Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 09.06.2017

    Årets friluftsråd!

    Ryfylke Friluftsråd er kåra til Årets Friluftsråd 2017 for arbeidet med marin forsøpling.

    Kvart år kårar Friluftrådenes Landsforbund årets friluftsråd, ein utmerking som heng høgt. Under årsmøtet i Bergen den 9. juni var det Ryfylke Friluftsråd som stakk av med prisen i konkurranse med tre andre kandidatar.

    - Alle dei fire nominerte kandidatane har på kvar sin måte gjort ein formidabel innsats i året som har gått på sine områder, og styret har hatt ein vanskeleg oppgåve med å velja ut kven som skulle få prisen. Til slutt landa me på Ryfylke Friluftsråd som ein verdig og solid vinnar, sa styreleiar i Friluftrådenes Landsforbund Steinar Saghaug.

    Grunngjevinga var fylgjande:

    «Årets friluftsråd har ein vesentleg del av si verksemd knyt til det temaet dei får prisen for. Det er for eit tema som står høgt på den politiske dagsorden. Friluftsrådet har gjennom ei årrekkje arbeida med dette, og stadig vore på utkikk etter forbetringar og nyskaping. Dei har i arbeidet lagt vekt på samarbeid med andre, og har hatt ei brei tilnærming. Dei har hatt eit politisk engasjement i saka, og bidrege fagleg – nå i vinter som medarrangør av «Hold Norge Rent» sin årlege konferanse. Likevel vil eg trekka fram dei som kvar dag gjer den praktiske jobben med å plukka, samla inn, transportera og levera tonnevis av plast og anna avfall. Årets friluftsråd Ryfylke Friluftsråd er ein verdig og solid vinnar for sitt arbeid mot marin forsøpling»

    Dei andre nominerte var Oslo og Omland friluftsråd for sin Flerkulturelle friluftsfest, Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal for StikkUt ski vinteren 2016/2017 og Finnmark Friluftsråd for rask og god start. Utmerkinga blei i år delt ut for fjortande gong, og består av eit diplom og 10.000 kroner.

    Bilettekst: Prisen «Årets Friluftsråd» blei overrakt styreleiar i Ryfylke Friluftsråd, Oddny Helen Turøy og nestleiar/driftssjef Ådne Ånensen av styreleiar Steinar Saghaug og dagleg leiar Morten Dåsnes i Friluftsrådenes Landsforbund ved opninga av årsmøtet 9.juni 2017 i Bergen.

     

     

    Nyheter

    Publisert 16.10.2017 - 15:48

    Vil splitta kyrkje og bedehus

    Talgje bedehus innkallar til ekstraordinært årsmøte med forslag om å seia nei til utleie av bedehuset til den norske kyrkja.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 12.10.2017 - 13:56

    Statsbudsjettet i Finnøy

    Slik påverkar statsbudsjettet ein finnøybu.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 12.10.2017 - 11:23
    6 NAV Finnøy.JPG

    Stor auke i sosialstønad

    Talet på søknadar om sosialhjelp i kommunen er nær dobla samanlikna med året før.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 12.10.2017 - 11:21

    Elbilar får avgiftsauke

    I sitt statsbudsjett for 2018 vil regjeringa innføra ei eiga avgift for elbilar. Det rammar dei tyngste bilane.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 09.10.2017 - 15:45
    DSC_01277.JPG

    Ein strålande dag for kultur

    På ein nydeleg dag i haustferien ynskja Judaberg velkommen til M/S Sunnhordland og startskotet for den flytande kulturveka. Med seg hadde båten både viseartistar, Elias og strikkedamer.

    » Les heile saka

    Samferdsle

    Publisert 09.10.2017 - 12:01
    April Ferje_.jpg

    Tre reiarlag vil utvikla hydrogenferje

    Reiarlaga Norled, Fjord 1 og Boreal er kvalifisert av Statens vegvesen til å vera med vidare i konkurransen om å utvikla og drifta verdas første hydrogen-elektriske ferje.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 09.10.2017 - 08:59

    Slutt på kolonne

    Oppgraderinga av Rennfast-tunnelane er ferdig, og det er slutt på kolonnekøyringa etter lang, lang tid.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 06.10.2017 - 12:41
    SAM_2298.JPG

    Kommunen vil kjøpa Rygjabø-tomta

    Med 14 mot 7 røyster, vedtok kommunstyret onsdag kveld å støtta rådmannen si innstilling om kjøp av Rygjabø-tomta like ovanfor Judaberg sentrum

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 02.10.2017 - 15:03
    SAM_2345.JPG

    Vandalar har herja i Teigen

    Ein større traktor har teke seg inn i det populære turområdet i Teigen, knust fleire benker, bruer og sett djupe spor etter seg i terrenget.-Det gjer vondt langt inn i sjela mi at nokon kan gjera noko slikt for alle dei, unge som gamle, som er blitt så utruleg glad i dette flotte området, seier primus motor for "Teigens venner", Arild Flesjå.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 29.09.2017 - 19:28

    Skogbrann var bål

    Brannvesenet rykka ut til melding om skogbrann på Fogn. Det viste seg å vera nokon som hadde tent eit bål.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 29.09.2017 - 14:53
    8 Skifjell (1).JPG

    Skifjell takkar av

    Dagleg leiar i Ryfylke Næringshage, Heidi Skifjell, har fått seg ny jobb og sluttar i stillinga etter 10 år. No fortel ho om korleis det har vore å vera både politikar og leiar i Næringshagen, om små forhold og kva ein eventuell etterfølgjar må ta tak i.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 28.09.2017 - 15:44
    11DN1441.JPG

    Finnfast skal vaskast

    Onsdag 4. og torsdag 5. september blir Finnfast stengd mellom 20.00 og 06.00 grunna vasking av tunnel.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 27.09.2017 - 21:00
    DSC_00493.JPG

    Kommunestyret i Hjelmeland snudde

    Kommunestyret i Hjelmeland forkasta vedtaket frå formannskapet om å innlemma heile Ombo i Hjelmeland. I staden vedtok dei å halda på dagens grenser på øya, men med ein open invitasjon til Finnøy-sida av øya.

    » Les heile saka

    Sport

    Publisert 25.09.2017 - 22:44

    Matchvinnar med siste spark på ballen

    Bursdagsbarnet Hans Runar Eike blei matchvinnar for Finnøy borte mot Våganes med aller siste spark på ballen.

    » Les heile saka

    Næring

    Publisert 22.09.2017 - 15:36

    Protestar mot oppdrettsanlegg

    Innbyggjarane på Landa, Nordbø og Vestbø går i eit skriv til kommunen imot utviding av Bremnes Seashore AS sitt oppdrettsanlegg ved Hesbygrunnen.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 19.09.2017 - 08:37
    søppel COLOURBOX241113073.jpg

    Konkurs kan få konsekvensar

    Avfallselskapet RenoNorden opplyste måndag at dei ville slå seg konkurs med direkte verknad. Det får konsekvensar for avfallshentinga i Finnøy.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 18.09.2017 - 08:44
    Per Kristian Vareide 150x1731.jpg

    Vareide blir truleg ny rådmann

    Fellesnemnda i Nye Stavanger kommune innstiller på at Stavanger-rådmann Per Kristian Vareide også blir ny rådmann i Nye Stavanger. 

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 14.09.2017 - 13:58
    8 Foto Arne Linndal.JPG

    - Må vera oppmerksame

    Arne Linndal sitt 11 år gamle barnebarn måtte kasta seg i grøfta då ein stor SUV-liknande bil kom i mot han då han var på sykkeltur. – Bilistar er nøydde til å vera oppmerksame på syklistar, seier Arne.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 14.09.2017 - 13:28
    img_378141.jpg

    Strengare reglar for hummarfisket

    Absolutt alle som skal fiska hummar i år må registrera seg før fisket startar.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.09.2017 - 23:09

    Hjelmeland vil ha tilbake heile Ombo

    Fleirtalet i formannskapet i Hjelmeland har i dag vedteke at dei ynskjer å ta tilbake heile Ombo og innlemma dei som ein del av Hjelmeland.

    » Les heile saka

    Politikk

    Publisert 11.09.2017 - 22:04

    Høgre valvinnar i Finnøy

    Går opp 4,2 prosentpoeng sidan 2013. Senterpartiet har overteke trona som største parti.

    » Les heile saka

    Politikk

    Publisert 11.09.2017 - 15:48
    11DN2256.JPG

    457 førehandsrøyster i Finnøy

    Politisk sekretær i Finnøy kommune, Marie Urdal melder om rekordmange førehandsrøyster i Finnøy.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 08.09.2017 - 12:45
    IMG_2144.JPG

    Finnøy er verdensmeister i elbilbruk

    At Norge som nasjon er eit foregangsland i Europa og verda når det gjeld ulike stimulitiltak for å kjøpa elbilar,er ei kjent sak.Men at då Finnøy er den kommunen som er best i verda på å bruka elbilar,har no blitt kjent internasjonalt.I dag,fredag,vitja det velrennomerte og kjente nyheitsbyrået,Reuters, Finnøy for å undersøkja nærmare kva som er grunnen til at så mange av innbyggjarane på dei grøne øyane i Ryfylke er meir miljøbevisste enn folk elles ute i den store verda.

    » Les heile saka