Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 12.06.2017

    Graset gror - bøndene fortvilar

    Intense regnskyll og kraftige nedbørsmengder dei siste 8-10 dagane, har gjort sitt til at det som såg ut til å bli både ein tidleg og lovande siloslått no bokstaveleg talt er i ferd med å regna bort.  

    Tekst og foto: Jon Asgaut Flesjå 

    - Ja, dette går på psyken laust sjølv for ein rådgjevar i Norsk Landbruksrådgjeving, seier ein alvorstynga seniorrådgjevar og nestor framfor nokon, når det gjeld kunnskapar om grasdyrking og siloslått her i landet, Ragnvald Gramstad på Særheim. Men han er likevel rask med å leggja til, at det er i slike situasjonar og utfordrande tider me må vera lure og stålsetja oss litt for å ta dei rette vala. 
     
                                                       - Det er to slåttar til 

    - Då handlar det om å bevisttgjera bøndene på at det trass alt er to slåttar til her i Rogaland som skal i hus, før dyra vert sett på bås til hausten. For sjølv om det er mykje «tre og ved» i det snart meterhøge graset som skal leggjast i silo, så må ein prøva å ordna seg slik at det er dette foret ein kan gi til  storfè og kyr som ikkje mjølkar der det er mogeleg, så får ein heller ordna seg slik at slått nummer to og tre med gras som vonleg har høgare næringsverdi, blir lagra slik at det er dette ein skal gi til mjølkekyrne i høg produksjon. Då kan ein i alle tilfelle redusera kraftforrekninga noko, slår Gramstad fast  og vel på den måten å likevel sjå positivt på det heile. For sjølv om det er mang ein bonde i dag som står og sparkar i låvedøra og knyter neven mot striregnet som fell dag ut og dag inn, påpeikar rådgjevar Gramstad at det også har vore utfordrande slåttevêr før også. -Eg hugsar godt både sommaren 1979 og 1986 som var like elendige, så me må ikkje gløyma heilt at det har vore svært utfordrande tider også før. 

    - Men når både 2. slåtten i juli/august i fjor også regna bort og me opplever det same alt no i år, så er det vel eit teikn på at det er noko heilt spesielt som skjer? 

    - Vel, det kan du nok kanskje seia, men eg vil ikkje konkludera heilt enno om at dette er eit resultat av dei klimaendringane som mange seier me er midt oppe i. For som sagt, dette har også skjedd før.

                                                                     Dyrt for bonden 


    - Men sjølv om det no skulle bli opplett nokre dagar, så er det vel ikkje slik utan vidare berre for bonden å setja seg i den store traktoren sin og dura på med store avlessarvogner på slep på ei både vassmetta og vassjuk jord? 

    - Nei, det er eigentleg ei viktig problemstilling du reiser her.  For det er eit faktum at skadane både på dreneringssystemet og ei sterk pakking av jorda i nesete omgang kan redusera avlingne karftig på grunn av det me kallar jordpakking. I det perspektivet må ein sjølvsagt ta omsyn til kva jordtype ein har og korleis forholda er på dei enkelte ekrene, eller «tjelvene» som me seier her på Jæren. 
    Men når kvaliteten på grovfôret er dårleg og bøndene må spe på med kraftfôr, blir vel det ein betydeleg meirkostnad for bøndene om produksjonen skal haldast oppe? 

    - Ja, utan tvil, svarar Gramnstad, men er snar med å leggja til det som han innleia samtalen med. Nemleg at her må kvar enkelt bonde vera smart og tilpassa seg situasjonen så godt dei kan etter dei anbefalingar som eg har kome med. Men, ja, eg skjønar svært godt den fortvilelsen blant bøndene på både Jæren og i Ryfylke over å ikkje få gjort unna den viktige slåtten til rett tid. Difor er eg redd det kan bli store kraftfôrrekningar å finna i postkassen utover vinteren når eit uvanleg dårleg silofôr skal kompenserast med proteinrikt og dyrt kraftfôr, slår grovfôreksperten på Særheim fast til slutt.   

     

    Nyheter

    Publisert 16.10.2017 - 15:48

    Vil splitta kyrkje og bedehus

    Talgje bedehus innkallar til ekstraordinært årsmøte med forslag om å seia nei til utleie av bedehuset til den norske kyrkja.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 12.10.2017 - 13:56

    Statsbudsjettet i Finnøy

    Slik påverkar statsbudsjettet ein finnøybu.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 12.10.2017 - 11:23
    6 NAV Finnøy.JPG

    Stor auke i sosialstønad

    Talet på søknadar om sosialhjelp i kommunen er nær dobla samanlikna med året før.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 12.10.2017 - 11:21

    Elbilar får avgiftsauke

    I sitt statsbudsjett for 2018 vil regjeringa innføra ei eiga avgift for elbilar. Det rammar dei tyngste bilane.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 09.10.2017 - 15:45
    DSC_01277.JPG

    Ein strålande dag for kultur

    På ein nydeleg dag i haustferien ynskja Judaberg velkommen til M/S Sunnhordland og startskotet for den flytande kulturveka. Med seg hadde båten både viseartistar, Elias og strikkedamer.

    » Les heile saka

    Samferdsle

    Publisert 09.10.2017 - 12:01
    April Ferje_.jpg

    Tre reiarlag vil utvikla hydrogenferje

    Reiarlaga Norled, Fjord 1 og Boreal er kvalifisert av Statens vegvesen til å vera med vidare i konkurransen om å utvikla og drifta verdas første hydrogen-elektriske ferje.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 09.10.2017 - 08:59

    Slutt på kolonne

    Oppgraderinga av Rennfast-tunnelane er ferdig, og det er slutt på kolonnekøyringa etter lang, lang tid.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 06.10.2017 - 12:41
    SAM_2298.JPG

    Kommunen vil kjøpa Rygjabø-tomta

    Med 14 mot 7 røyster, vedtok kommunstyret onsdag kveld å støtta rådmannen si innstilling om kjøp av Rygjabø-tomta like ovanfor Judaberg sentrum

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 02.10.2017 - 15:03
    SAM_2345.JPG

    Vandalar har herja i Teigen

    Ein større traktor har teke seg inn i det populære turområdet i Teigen, knust fleire benker, bruer og sett djupe spor etter seg i terrenget.-Det gjer vondt langt inn i sjela mi at nokon kan gjera noko slikt for alle dei, unge som gamle, som er blitt så utruleg glad i dette flotte området, seier primus motor for "Teigens venner", Arild Flesjå.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 29.09.2017 - 19:28

    Skogbrann var bål

    Brannvesenet rykka ut til melding om skogbrann på Fogn. Det viste seg å vera nokon som hadde tent eit bål.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 29.09.2017 - 14:53
    8 Skifjell (1).JPG

    Skifjell takkar av

    Dagleg leiar i Ryfylke Næringshage, Heidi Skifjell, har fått seg ny jobb og sluttar i stillinga etter 10 år. No fortel ho om korleis det har vore å vera både politikar og leiar i Næringshagen, om små forhold og kva ein eventuell etterfølgjar må ta tak i.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 28.09.2017 - 15:44
    11DN1441.JPG

    Finnfast skal vaskast

    Onsdag 4. og torsdag 5. september blir Finnfast stengd mellom 20.00 og 06.00 grunna vasking av tunnel.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 27.09.2017 - 21:00
    DSC_00493.JPG

    Kommunestyret i Hjelmeland snudde

    Kommunestyret i Hjelmeland forkasta vedtaket frå formannskapet om å innlemma heile Ombo i Hjelmeland. I staden vedtok dei å halda på dagens grenser på øya, men med ein open invitasjon til Finnøy-sida av øya.

    » Les heile saka

    Sport

    Publisert 25.09.2017 - 22:44

    Matchvinnar med siste spark på ballen

    Bursdagsbarnet Hans Runar Eike blei matchvinnar for Finnøy borte mot Våganes med aller siste spark på ballen.

    » Les heile saka

    Næring

    Publisert 22.09.2017 - 15:36

    Protestar mot oppdrettsanlegg

    Innbyggjarane på Landa, Nordbø og Vestbø går i eit skriv til kommunen imot utviding av Bremnes Seashore AS sitt oppdrettsanlegg ved Hesbygrunnen.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 19.09.2017 - 08:37
    søppel COLOURBOX241113073.jpg

    Konkurs kan få konsekvensar

    Avfallselskapet RenoNorden opplyste måndag at dei ville slå seg konkurs med direkte verknad. Det får konsekvensar for avfallshentinga i Finnøy.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 18.09.2017 - 08:44
    Per Kristian Vareide 150x1731.jpg

    Vareide blir truleg ny rådmann

    Fellesnemnda i Nye Stavanger kommune innstiller på at Stavanger-rådmann Per Kristian Vareide også blir ny rådmann i Nye Stavanger. 

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 14.09.2017 - 13:58
    8 Foto Arne Linndal.JPG

    - Må vera oppmerksame

    Arne Linndal sitt 11 år gamle barnebarn måtte kasta seg i grøfta då ein stor SUV-liknande bil kom i mot han då han var på sykkeltur. – Bilistar er nøydde til å vera oppmerksame på syklistar, seier Arne.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 14.09.2017 - 13:28
    img_378141.jpg

    Strengare reglar for hummarfisket

    Absolutt alle som skal fiska hummar i år må registrera seg før fisket startar.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.09.2017 - 23:09

    Hjelmeland vil ha tilbake heile Ombo

    Fleirtalet i formannskapet i Hjelmeland har i dag vedteke at dei ynskjer å ta tilbake heile Ombo og innlemma dei som ein del av Hjelmeland.

    » Les heile saka

    Politikk

    Publisert 11.09.2017 - 22:04

    Høgre valvinnar i Finnøy

    Går opp 4,2 prosentpoeng sidan 2013. Senterpartiet har overteke trona som største parti.

    » Les heile saka

    Politikk

    Publisert 11.09.2017 - 15:48
    11DN2256.JPG

    457 førehandsrøyster i Finnøy

    Politisk sekretær i Finnøy kommune, Marie Urdal melder om rekordmange førehandsrøyster i Finnøy.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 08.09.2017 - 12:45
    IMG_2144.JPG

    Finnøy er verdensmeister i elbilbruk

    At Norge som nasjon er eit foregangsland i Europa og verda når det gjeld ulike stimulitiltak for å kjøpa elbilar,er ei kjent sak.Men at då Finnøy er den kommunen som er best i verda på å bruka elbilar,har no blitt kjent internasjonalt.I dag,fredag,vitja det velrennomerte og kjente nyheitsbyrået,Reuters, Finnøy for å undersøkja nærmare kva som er grunnen til at så mange av innbyggjarane på dei grøne øyane i Ryfylke er meir miljøbevisste enn folk elles ute i den store verda.

    » Les heile saka