Tips oss: | Send e-post

Portrettet

Print
Publisert 15.08.2017

    Fann familien igjen etter 19 år

    Enistan Sandrasegaram flykta heilt åleine frå krigsherjingane i Sri Lanka som ni-åring. Han trudde lenge heile familien var døde. Heilt til det ein dag ringte på døra.

    Tekst og foto: Håkon Jonassen Norheim

    Om bord på båten til Kvitsøy står ein mann, mørk i huden og med ei stor tatovering langs halsen. På seg har han uniform, og ynskjer alle dei reisande hjarteleg velkommen om bord med eit lurt smil. I baklomma har han ein pakke med Petterøes rulletobakk, ein god ven i mange år. Enistan Sandrasegaram (29) verkar som ein heilt vanleg nordmann, men bak det smilande fjeset ligg mykje smerte, og ei mildt sagt utruleg historie.

    Lemmen til Kvitsøy-båten MS «Rygerøy» går opp, og kaffien kjem på bordet. Enistan har kome ein lang veg dei siste 20 åra, og medan båten seglar utover i havgapet, fortel han si historie.

    Enistan vart fødd på Sri Lanka, og vaks opp i ein tamilsk familie under borgarkrigen mellom den singalesiske majoriteten og den tamilske minoriteten i landet, som vara frå 1983 og heilt fram til 2009, då den singalesiske majoriteten vann ein militær siger i konflikten.  I 1996, då han var ni år gamal, frykta foreldra hans såpass mykje for livet til han og veslebroren på seks, at dei la ein fluktplan for gutane. Dei skulle koma seg til Europa.

    Sendte bror sin heim

    Dei to unge gutane blei tydeleg brifa om kva som skulle skje, og i om lag eit halvt år blei dei sendt på skule for å læra seg engelsk. Då dagen då dei skulle flykta kom, blei Enistan og broren plukka opp av nokre folk som henta dei og tok dei med til hovudstaden. Vidare gjekk ferda til India med båt.

    - Det var ei tøff reise. Eg hugsar at veslebror min, som berre var seks år, grein og grein. Eg merka fort at eg ikkje greidde å ta vare på han, så då me var kome fram til India tok eg avgjerdsla om å senda han tilbake til Sri Lanka igjen med same båten, fortel Enistan.

    For Enistan gjekk turen vidare til Mali i Afrika, kor han var i rundt åtte månadar. Vidare blei han frakta til Frankrike, kor han blei plukka opp av onkelen sin som han budde sjå i nokre månadar. Vidare blei han sendt til Danmark, og reisa tok ikkje slutt før han plutseleg stod heilt åleine utanfor politistasjonen i Oslo, med berre kleda han hadde på seg.

    - Personane som hadde frakta meg til Norge, køyrte meg til politistasjonen og sa at eg kunne gå ut av bilen og inn der, så ville alt ordna seg og eg ville etter kvart få kontakt med foreldra mine. Dette var den 22. desember 1999. Eg var livredd, og gret. Mykje, fortel han.

    Åleine i Norge

    Men han manna seg opp og gjekk inn på politistasjonen. Derifrå blei han sendt til eit asylmottak, kor han trefte fleire andre tamilar. Plutseleg var han ikkje åleine lenger. Etter tre månadar på asylmottaket, kom ein ny onkel til unnsetning.

    - Plutseleg stod det ein mann der og sa han var onkelen min. Eg visste at eg hadde ein onkel i Oslo, det hugsa eg å ha bli fortalt. Eg var ofte på besøk hjå han, og etter fire månadar flytta eg inn hjå han. Men han budde eigentleg i Frankrike, så då blei eg send til ein ny onkel. Han budde i Eigersund, fortel Enistan.

    Her starta han i den norske skulen, og gjekk to trinn under for å læra seg norsk. I starten hadde han med seg tolk, slik at han raskt skulle læra seg norsk. Han blei med på fotball, volleyball, handball og friidrett. Alt for å læra seg norsk og gli inn i det norske miljøet. I dag har Enistan brei Eigersund-dialekt.

    Men livet i Eigersund blei ikkje som han hadde håpa. Han blei ein del av familien til denne onkelen, men det blei raskt klart at det ikkje var nokon drøymesituasjon. Enistan ynskjer ikkje å gå inn på situasjonen i familien, men innrømmer at det blei ein del vald. Til slutt vart det så mykje at ein 15 år gamal Enistan gjekk til politiet og forklarte at han ikkje ynskja å bu hjå han.

    - Så då enda det opp med rettssak kor han la seg flat og bad dei plassera meg i barnevernet. Onkelen min fekk besøksforbod mot meg, og eg fekk direkte alarm til politiet, seier Enistan.

    Han blei plassert i fosterheim på Forus, medan han nett hadde kome inn på Dalane vidaregåande skule. Deretter blei han som 16-åring plassert i eigen leilegheit på Brusand. Her treivst han dårleg, og slutta etter kvart på skulen. Då starta han å jobba i Stavanger, medan han flytta til Mariero.

    - Her starta det å gå endå verre. Eg sleit med økonomi. Eg sleit med alt. Eg gjekk ikkje på jobb, og alt var på botn. Trur ikkje at eg brydde meg om noko, seier han.

    enistan 10.jpg

    Til Forsand

    Men så skulle livet forandra seg til det betre for Enistan. På Lyd- og Lyshuset jobba han med ein kar frå Forsand som han etter kvart blei godt kjent med. Far til denne forsandbuen, som hadde bakgrunn frå arbeid med ungdommar som hadde det tøft, var ofte innom arbeidsplassen.

    - Han greidde fort å lesa at det var noko gale med meg, og me starta og prata samen. Ein dag sa han at eg kunne komma å bu sjå han og familien til Forsand, fortel Enistan.

    Fram til då hadde han vore heilt åleine i seks år. Han hadde ikkje kontakt med nokon i familien, og det nærmaste han hadde var barnevarnet. Den unge guten følte seg mykje åleine.

    - Eg følte meg utruleg komfortabel med denne karen, så eg nølte ikkje eit sekund då eg fekk tilbodet. Eg flytte så fort eg kunne. Endeleg hadde eg nokon eg kunne stola på og føla meg trygg hjå, seier han.

    - Korleis trur du det hadde gått om du ikkje kom dit?

    - Eg veit ikkje. Eg tør mest ikkje tenka på det. Kanskje eg hadde hamna i feil miljø? Eg hadde nok i alle fall ikkje hatt den jobben eg har, og det hadde fort gått feil veg. På det tidspunktet hata eg meg sjølv, og eg hata alt i livet mitt. Eg ville ikkje gjera noko, og eg var rasande på foreldra mine ettersom dei hadde sendt meg av garde. Eg ville mykje heller vera hjå dei. Eg følte meg heilt forferdeleg, seier han.

    Den nye familien på Forsand hjelpte han etter kvart med å få jobb som billettør på ferja mellom Lauvik og Oanes, og etter kvart blei han kjent med ein forsandbu som hjelpte han med å få jobb i Rødne. Livet starta å smila for Enistan, men det var framleis noko som gnaga. Levde familien hans?

    - I starten, då eg kom til Norge, visste eg at dei var i live. Men då eg var sjå onkelen min i Eigersund var det framleis krig der nede, så telefonlinja vart kutta og eg mista kontakten med dei, seier han.

     enistan 3.jpg

    Etter kvart fekk han vite at alle dei såkalla Tamilske tigrane var utrydda, og ettersom faren var involvert med dei, var han sikker på at han var blant dei døde.

    - Eg visste at han var altfor sta til å ville flytta, så eg mista eigentleg heile trua på å nokon gong sjå dei igjen. Ettersom eg ikkje var i eit tamilsk miljø i Norge, kunne eg heller ikkje spør rundt. Eg var sikker på at alle var vekke. Eg lurte på om eg nokon gong fekk gravlegga dei, seier han.

    Ukjend mann på døra

    Sjøen ut mot Kvitsøy er blank og fin. Sola skin mot holmane i det me passerar dei første blinkarane på veg inn mot ferjekaien. Han hugsar tilbake til ein vårdag i 2015. Då var han også på jobb og fekk ein telefon frå sambuaren Cecilie.

    - Ho sa: «Du, det står ein som liknar veldig på deg her på døra». Eg tenkte at det vel var ein tamil eller ein annan utlending. Eg tenkte vel som så at nordmenn greier jo ikkje å sjå forskjell på utlendingar, og trur vel at alle er frå same land. Så sa ho at han spurte etter meg, seier han.

    - Kva var dette?

    - Nei, så sa ho: «Han likna så mykje på deg. Eg er heilt sikker på at det er bror din». Ho visste ikkje alt den gongen, så eg trudde ho tulla. Eg prøvde å fortelja ho at det ikkje kunne vera det, seier han.

    Til slutt bad ho han om å komma tilbake seinare, etter at Enistan var ferdig på jobb. Så skjedde det som ofte skjer i passasjerbåt-bransjen, det blei endringar. Og då denne karen kom tilbake på døra, ga han nummeret sitt til Cecilie.

    - Og så sa han at han var bror min. Eg blei heilt sett ut, og stivna heilt. Eg var ikkje sein med å ringa, og han bekrefta det han hadde sagt til ho. Det var bror min. Han eg hadde sendt tilbake til Sri Lanka, mest 20 år tidlegare.

    - Sjukt, magisk

    - Korleis i alle dagar hadde han funne deg?

    - Han visste at eg var i Norge, så han hadde hatt ei lang reis. Først i Oslo, så i Eigersund og til slutt på Forus. Alle dei gamle plassane eg hadde vore tidlegare. Til slutt hadde han kome fram til leilegheita mi i Bjergsted. Mor mi hadde visst systrer og brør i England, så han hadde budd der i nokre år, fortel han.

    Den dagen blei litt utanom det vanlege for den elles så sindige Enistan. Han avtala at han skulle treffa han ved togstasjonen etter at han var ferdig på jobb. På veg opp frå Jorenholmen til Fiskepirterminalen var pulsen på cirka 200. Handflatene sveitta som aldri før. På togstasjonen kom toget frå Eigersund. Der gjekk ein og ein av. Det kom masse utlendingar. Enistan kikka godt, men ingen stoppa.

    - Men plutseleg, litt lenger borte, stod det ein kar som såg litt forfjamsa ut. Eg tenkte at det måtte vera han, og drog litt kjensel på han. Sjølv om eg ikkje hadde sett han sidan han var seks.

    Enistan ringte, og mannen i andre enden tok opp telefonen.

    - Det var heilt sjukt. Magisk. Den kjensla der var heilt ubeskriveleg.

    - Kva var det første du spurte om?

    - Korleis familien hadde det. Då starta han og le, og sa: «Det er eg sikker på at du har slitt med lenge.», fortel Enistan.

    «Ein kompis»

    Så fortalte han at dei var i live, og korleis det hadde vore der nede under krigen. Han hadde hatt det mykje verre enn Enistan. Men både han, foreldra og dei to eldre søskena var i live.

    Det første dei gjorde var å gå heim til Enistan for å ringa foreldra hans i Sri Lanka via videoanrop. Dei var begge om lag like gira.

    - Berre sitt her, og sjå om dei kjenner deg igjen, sa bror hans til Enistan i det dei kopla opp samtalen. Han gleda seg så sjukt til å fortelja at han hadde funne bror sin.

    - Plutseleg såg eg foreldra mine på kamera. Eg greidde ikkje å halda tårene tilbake. Bror min sa: «Eg er sjå ein kompis her. Han vil berre seia hei». Så snudde han kamera mot meg. Å herregud. Dei kjente meg igjen med ein gong. Mor gret, og far min like så. Ho greidde ikkje å seia eit ord. Dei visste jo heller ikkje om eg var i live, seier han.

    enistan 7.jpg

    Tilbake til Sri Lanka

    No skal han ned til Sri Lanka og besøka dei for første gong i august. Då tar han med seg pengar for å hjelpa dei, og så har faren spurt om han kan ta med seg nokre norske eple.

    - Hehe, eg spurte om det var noko dei ville at eg skulle ta med. Det var det ikkje, men eg insisterte. Då bad far min meg om å ta med nokre norske eple. For han hadde alltid hatt lyst til å smaka eple, fortel Enistan.

    - Korleis blir det å treffa foreldra dine etter 20 år?

    - Eg klarar ikkje å sjå det føre meg. Eg er utruleg nervøs, og både gruar og gler meg. Det blir heilt sjukt.

    Det blir også hans første møte med Sri Lanka på over 20 år, men sjølv om han berre var ni år då han reiste frå landet, veit han nøyaktig kor han skal når han reiser ned. Han har faktisk bedd foreldra sine om å halda seg heima, for han har nemleg leigd seg bil med sjåfør slik at han kan finna fram til staden sjølv.

    - Eg hugsar mest alt i frå krigen. Og eg hugsar at me flytta mykje. Me budde i den nest største byen i Sri Lanka, som var kontrollert av dei Tamilske tigrane medan eg var i landet. Alle flytta frå byen, forutan oss. Så me fekk sjå mykje rart. Til slutt måtte me flytta til tanta mi i ein annan by. Då sov me på taket på bussen, for det var ikkje plass inni. Eg har mange minner som nok ikkje kjem til å forsvinna, seier han.

    - Hugsar du om du var mykje redd?

    - Eg var aldri redd når eg var med foreldra mine. Då hadde eg alle dei nærmaste rundt meg. Men me hadde ikkje lov til å gå ut av døra etter klokka sju. For då blei alt som bevega på seg skutt.

    - Men eg hugsar ein gong eg var redd. Alle folka i gata hadde flytta, og me skulle inn i eit hus for å sjå om det var noko me kunne ta. Plutseleg kom det eit høgt smell. Ei bomba gjekk av rett ved sida av huset. Eg fekk ei splint i kneet og hadde store problem ganske lenge, seier han.

    No bur han på Nord-Talgje i Sjernarøyane med sambuaren Cecilie og sonen William. Då Øyposten treff dei er det ein lykkeleg liten familie. William er høfleg og pratesjuk, og leikebilane fyk over golvet. Han har traktor, bil og lastebil. Det er stas med alt som har motor. Til hausten ventar dei ei lita jente saman. Om alt går etter planen, får den litle familien bygga seg eit hus i nærmaste framtid. Historia om Enistan Sandrasegaram er ganske utruleg. Det er ei solskinshistorie.

    - Eg kan ikkje ha det betre enn eg har det no. At eg skulle bu på Sjernarøy i fred og ro, med det som snart er to born. Hadde aldri sett det føre meg. Eg har ein god jobb, har fått kontakt med familien. Det kan ikkje bli betre.

    - Korleis har det vore for deg å få Cecilie inn i livet ditt?

    - Eg ville ikkje ha dame, og eg ynskja ikkje å forholda meg til ei. Og i alle fall ikkje ha familie. Eg tenkte aldri framover. Eg jobba og drakk opp pengane. Det som var igjen etter at eg hadde betalt rekningane mine brukte eg opp på byen. Det var eit dritliv. Men etter at eg trefte Cecilie, og etter at sonen vår kom, vil eg gi han alt som eg ikkje hadde. Eg vil at han skal ha familie og får barndommen eg aldri hadde, seier han.

    Det er ingen tvil om at livet, og historia til Enistan Sandrasegaram er ei solskinshistorie. Den koselege karen med det vinnande smilet har vore igjennom meir enn det nokon av oss kunne ha førestilt oss. Men no verkar han ikkje til å bæra preg av det i det heile teke, og til og med den store tatoveringa på halsen er det ein triveleg bakgrunn for.

    - Eg gløymte å skriva tamilsk, så det var noko eg laga sjølv. Det er eigentleg barneskrift. Om andre tamliar les det som står, så trur dei nok at det er eit småborn som har skrive det, flirar han, medan båten fint legg seg til kai på Kvitsøy og nøgde passasjerar takkar for turen.

    21. august reiser han ned for å treffa foreldra sine for første gong. Det blir ein utruleg oppleving for ein som aldri trudde han skulle få sjå dei att. 

     

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 16.06.2018 - 19:41
    2C9CE30E-2904-4C96-B8D9-8F0D3083F2BC.jpeg

    Finnøy vant toppoppgjøret mot Kvitsøy

    Dei har møtt kvarandre på fotballbanen heilt sidan 1950-og 60 talet,men at dei skulle møtast til toppkamp i 6.divisjon og til å med innta tabelltoppen saman når serien er halvspela,var det vel dei færraste fotballinteresserte Kvitsøy- og  finnøybuar som hadde trudd då sesongen starta.Likevfullt er det nettopp desse to øyalaga som tronar aleine øverst på tabellen når laga no tek sommarferie.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.06.2018 - 17:16

    Finnfast kan vera nedbetalt i 2023

    Eit fleirtal i fylkestinget,bestående av partia FrP,Høgre,Ap og Senterpartiet,vedtok i sitt møte i i går,tysdag,at også elbilar skal betala for passering i alle bomstasjonar.Det skal maksimalt betalast halv takst av ordinære diesel- og bensinkjøretøy.Det kan føra til at nedbetalinga av Finnfast kan veta fullført alt i 2023.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 11.06.2018 - 12:43

    Fylkesmannen vil ikkje flytte kommunegrensa på Ombo

    Sjølv om eit solid fleirtal av innbyggjarane på Ombo gjennom folkehøyringar har gitt uttrykk for at dei ynskjer å høyra til i ein kommune,tilrår Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa, at kommunegrensa mellom Hjelmeland og Finnøy blir som i dag.Det bur til saman omlag 240 innbyggjarar på øya.90 av dei høyrer til i Hjelmeland.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 07.06.2018 - 12:02

    Øyposten feirer tomata!

    Det er i dag 90 år sidan den fyrste tomata vart planta på Finnøy!

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 04.06.2018 - 23:38

    Forbod mot slåing av veggrøftene

    Du har kanskje lagt merke til det,og gjerne irritert deg litt over det også;Både graset og ugraset står framleis meterhøgt langs veggrøftene rundt omkring på øyane i Finnøy, men også elles.Det er likevel ein grunn til at vegrøftene ikkje er slegne enno.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 29.05.2018 - 13:06

    Har starta etterforsking på Ombo

    Etterforskinga rundt brannen på Ombo er i full gang.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 29.05.2018 - 12:16
    biltrafikk.JPG

    Kven har vikeplikt?

    I fleire kryss i Finnøy er det ikkje klart nok kven som eigentleg har vikeplikt og forkøyrsrett.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 28.05.2018 - 10:06
    BRANN OMBO mannskap1.jpg

    OPPDATERT: Det brenn framleis på Ombo

    Måndag morgon er det et igjen sett inn helikopter i slukkingsarsarbdeit på Ombo. 

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 27.05.2018 - 23:54

    Brenn framleis

    Då Øyposten reiste frå Ombo sundag kveld klokka 2300 var det framleis flammar å sjå to satder på øya. 

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 27.05.2018 - 18:37

    Brannen blussar stadig opp

    Folk på Ombo førebur seg no på evakuering

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 27.05.2018 - 17:33
    9601C16C-B410-4E8D-89C6-3A44853E8030.jpeg

    Store ressursar er sett inn i skogbrannen på Ombo

    Både Sivilforsvaret,lokalt brannvesen og tre helikopter er sett inn  i arbeidet med å slukke skogbrannene like nordaust for Eidsund på Ombo.Over 1000 mål skog og kratt er brunne ned.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 24.05.2018 - 10:53
    finnøy fotball.JPG

    Fotballfest på heimebane

    24. juni lagar Finnøy IL og Øyposten fotballturnering på Leikvoll.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 23.05.2018 - 13:34
    ungar.JPG

    Fleire i Finnøy

    Fersk befolkningsstatistikk viser vekst i folketalet i Finnøy.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 17.05.2018 - 16:02
    SAM_2908.JPG

    Stor oppslutnad om 17. maifeiringa på Finnøy

    Bilkortesje rundt øya om morgonen, kransenedlegging ved bautaen over eidsvollmannen Asgaut Regelstad, og påfylgjande gudsteneste i Hesby Kyrkje etterpå. Det var hovedmenyen på 17.maiprogrammet på Finnøy i føremiddag. Kl.12.30 hadde nærmare 1000 menneske samla seg i fleibrukshallen, der 7. klasse og foreldre som 17. maikomite sytte for eit variert og flott program.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 17.05.2018 - 08:58
    8FF8438F-99A3-4D33-A01B-35801CC9CF5F.jpeg

    70 år i bilkortesje rundt Finnøy 17. Mai

    Like visst som den noko spesielle bilkortesjen rundt Finnøy som starten på 17.maifeiringa har funne stad i 70 år,like visst har superveteranen på pluss 90,Sigmund Landa,vore å finna i framsete.I dag var det yngstesonen Arne, som hadde teke plassen bak rattet i den gamle raude Ford stasjonsvogna hans.Men sjølvsagt måtte far Sigmund sitja ved sida av,å få med seg sin 70.bilkortesje rundt «perlå i Ryfylke»,på denne utruleg vakre 17. Mai morgonen.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 15.05.2018 - 14:51
    17mai1112.jpg

    17.mai-bilete

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 09.05.2018 - 13:59

    Liv laga for idrettslaget?

    Skal Sjernarøy Idrettslag bestå eller forgå?

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 09.05.2018 - 13:03

    Forsinka Øyposten

    Grunna ein feil hjå Posten på Forus kjem ikkje Øyposten ut til Finnøy i dag. Avisa vil vera på plass på Finnøy på fredag. Me beklagar dette og jobbar for at dette ikkje skal skje igjen. Last ned PDF utgåva i linken under.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 07.05.2018 - 23:24

    Ny solid heimesiger til Finnøy

    Finnøy vann ein fullt fortent siger då dei banka Hundvåg 2,3-0, i seriekampen på Leikvoll i kveld. Etter ein noko rufsete og lite velspela 1. omgnag, der Finnøy tok leiinga like før laga gjekk til pause, var det eit heilt nytt heimelag som kom på banen i 2.omgang. Dei to bytta trenar Flesjå-Johansen gjorde i pausen, slo også positivt ut. Og sigeren var ikkje eit mål for stor etter spel og sjansar, og slik kampen utarta seg. Dermed står Finnøy med 6 poeng etter tre spelte kampar. Ein jury kåra,Tomasz Cieslikowski, til dagens finnøyspelar.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 04.05.2018 - 15:28

    Målar ferdig Rennfast-no står Finnfast for tur

    Arbeidet med å måla tunnelveggane i Rennfast kvite vert ferdigstilt i løpet av komande helg, opplyser Statens vegvesen. Deretter vil det same målararbeidet bli gjennomført i Finnfast. Medan arbeidet i Finnfast vert gjennomført, vil det bli gjennomført kontinuerleg kolonnekøyring.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 04.05.2018 - 14:25
    Plastinnsamliong.JPG

    500 søppelsekker rivne bort

    Øyposten har vore ein sentral aktør som koordinator og marknadsføringskanal i den store ryddeaksjonen, som har funne stad rundt omkring i øykommunen vår dei siste dagane.I løpet av ettermiddagen i går vart også dei siste av totalt 500 plastsekker til aksjonen delt ut frå vårt kontor på Judaberg.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 04.05.2018 - 09:17
    Bendik.jpg

    Aktiv organisasjonsmann tek over leiarvervet i FIL

    Han var eigentleg tiltenkt rolla som aktivitetsleiar for breiddesatsinga i Finnøy Idrettslag. Men for å få den endelege styrekabalen til å gå opp på det ekstraordinere årsmøte torsdag kveld, rykka Bendik Hegglund opp til nyvalt leiar i laget, og får no avlastning som aktivitetsleiar. 

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.05.2018 - 14:15

    «Det er viktig å plukka plast»

    Elevane på Finnøy er ikkje i tvil om at det er viktig å bidra til eit reinare nærmiljø.

    » Les heile saka