Tips oss: | Send e-post

Publisert 21.08.2017

    Stor stas med statsminister-besøk

    Både store og små syns det var stas at sjølvaste statsminister Erna Solberg fann vegen til Tomatfestivalen på laurdag. Stor stas var det også at sjølve festivalen såg ut til å vera ein stor suksess.

    Det såg ikkje mykje lovande ut, då leiar i Ryfylke Næringshage, Heidi Skifjell stod på scenen og skulle opna Tomatfestivalen 2017 på slaget 10.30 laurdag føremiddag. For regnet hølja ned, og ein kunne telja på ei hand kor mange som hadde funne plass på stolane framføre scenen. Men då endeleg hovudgjesten Per Olav Alvestad fekk skote ein marshmallows ut av tomatkanona, etter tallause forsøk, blei festivalen omsider opna. 

    Og etter litt stoppa regnet også, og sola titta til og med fram frå bak skyene. Folka starta og strauma til, og det vart plutseleg vanskeleg å koma seg fram på festivalområdet. Ein fekk helsa på masse utstillarar, ein fekk eta god mat, fekk sjå traktorpulling og vera med på Tomatbasaren. 

    Før den kanskje største happeninga skjedde om lag 15 minutt over klokka eitt, då to mørke bilar parkerte i busslommen på Judaberg. Ut steig sjølvaste statsminister Erna Solberg, som blei teke godt i mot av styreleiar i Tomatfestivalen, Oddvar Vignes og ordførar Henrik Halleland. Dei viste ho vegen opp til Barnas Sjømattelt og Ryfylkekokken Frode Selvaag, før ho fekk vera med han og barna å læra litt om lokal mat. 

    Vidare gjekk turen ned til scenen, kor ho haldt ein kort appell.

    - Det er noko unorskt at tomater dyrkast i Norge, men det er veldig norsk å laga ein festival rundt det ein gjer. Eg syns Tomatfestivalen på Finnøy er glimrande til nettopp å hylla det at de har jobbar, inntekter og bidreg til heile landet. Og som dykk er stolte av. Eg høyrer ofte at de er stolte av tomatane på Finnøy, og også helseminister Bent Høie fortel ofte om det, sa ho.

    Les meir om sjølve festivalen i torsdagens papirutgåve, og sjå eit stort fotogalleri på Øyposten sine Facebook-sider. 

     

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 19.02.2018 - 22:24

    Uavgjort på Leikvoll

    Finnøy spela uavgjort 2-2 mot naborivalen Mastra frå Rennesøy,då laga møttes til  treningskamp på ei innbydane kunstgrasmatte på Leikvoll i kveld.Det var Jarle Sigbjørn Eike og rumenske Yannis som scora måla for heimelaget.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 16.02.2018 - 10:02

    Vil stå hardt på for Nedstrand-ferje

    I framlegget til ny rutestruktur for Finnøysambandet,er Nedstrand teke heilt ut i det eine alternativet,medan tilbodet i alternativ to er redusert i forhold til i dag.Det likar tysværordførar Sigmund Lier svært dårleg.No lovar han ein tøff kamp for å behalda ei pendlarferje Nedstrand-Foldøy ,og eit ferje sørover mot Nesheim som er betre enn det som ligg i forslaget frå fylkessamferdselssjefen. 

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 15.02.2018 - 15:19

    Solid skatteinngang, men marginalt overskot i kommunen

    Eit betydelig meirforbruk både i skule og innan helse-og omsorgsektoren,fører til at den foreløpige rekneskapen berre syner eit marginalt overskot på vel 800 000 kroner.Det trass i ein auke i skatteinngangen på 8,8 prosent i forhold til 2016.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 13.02.2018 - 09:54
    Ferger og hesby skule 0015.JPG

    Nytt ruteforslag-Jelsa ute av Finnøysambandet

    Samferdselssjefen i Rogaland har kome med forslag til ny rutestruktur i Finnøysambandet. I begge dei to alternativa som er lagt fram er Jelsa teken ut, medan særleg Sjernarøyane kjem betydeleleg styrka ut i begge dei to alternativa.I alternativ to er også Fisterøyane,Bokn-Byre-Helgøy, tekne med, og skal betjenast med ei tredje kombiferje mot fastlandet på Judaberg tre dagar i veka.    

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 09.02.2018 - 18:38
    5181B49B-8587-4CF5-A986-E50E51D72176.jpeg

    Skifjell fekk takk frå ordføraren

    Etter at den formelle delen av eit rekordraskt kommunestyremøte var over, onsdag kveld,overrekte ordførar Henrik Halleland blomster til tidlegare leiar i Ryfylke Næringshage,Heidi Skfjell.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 08.02.2018 - 10:00

    Bekymra over kostnadene i Øyfast

    Under møte i samferdselsutvalget i fylket i onsdag,ville Per Kåre Foss (Kr.F) vite om status for Øyfast i lys av kostnadene med det nye anbodet på ferjedrifta i Finnøysambandet som no er under behandling.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 07.02.2018 - 19:05

    Tekne for besittelse av narkotika

    Ein mann på 26 og ei kvinne på 19 er tekne av politiet på Finnøy for å vera i besittelse av narkotika.Det er politiet som melder dette på Twitter i ettermiddag .

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 07.02.2018 - 16:58
    ogmund finnson1.jpg

    Nasjonalskatt frå adelsslekta til Ogmund Finnsson?

    Det nye norske nasjonalmuseet som er under bygging, vil ha dei einaste norske kongeregaliene frå middelalderen heim frå Danmark til opninga i 2020.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 05.02.2018 - 23:31

    Vil ha kommunalt engasjement for ungdomsklubb

    Kommunestyrerepresentant Heidi Skifjell ,(pol.uavh.), har til kommunestyremøte onsdag,meldt inn ein interpellasjon til ordføraren.Der bed ho Halleland gjera greie for korleis kommunen ser på det,etter hennar meining,svært så positive private initiativet til ein mekkeklubb/fritidsklubb for tenåringar på Ladstein.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 01.02.2018 - 13:14
    2A50390E-D7E7-4B4D-A582-C265E964DBD8.jpeg

    Gro Skartveit melder seg ut av Venstre

    Tidlegare ordførar Gro Skartveit (til venstre

    på bilete),har i dag gitt beskjed om at ho melder seg ut av Venstre.Ho vil dermed også trekkja seg som gruppeleiar for det største opposisjonspartiet i kommunestyret.Nyleg blei det også kjent at partifelle Heidi Skifjell (t.h.på bilete) også melder se ut.

    -Eg meiner partiet har teke ei retning som går på akkord med det som er sjølve grunnlaget for at eg har engasjert meg i partiet,seier Skartveit til Øyposten.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 01.02.2018 - 10:12

    LEIAR: Det hastar med ny sjukeheim

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 29.01.2018 - 08:49
    Foto Eilert Munch Lund.jpg

    Positiv, men stiller klare miljøkravkrav til oppdrettsnæringa

    Forskingsselskapet IRIS, har i løpet av 2017 gjennomført ei djuptgåande kartlegging om lokalbefolkninga i Finnøy sine haldningar til lakseoppdrett.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 29.01.2018 - 08:47
    Konsert-1.JPG

    Samla seksti songarar

    Dirigent-legenden Per Oddvar Hildre fekk fram dei klåraste tonane som tenkjast kan i eit tre-dagars  korseminar på Finnøy fleirbrukshall denne helga.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 25.01.2018 - 13:46
    IMG_00011.jpg

    Naturtalentet Nadine

    Med sminke kan du trylla fram den beste utgåva av deg sjølv. Eller motsett, du kan sminka fram ein forstua fot eller avskoren fing, eit blodig og skamfert ansikt, eller ein demon i solnedgang.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 23.01.2018 - 15:27
    SAM_2579.JPG

    Startar opp mekkeklubb for ungdom

    I siste nummer av avisa laga me ein reportasje om, Ove Bergsaker på Ladstein, som inviterte tenåringsungdom heim til seg.I den nyrenoverte løa si inviterer han ungdom til å møtast på uformelt grunnlag,og til mekking i den flotte verkstaden.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 22.01.2018 - 13:51
    IMG_1979.JPG

    Babyboom i Finnøy

    Medan fødselstalet er på eit lågmål elles i landet, har det aldri blitt født fleire born i Finnøy kommune enn i år 2017.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.01.2018 - 11:21
    20180107_135157_001 (002)2.jpg

    Har budd 100 år i same huset

    Han blei født heime i stova si i Hesby den 8. januar 1918 medan 1. verdskrig enno rasa ute i den store verda. Der blei han buande i 100 år.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 10.01.2018 - 22:19

    Solid skatteinngang i 2017

    Den akkumulerte skatteinngangen i kommunen,var ved utgangen av 2017 på 93,8 millionar kroner. Det er ein auke på heile 8,85% i forhold til tilsvarande periode i 2016. Skatteinngangen er også 2,3 millionar over det vedtekne budsjett for 2017.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 10.01.2018 - 08:35

    Nord Hidle fejekai opnar igjen i morgon

    Ferjekaien på Nord Hidle vil i morgon tidleg igjen bli teken i bruk til ordinær ferjetrafikk. Kaien har vore stengt for anløp av fejene i Finnøysambandet sidan måndag.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 06.01.2018 - 09:19

    Venterommet på kaien er igjen opna

    Venterommet ved trafikkterminalen på Judaberg, som har vore stengt i lengre tid på grunn av hærverk på begge toaletta,er igjen opna for dei reisande.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.01.2018 - 17:48
    edd.jpg

    Rutinert avismann tek over som redaktør

    Nordlendingen,Edd Meby, er tilsett som ny redaktør i Øyposten. Meby har sidan september 2016 vore tilsett som redaktør og dagleg leiar i avisa Ryfylke i Sauda. Frå 1. april finn du han i Øyposten.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 28.12.2017 - 23:23

    Nye ferjeruter med utvida seglingstid

    Dei nye fergerutene i Finnøysambandet,med verknad frå 01.01.18-31.12.19,er no klare.Dei viser at seglingtida er utvida både i det søre og nordre sambandet.Sambandet vil framleis ha endestasjon på Jelsa med to daglege anløp.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 21.12.2017 - 14:46

    Posten sendte posten til Flekkefjord

    Posten vert forsinka til dei fleste øyane i Finnøy grunna feilsending.

    » Les heile saka