Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 15.08.2017

    Vil samkøyra nytt regelverk

    Kommunen ynskjer eit felles regelverk i forhold til vasskuter for alle kommunar med sjøareal i Ryfylkebassenget.

    I samband med at regjeringa i mai vedtok å sidestilla reglane for bruk av vasskuter med fridtidsfartøy, inviterte Ryfylke friluftsråd tidlegare i sommar kommunane Stavanger, Sandnes, Randaberg, Finnøy, Rennesøy, Strand, Forsand, Kvitsøy, Hjelmeland, Suldal og Sauda til eit møte.

    Målet med møtet var å leggja til rette for at desse kommunane vedtek så like reglar som mogleg når det gjeld bruken av vasskuter. For politiet som skal handheva lovverket og Statens naturoppsyn som skal passa på verneområda, er det viktig at kommunane som har felles sjøareal har like ferdselsreglar.

     

    Nytt regelverk til hausten

    Ordførar Henrik Halleland uttrykte begeistring for initiativet frå Ryfylke friluftsråd.

    - Det er klart at her må kommunane må bli einige, og køyra felles lovverk. Viss ikkje blir det uoversiktleg både for brukarar og dei som skal handsama regelverket.

    - Det bør vera ei regulering av bruk av vasskuter, ut frå omsynet til miljø, sikkerheit, støy og ikkje minst trivsel generelt. Det er viktig å finna fram til ei god løysing for alle partar som bruker skjærgarden, og me må uansett sikra tryggleiken på sjøen, sa dagleg leiar Hans Olav Sandvoll på same møtet.

    Kommunen rakk ikkje å vedta nye føreskrifter før sommarferien.

    - Korleis tenker du å samkøyra regelverket mellom kommunane?

    - Eg tenker vel at Ryfylke friluftsråd kjem med eit forslag med ulike føringar som me tek opp til politisk behandling til hausten og som blir samkøyrt med dei andre aktuelle kommunane. Til neste sommar bør eit nytt regelverk vera på plass. 

    - Enkelte hevdar at ein bør innføra sertifikat eller kompetansebevis. Er det ein god idé?

    - Nei, det trur eg ikkje, seier ordførar Halleland.

     

    Behov for regulering

    Politiførstebetjent på trafikk –og sjøseksjon ved Sør-Vest politidistrikt, Kjetil Sandvik, seier til Øyposten at det ikkje er meldt om hendingar eller uhell med vasskuter i Finnøy så langt i sommar.

    - Aktivitet på sjøen heng nøye saman med været. Det har på ingen måte vore ein fin sommar, og det merkar me som kontrollerer farvatna i distriktet godt. Jo dårlegare ver, jo mindre aktivitet, det er alltid slik.

    - Er det nødvendig med ei regulering av bruken av vasskuter?

    - Basert på erfaringar frå denne sommaren kan eg ikkje uttala meg fordi det har vore så få dagar med fint ver, og svært lite aktivitet på sjøen. Men på generelt grunnlag meiner eg det openbart er behov for regulering. Vasskuteren er eit lite fartøy med eit stort farepotensial. Å køyra vasskuter krev ein erfaren førar og bør regulerast i eit felles kommunalt lovverk, seier Sandvik.

     

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 19.02.2018 - 22:24

    Uavgjort på Leikvoll

    Finnøy spela uavgjort 2-2 mot naborivalen Mastra frå Rennesøy,då laga møttes til  treningskamp på ei innbydane kunstgrasmatte på Leikvoll i kveld.Det var Jarle Sigbjørn Eike og rumenske Yannis som scora måla for heimelaget.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 16.02.2018 - 10:02

    Vil stå hardt på for Nedstrand-ferje

    I framlegget til ny rutestruktur for Finnøysambandet,er Nedstrand teke heilt ut i det eine alternativet,medan tilbodet i alternativ to er redusert i forhold til i dag.Det likar tysværordførar Sigmund Lier svært dårleg.No lovar han ein tøff kamp for å behalda ei pendlarferje Nedstrand-Foldøy ,og eit ferje sørover mot Nesheim som er betre enn det som ligg i forslaget frå fylkessamferdselssjefen. 

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 15.02.2018 - 15:19

    Solid skatteinngang, men marginalt overskot i kommunen

    Eit betydelig meirforbruk både i skule og innan helse-og omsorgsektoren,fører til at den foreløpige rekneskapen berre syner eit marginalt overskot på vel 800 000 kroner.Det trass i ein auke i skatteinngangen på 8,8 prosent i forhold til 2016.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 13.02.2018 - 09:54
    Ferger og hesby skule 0015.JPG

    Nytt ruteforslag-Jelsa ute av Finnøysambandet

    Samferdselssjefen i Rogaland har kome med forslag til ny rutestruktur i Finnøysambandet. I begge dei to alternativa som er lagt fram er Jelsa teken ut, medan særleg Sjernarøyane kjem betydeleleg styrka ut i begge dei to alternativa.I alternativ to er også Fisterøyane,Bokn-Byre-Helgøy, tekne med, og skal betjenast med ei tredje kombiferje mot fastlandet på Judaberg tre dagar i veka.    

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 09.02.2018 - 18:38
    5181B49B-8587-4CF5-A986-E50E51D72176.jpeg

    Skifjell fekk takk frå ordføraren

    Etter at den formelle delen av eit rekordraskt kommunestyremøte var over, onsdag kveld,overrekte ordførar Henrik Halleland blomster til tidlegare leiar i Ryfylke Næringshage,Heidi Skfjell.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 08.02.2018 - 10:00

    Bekymra over kostnadene i Øyfast

    Under møte i samferdselsutvalget i fylket i onsdag,ville Per Kåre Foss (Kr.F) vite om status for Øyfast i lys av kostnadene med det nye anbodet på ferjedrifta i Finnøysambandet som no er under behandling.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 07.02.2018 - 19:05

    Tekne for besittelse av narkotika

    Ein mann på 26 og ei kvinne på 19 er tekne av politiet på Finnøy for å vera i besittelse av narkotika.Det er politiet som melder dette på Twitter i ettermiddag .

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 07.02.2018 - 16:58
    ogmund finnson1.jpg

    Nasjonalskatt frå adelsslekta til Ogmund Finnsson?

    Det nye norske nasjonalmuseet som er under bygging, vil ha dei einaste norske kongeregaliene frå middelalderen heim frå Danmark til opninga i 2020.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 05.02.2018 - 23:31

    Vil ha kommunalt engasjement for ungdomsklubb

    Kommunestyrerepresentant Heidi Skifjell ,(pol.uavh.), har til kommunestyremøte onsdag,meldt inn ein interpellasjon til ordføraren.Der bed ho Halleland gjera greie for korleis kommunen ser på det,etter hennar meining,svært så positive private initiativet til ein mekkeklubb/fritidsklubb for tenåringar på Ladstein.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 01.02.2018 - 13:14
    2A50390E-D7E7-4B4D-A582-C265E964DBD8.jpeg

    Gro Skartveit melder seg ut av Venstre

    Tidlegare ordførar Gro Skartveit (til venstre

    på bilete),har i dag gitt beskjed om at ho melder seg ut av Venstre.Ho vil dermed også trekkja seg som gruppeleiar for det største opposisjonspartiet i kommunestyret.Nyleg blei det også kjent at partifelle Heidi Skifjell (t.h.på bilete) også melder se ut.

    -Eg meiner partiet har teke ei retning som går på akkord med det som er sjølve grunnlaget for at eg har engasjert meg i partiet,seier Skartveit til Øyposten.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 01.02.2018 - 10:12

    LEIAR: Det hastar med ny sjukeheim

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 29.01.2018 - 08:49
    Foto Eilert Munch Lund.jpg

    Positiv, men stiller klare miljøkravkrav til oppdrettsnæringa

    Forskingsselskapet IRIS, har i løpet av 2017 gjennomført ei djuptgåande kartlegging om lokalbefolkninga i Finnøy sine haldningar til lakseoppdrett.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 29.01.2018 - 08:47
    Konsert-1.JPG

    Samla seksti songarar

    Dirigent-legenden Per Oddvar Hildre fekk fram dei klåraste tonane som tenkjast kan i eit tre-dagars  korseminar på Finnøy fleirbrukshall denne helga.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 25.01.2018 - 13:46
    IMG_00011.jpg

    Naturtalentet Nadine

    Med sminke kan du trylla fram den beste utgåva av deg sjølv. Eller motsett, du kan sminka fram ein forstua fot eller avskoren fing, eit blodig og skamfert ansikt, eller ein demon i solnedgang.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 23.01.2018 - 15:27
    SAM_2579.JPG

    Startar opp mekkeklubb for ungdom

    I siste nummer av avisa laga me ein reportasje om, Ove Bergsaker på Ladstein, som inviterte tenåringsungdom heim til seg.I den nyrenoverte løa si inviterer han ungdom til å møtast på uformelt grunnlag,og til mekking i den flotte verkstaden.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 22.01.2018 - 13:51
    IMG_1979.JPG

    Babyboom i Finnøy

    Medan fødselstalet er på eit lågmål elles i landet, har det aldri blitt født fleire born i Finnøy kommune enn i år 2017.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.01.2018 - 11:21
    20180107_135157_001 (002)2.jpg

    Har budd 100 år i same huset

    Han blei født heime i stova si i Hesby den 8. januar 1918 medan 1. verdskrig enno rasa ute i den store verda. Der blei han buande i 100 år.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 10.01.2018 - 22:19

    Solid skatteinngang i 2017

    Den akkumulerte skatteinngangen i kommunen,var ved utgangen av 2017 på 93,8 millionar kroner. Det er ein auke på heile 8,85% i forhold til tilsvarande periode i 2016. Skatteinngangen er også 2,3 millionar over det vedtekne budsjett for 2017.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 10.01.2018 - 08:35

    Nord Hidle fejekai opnar igjen i morgon

    Ferjekaien på Nord Hidle vil i morgon tidleg igjen bli teken i bruk til ordinær ferjetrafikk. Kaien har vore stengt for anløp av fejene i Finnøysambandet sidan måndag.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 06.01.2018 - 09:19

    Venterommet på kaien er igjen opna

    Venterommet ved trafikkterminalen på Judaberg, som har vore stengt i lengre tid på grunn av hærverk på begge toaletta,er igjen opna for dei reisande.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 03.01.2018 - 17:48
    edd.jpg

    Rutinert avismann tek over som redaktør

    Nordlendingen,Edd Meby, er tilsett som ny redaktør i Øyposten. Meby har sidan september 2016 vore tilsett som redaktør og dagleg leiar i avisa Ryfylke i Sauda. Frå 1. april finn du han i Øyposten.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 28.12.2017 - 23:23

    Nye ferjeruter med utvida seglingstid

    Dei nye fergerutene i Finnøysambandet,med verknad frå 01.01.18-31.12.19,er no klare.Dei viser at seglingtida er utvida både i det søre og nordre sambandet.Sambandet vil framleis ha endestasjon på Jelsa med to daglege anløp.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 21.12.2017 - 14:46

    Posten sendte posten til Flekkefjord

    Posten vert forsinka til dei fleste øyane i Finnøy grunna feilsending.

    » Les heile saka