Tips oss: | Send e-post

Politikk

Print
Publisert 21.08.2017

    Sanner: - Ein veldig spanande kommune

    Det blei ingen store overraskingar då det første felles kommunestyremøtet mellom Finnøy, Rennesøy og Stavanger blei halde hjå Fylkesmannen i Rogaland i dag, måndag. Men kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner tok turen innom.

    Finnøy, Rennesøy og Stavanger var i dag samla til det første felles kommunestyremøte dei tre kommunane i mellom. Eit møte som fann stad hjå sjølvaste Fylkesmannen i Rogaland, Magnhild Meltveit Kleppa i Statens hus.

    Her blei det mellom anna vedteke at namnet til den nye kommunen vil vera Stavanger, og at det skal vera 67 medlemmer i bystyret i «Nye Stavanger».

    Det mest spanande som skjedde var kanskje at kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner fann vegen til Statens hus. Til Øyposten seier han at han syns kommunesamanslåinga mellom Rennesøy, Finnøy og Stavanger er veldig spanande.

    - Det er fleire andre eksemplar på store byar som slår seg saman med landdistrikt rundt om i Norge, og det gjer det til ein spanande moglegheit å utvikla kommunen, seier ministeren til Øyposten.

    - Kvifor trur du det er ein så god løysing å slå saman bygd og by?

    - Det er nok fleire ulike grunner. For å styrka fagmiljøa sine, og sikra at du har eit sterkt fagmiljø innan mellom anna barnevern og helse. Samstundes er det viktig å ha gode tenester, ikkje berre for dagen i dag, men også for det som kjem om 5-10-15 år. Det handlar om å skapa ein attraktiv og vekstkraftig region, og det er klart at Rennesøy, Finnøy og Stavanger vil bli ein veldig attraktiv kommune, seier han.

    Jan Tore Sanner lanserte seg som gjest til neste års Tomatfestival på Finnøy, og proklamerte seg som ein tomat-entusiast og hobbygartnar. 

     

    Politikk

    Publisert 11.09.2017 - 22:04

    Høgre valvinnar i Finnøy

    Går opp 4,2 prosentpoeng sidan 2013. Senterpartiet har overteke trona som største parti.

    » Les heile saka

    Politikk

    Publisert 11.09.2017 - 15:48
    11DN2256.JPG

    457 førehandsrøyster i Finnøy

    Politisk sekretær i Finnøy kommune, Marie Urdal melder om rekordmange førehandsrøyster i Finnøy.

    » Les heile saka

    Politikk

    Publisert 21.08.2017 - 21:04
    11DN2199.JPG

    Sanner: - Ein veldig spanande kommune

    Det blei ingen store overraskingar då det første felles kommunestyremøtet mellom Finnøy, Rennesøy og Stavanger blei halde hjå Fylkesmannen i Rogaland i dag, måndag. Men kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner tok turen innom.

    » Les heile saka

    Politikk

    Publisert 21.08.2017 - 08:19
    Ordførarar6.JPG

    Sjå kommunestyremøtet frå Statens hus live

    Via NRK Rogaland sender Øyposten live frå det felles kommunestyremøtet mellom kommunane Stavanger, Rennesøy og Finnøy i dag, måndag.

    » Les heile saka

    Politikk

    Publisert 16.08.2017 - 13:47
    IMG_1892.jpg

    KrF-leiinga til Finnøy

    KrF-toppane i Rogaland skal til Finnøy onsdag 23. august. Der skal dei blant anna møte bondelaga. 

    » Les heile saka