesiallån. Det er trass alt betre at dei betalar pengane inn til banken i form av renter og avdrag i staden for fossilt drivstoff som berre blir dyrare og dyrare, seier han.

    Han meiner et Finnøy er eit godt eksempel på at incentiv og fordelar for dei som vel miljøvenleg verkar, og at det blir heilt feil å straffa dei som innrettar seg miljøvenleg ved å trekka tilbake fordelane, når anbefalingane blir følgt. No håpar han finnøybuen tek utfordringa.

    - Det hadde vore kult om finnøybuen tok utfordringa om 100 prosent elbilar før samanslåinga med Stavanger i 2020. Frem til då vil det vera fleire og fleire tilgjengelege elbilar, og også eit godt utval i fullt brukbare brukte elbilar i alle prisklassar tilgjengeleg. Eg trur også den nye delingsøkonomien kan hjelpa, når ein skal ekstra langt. Eg har sjølv lånt ein Tesla på ferietur til Sveits, seier han.

    - Veldig interessant

    Ordførar i Finnøy og styreleiar i Finnfast AS, Henrik Halleland syns det er interessante tankar Kristensen kjem med.

    - Eg tykkjer det er litt festlege tankar. Me har heile vegen ynskja at staten skal komma inn og ta dei kostnadane det er for Finnfast med elbilar. Om det køyrer til elbilar igjennom, skal staten betala bompengane for dbilane. Om no han greier å få dette opp på stortingsnivå i partiet sitt er det veldig bra, seier Halleland.

    - Kristensen er inne på at kommunen må komma på banen og sponsa ladestasjonar. Er dette aktuelt?

    - Kommunen skal nok ikkje inn og sponsa elbilar, men Lyse jobbar stadig med utbygging av ladestasjonar, seier Halleland. 

     

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 19.02.2018 - 22:24

    Uavgjort på Leikvoll

    Finnøy spela uavgjort 2-2 mot naborivalen Mastra frå Rennesøy,då laga møttes til  treningskamp på ei innbydane kunstgrasmatte på Leikvoll i kveld.Det var Jarle Sigbjørn Eike og rumenske Yannis som scora måla for heimelaget.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 16.02.2018 - 10:02

    Vil stå hardt på for Nedstrand-ferje

    I framlegget til ny rutestruktur for Finnøysambandet,er Nedstrand teke heilt ut i det eine alternativet,medan tilbodet i alternativ to er redusert i forhold til i dag.Det likar tysværordførar Sigmund Lier svært dårleg.No lovar han ein tøff kamp for å behalda ei pendlarferje Nedstrand-Foldøy ,og eit ferje sørover mot Nesheim som er betre enn det som ligg i forslaget frå fylkessamferdselssjefen. 

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 15.02.2018 - 15:19

    Solid skatteinngang, men marginalt overskot i kommunen

    Eit betydelig meirforbruk både i skule og innan helse-og omsorgsektoren,fører til at den foreløpige rekneskapen berre syner eit marginalt overskot på vel 800 000 kroner.Det trass i ein auke i skatteinngangen på 8,8 prosent i forhold til 2016.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 13.02.2018 - 09:54
    Ferger og hesby skule 0015.JPG

    Nytt ruteforslag-Jelsa ute av Finnøysambandet

    Samferdselssjefen i Rogaland har kome med forslag til ny rutestruktur i Finnøysambandet. I begge dei to alternativa som er lagt fram er Jelsa teken ut, medan særleg Sjernarøyane kjem betydeleleg styrka ut i begge dei to alternativa.I alternativ to er også Fisterøyane,Bokn-Byre-Helgøy, tekne med, og skal betjenast med ei tredje kombiferje mot fastlandet på Judaberg tre dagar i veka.    

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 09.02.2018 - 18:38
    5181B49B-8587-4CF5-A986-E50E51D72176.jpeg

    Skifjell fekk takk frå ordføraren

    Etter at den formelle delen av eit rekordraskt kommunestyremøte var over, onsdag kveld,overrekte ordførar Henrik Halleland blomster til tidlegare leiar i Ryfylke Næringshage,Heidi Skfjell.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 08.02.2018 - 10:00

    Bekymra over kostnadene i Øyfast

    Under møte i samferdselsutvalget i fylket i onsdag,ville Per Kåre Foss (Kr.F) vite om status for Øyfast i lys av kostnadene med det nye anbodet på ferjedrifta i Finnøysambandet som no er under behandling.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 07.02.2018 - 19:05

    Tekne for besittelse av narkotika

    Ein mann på 26 og ei kvinne på 19 er tekne av politiet på Finnøy for å vera i besittelse av narkotika.Det er politiet som melder dette på Twitter i ettermiddag .

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 07.02.2018 - 16:58
    ogmund finnson1.jpg

    Nasjonalskatt frå adelsslekta til Ogmund Finnsson?

    Det nye norske nasjonalmuseet som er under bygging, vil ha dei einaste norske kongeregaliene frå middelalderen heim frå Danmark til opninga i 2020.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 05.02.2018 - 23:31

    Vil ha kommunalt engasjement for ungdomsklubb

    Kommunestyrerepresentant Heidi Skifjell ,(pol.uavh.), har til kommunestyremøte onsdag,meldt inn ein interpellasjon til ordføraren.Der bed ho Halleland gjera greie for korleis kommunen ser på det,etter hennar meining,svært så positive private initiativet til ein mekkeklubb/fritidsklubb for tenåringar på Ladstein.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 01.02.2018 - 13:14
    2A50390E-D7E7-4B4D-A582-C265E964DBD8.jpeg

    Gro Skartveit melder seg ut av Venstre

    Tidlegare ordførar Gro Skartveit (til venstre

    på bilete),har i dag gitt beskjed om at ho melder seg ut av Venstre.Ho vil dermed også trekkja seg som gruppeleiar for det største opposisjonspartiet i kommunestyret.Nyleg blei det også kjent at partifelle Heidi Skifjell (t.h.på bilete) også melder se ut.

    -Eg meiner partiet har teke ei retning som går på akkord med det som er sjølve grunnlaget for at eg har engasjert meg i partiet,seier Skartveit til Øyposten.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 01.02.2018 - 10:12

    LEIAR: Det hastar med ny sjukeheim

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 29.01.2018 - 08:49
    Foto Eilert Munch Lund.jpg

    Positiv, men stiller klare miljøkravkrav til oppdrettsnæringa

    Forskingsselskapet IRIS, har i løpet av 2017 gjennomført ei djuptgåande kartlegging om lokalbefolkninga i Finnøy sine haldningar til lakseoppdrett.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 29.01.2018 - 08:47
    Konsert-1.JPG

    Samla seksti songarar

    Dirigent-legenden Per Oddvar Hildre fekk fram dei klåraste tonane som tenkjast kan i eit tre-dagars  korseminar på Finnøy fleirbrukshall denne helga.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 25.01.2018 - 13:46
    IMG_00011.jpg

    Naturtalentet Nadine

    Med sminke kan du trylla fram den beste utgåva av deg sjølv. Eller motsett, du kan sminka fram ein forstua fot eller avskoren fing, eit blodig og skamfert ansikt, eller ein demon i solnedgang.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 23.01.2018 - 15:27
    SAM_2579.JPG

    Startar opp mekkeklubb for ungdom

    I siste nummer av avisa laga me ein reportasje om, Ove Bergsaker på Ladstein, som inviterte tenåringsungdom heim til seg.I den nyrenoverte løa si inviterer han ungdom til å møtast på uformelt grunnlag,og til mekking i den flotte verkstaden.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 22.01.2018 - 13:51
    IMG_1979.JPG

    Babyboom i Finnøy

    Medan fødselstalet er på eit lågmål elles i landet, har det aldri blitt født fleire born i Finnøy kommune enn i år 2017.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.01.2018 - 11:21
    20180107_135157_001 (002)2.jpg

    Har budd 100 år i same huset

    Han blei født heime i stova si i Hesby den 8. januar 1918 medan 1. verdskrig enno rasa ute i den store verda. Der blei han buande i 100 år.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 10.01.2018 - 22:19

    Solid skatteinngang i 2017

    Den akkumulerte skatteinngangen i kommunen,var ved utgangen av 2017 på 93,8 millionar kroner. Det er ein auke på heile 8,85% i forhold til tilsvarande periode i 2016. Skatteinngangen er også 2,3 millionar over det vedtekne budsjett for 2017.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 10.01.2018 - 08:35

    Nord Hidle fejekai opnar igjen i morgon

    Ferjekaien på Nord Hidle vil i morgon tidleg igjen bli teken i bruk til ordinær ferjetrafikk. Kaien har vore stengt for anløp av fejene i Finnøysambandet sidan måndag.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 06.01.2018 - 09:19

    Venterommet på kaien er igjen opna

    Venterommet ved trafikkterminalen på Judaberg, som har vore stengt i lengre tid på grunn av hærverk på begge toaletta,er igjen opna for dei reisande.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.01.2018 - 17:48
    edd.jpg

    Rutinert avismann tek over som redaktør

    Nordlendingen,Edd Meby, er tilsett som ny redaktør i Øyposten. Meby har sidan september 2016 vore tilsett som redaktør og dagleg leiar i avisa Ryfylke i Sauda. Frå 1. april finn du han i Øyposten.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 28.12.2017 - 23:23

    Nye ferjeruter med utvida seglingstid

    Dei nye fergerutene i Finnøysambandet,med verknad frå 01.01.18-31.12.19,er no klare.Dei viser at seglingtida er utvida både i det søre og nordre sambandet.Sambandet vil framleis ha endestasjon på Jelsa med to daglege anløp.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 21.12.2017 - 14:46

    Posten sendte posten til Flekkefjord

    Posten vert forsinka til dei fleste øyane i Finnøy grunna feilsending.

    » Les heile saka