Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 07.06.2017

    Rygjabø kan koma «heim»

    Rogaland fylkeskommune går i forhandlingar med Finnøy kommune om kjøp av eigedommen på Rygjabø.

    (Foto: Tor Øyvind Skeiseid)

    Som Øyposten tidlegare har skrive fekk Rogaland fylkeskommune 1.059.000 kroner i forsikringsutbetaling etter at gamle Rygjabø vidaregåande skule brann ned til grunnen i fjor sommar. Finnøy kommune har lenge vore interessert i år ta over den gamle skulen, og under eit møte i fylkesutvalet tysdag, ga eit samrøystes utval fylkesrådmannen fullmakt til å gå direkte i forhandlingar med Finnøy kommune om eit eventuelt sal.

    - Nå får me sjå kva forhandlingane fører til, men dette var veldig gledeleg, seier ordførar i Finnøy, Henrik Halleland.

    Rogaland fylkeskommune har tidlegare sagt at dei ynskte å leggja eigedommen ut på den opne marknaden, men i saksutgreiinga i fylkesutvalet var fylkesrådmannen klar på at ein salsprosess i den opne marknaden ville kunna dra ut i tid. Om forhandlingane derimot ikkje fører fram, vil eigedommen likevel leggast ut på den opne marknaden. Halleland meiner fylkeskommunen må letta ganske mykje på krava i forhold til tidlegare.

    - Me har ikkje kome så langt ennå. Men me hadde ein diskusjon om dette før forsikringsoppgjeret kom. Tidlegare har prisen vore altfor høg, og den har ikkje vore i nærleiken av prisane rundt.

    Rogaland fylkeskommune skal ha ynskt rundt 15 millionar kroner for eigedommen før hovudbygningen brann ned. Halleland ynskjer seg tomta, og trur ho kan koma godt med.

    - Det er eit veldig interessant område, og det kan verkeleg brukast til mykje, seier han.

    Kan krevja meir

    I høve forsikringsvilkåra kan fylkeskommunen alternativt krevja ein økonomisk kompensasjon utover den avgjorte erstatningsberekninga for attreising av bygning til same formål. Dette er ei vilkårsbunden erstatning som føreset at det blir bygd og ferdigstilt eit nytt bygg til same formål innan fem år frå skadedato. Bygget må førast opp innanfor Rogaland fylke, og dersom det blir lagt til grunn attreising ein annan stad enn Rygjabø, må økonomisk verdi på ny stad fastsettast.

    Forsikringsselskapet har likevel bekrefta at eit eventuelt sal ikkje vil virka inn på erstatningsutmålinga slik saka no står.

    Fylkesutvalet skal ta stilling til endeleg salssum av eigedomen i ny sak når og om forhandlingane fører fram. 

     

    Politikk

    Publisert 16.08.2017 - 13:47
    IMG_18921.jpg

    KrF-leiinga til Finnøy

    KrF-toppane i Rogaland skal til Finnøy onsdag 23. august. Der skal dei blant anna møte bondelaga. 

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 15.08.2017 - 17:14
    COLOURBOX22650118.JPG

    Vil samkøyra nytt regelverk

    Kommunen ynskjer eit felles regelverk i forhold til vasskuter for alle kommunar med sjøareal i Ryfylkebassenget.

    » Les heile saka

    Portrettet

    Publisert 15.08.2017 - 17:17
    Enistan 1.JPG

    Fann familien igjen etter 19 år

    Enistan Sandrasegaram flykta heilt åleine frå krigsherjingane i Sri Lanka som ni-åring. Han trudde lenge heile familien var døde. Heilt til det ein dag ringte på døra.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 13.08.2017 - 09:34

    Pipebrann på Kyrkjøy

    Rogaland brann og redning meldte sundag morgon om ein pipebrann på Norheim på Kyrkjøy i Sjernarøyane.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 09.08.2017 - 13:44
    Erna Solberg 2.jpg

    Erna Solberg til Finnøy

    Statsministeren deltek under årets Tomatfestival den 19. august.

    (Foto: Høyre)

     

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 07.08.2017 - 17:46

    Bil i autovernet

    Ein bil har køyrt i autovernet like etter tunnelen på Ladstein. Det er truleg ingen personskade.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 04.08.2017 - 12:39
    IMG_5006.JPG

    På 13. plass i Landskytterstevnet

    Finnøy skyttarlag gjorde seg bemerka under Landskytterstevnet i Førde denne veka. Bodvar Øvrevik tok blant anna ein knallsterk 13. plass.

    (Foto: Kirsten Elin Bergsvik)

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 31.07.2017 - 09:00

    Kraftig nedgang i arbeidsløysa

    Gladnyheit i Finnøy: Berre 1,5 prosent er arbeidslause.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 27.07.2017 - 16:54

    Bråstopp i Dana Cup for finnøyjentene

    Etter å ha levert svært gode prestasjonar, og kvalifiser seg for både A- og B-sluttspelet onsdag kveld,blei det bråstopp alt i første kvalifiseringsrunde i A-sluttspelet for Jenter 14.Her var det Vidar som blei for sterke og vann 2-0.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 27.07.2017 - 10:29
    11DN1908.JPG

    Gigant-yacht ved Judaberg

    "Lili", ein 180 fot stor Yacht som blei levert frå verftet så seint som i juli, er på jomfrutur i Norge. I går og i dag ligg den ved Finnøy.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 14.07.2017 - 10:22

    Får hydrogenferje

    Statens Vegvesen utlyste i går ein ny såkalla utviklingskontrakt for hydrogendriven ferje på strekninga Hjelmeland-Ombo-Nesvik på Riksveg 13.Ei slik ferje vil redusere CO2 utsleppet frå dagens diseldrivne ferjer med heile 4000 tonn i året.Vegdirektør,Terje Gustavsen,seier at Norge er leiande i verda når det gjeld omlegginga til det grøne maritime skifte,og nye 11 ferjekontaktar vil bli lyst ut om kort tid,med krav om vera såkalla hydrogendrivne.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 08.07.2017 - 18:58

    Strålande Boknafest

    Mykje øyfolk trassa solglimta og tok turen på årets Boknadag.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 07.07.2017 - 15:16

    Spelemidlar til nytt skyttarhus

    Finnøy Skyttarlag er eit godt steg nærmare realiseringa av det nye skyttarhuset og ny innandørs skytebane på Kvame.Under tildelinga av spelemidlar for 2017,som nyleg vart gjort kjent,får skytterlaget i første omgang ei løyving på 986 000kr til det nye skyttarhuset.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 29.06.2017 - 04:59

    Ferie i Øyposten

    For å klare å gjennomføre sommarferien for våre tilsette,vil det ikkje bli gitt ut papiravis dei tre neste vekene frå måndag av.Nettavisa vil berre delvis vera oppdatert.

    Me ynskjer alle våre lesarar ein fin sommar.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 20.06.2017 - 09:55

    Trafikkulukke i Rennfast

    Ein person er flydd til Stavanger Universitetssjukehus med luftambulansen

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 19.06.2017 - 16:05

    Desse blir med i fellesnemda

    Den 21. august vert ein historisk dag for politikarane både i Finnøy, Rennesøy og Stavanger.I sambamnd med den offisielel konstutueringa av Fellesnemda for Nye Stavanger, er det nemleg tillyst eit felles kommunestyremøte for dei tre kommunane.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 14.06.2017 - 09:55
    Sigrid1.jpeg

    Ferje på grunn ved Skipavik

    Ferje M/F Sigrid gjekk på grunn ved Skipavik på Ombo i morges.

    (Foto: Pressefoto)

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 11.06.2017 - 22:49
    DSC_0038.JPG

    Endeleg klart for gang og sykkelsti?

    Realiseringa av den mykje omtala gang og sykkelstien mellom Ladstein og Judaberg,langs Fv.519,er komen eit betydelig steg vidare mot realisering.I desse dagar blir nemleg ein 55 sider stor plan med detaljregulering av den første strekninga på 1,2 km mellom rundkøyringa og Vikekleiva lagt ut til offentleg ettersyn.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 12.06.2017 - 15:27
    DSC_00383.JPG

    Graset gror - bøndene fortvilar

    Intense regnskyll og kraftige nedbørsmengder dei siste 8-10 dagane, har gjort sitt til at det som såg ut til å bli både ein tidleg og lovande siloslått no bokstaveleg talt er i ferd med å regna bort.  

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 11.06.2017 - 22:22

    Moderat auke i skatteinngangen

    Etter dei første fem månadane i år,ligg kommunen sin skatteinngang på ein moderat auke på 0,9% i forhold til same periode for 2016.Dette er likevel i tråd med budsjettet for same periode i innverande år, opplyser kemneren i Stavanger som er ansvarleg for skatteinnkrevinga i sju av kommunane på Nord Jæren og Ytre Ryfylke

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 09.06.2017 - 15:02
    Årets Friluftsråd 2017 Ryfylke 9juni.jpg

    Årets friluftsråd!

    Ryfylke Friluftsråd er kåra til Årets Friluftsråd 2017 for arbeidet med marin forsøpling.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 08.06.2017 - 15:25

    382.000 m2 jordbruksareal har forsvunne

    Mellom 2004 og 2015 forsvann 382 dekar jordbruksareal i Finnøy kommune. Det utgjer eit gjennomsnitt på 35 dekar årleg.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 07.06.2017 - 14:53
    Rygjabø dagen derpå (foto Tor Øyvind Skeiseid.JPG

    Rygjabø kan koma «heim»

    Rogaland fylkeskommune går i forhandlingar med Finnøy kommune om kjøp av eigedommen på Rygjabø.

    (Foto: Tor Øyvind Skeiseid)

    » Les heile saka