Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 19.05.2017

    Brannsjefen: - Kom deg fortast mogleg ut

    Brann- og redningssjef i Rogaland Henry Ove Berg meiner at når det er brann eller røykutvikling i en tunnel bør ein komma seg fortast mogleg ut – Men beveg deg aldri mot røyken, seier han. Sikkerheitsrådgjevar Tor Ole Stenerud meiner ein berre bør bli verande i bilen.

    Tekst og foto: Håkon Jonassen Norheim

    Det er ikkje berre Tor Arne Gard som har opplevd ei nesten-katastrofe i ein tunell. For nokre veker sidan tok ein lastebil fyr i Oslofjordtunnelen, noko som førte til at den blir stengt i fleire veker. Der gjømte to personar seg i eit evakueringsrom medan brannen eskalerte utanfor. Den eine av dei fekk gitt beskjed til Statens Vegvesen som stengde tunellen.

    Heldigvis slapp dei unna med lettare skader. Ifylgje Brann- og redningssjef i Rogaland Brann og Redning, Henry Ove Berg er det utruleg vanskeleg å komma med nokre klare råd til korleis ein skal opptre i slike situasjonar, ettersom det er forskjellig frå tunell til tunell.

    - Eg kunne godt ha sett opp nokre hovudreglar, men det vil bli vanskeleg fordi folk oppfattar det veldig forskjellig, seier han.

    Ut andre veg

    Ifylgje Berg er det første og absolutt viktigaste å gjera i ein slik situasjon og få varsla brannvesenet om kva som har skjedd. Det andre er å bevega seg ut i motsett retning av røyken.

    - Det er utruleg lett å seia om du er 100 meter innanfor, at du skal gå fem kilometer andre vegen. Men ein skal ikkje spekulera på dette. Ein skal aldri bevega seg mot røyken, fortel Berg.

    I Finnfast finst tre utløp, og dermed er det mogleg å komma ut forskjellige vegar. Ifylgje testane brannvesenet har hatt i tunellen, har røyken gått ganske fort. Han meiner det kan vera greitt å tenka på kva veg røyken vil gå før ein køyrar inn i ein tunell.

    - Det er viktig å vera oppdatert på korleis røyken (i normale luftstrømmer) går før ein køyrer inn i tunellen, og kor du er i tunellen slik at du kan ta nærmaste veg ut bort frå røyken, fortel han. Dette er lettare å veta når ein er i ein lokal tunnel opp mot tunnelar som ein sjeldan køyrer i.

    Læra seg lokale tunnelar

    Berg meiner også det er veldig viktig å vita kvar alle naudstasjonane er i tunellen. I lokale tunnelar bør alle læra seg dette.

    - I Norge er det berre Oslofjordtunellen som har eit såkalla naudrom. Dei nyare tunellane som Ryfast får tverrtunellar, kor ein kan rømme over til det andre løpet i tunellen, seier Berg.

    Men uansett kva tunell ein er i, så er branngassane like farlege.

    - Brannar i tunellar utviklar uansett ein eller anna form for branngass. Det vil seia forskjellige stoffer som menneskekroppen ikkje skal ta opp, fortel han.

    - Finn ein paraply

    - Men det er nok av situasjonar kor folk får panikk og prøver å køyra ut av tunnelen i ein slik situasjon. Då er det vel stor sjans for å køyra på andre. Både billistar og eventuelt gåande?

    - Dersom det ikkje er mogleg å køyra må ein uansett prøve å komma seg ut av tunnelen. I slike tilfelle er mitt råd at du går ut av bilen og held deg til ein eine veggen av tunellen. Har du paraply eller liknande i bilen kan du bruke denne til å kjenna etter kor tunnelveggen er. Følg ei linje og kom deg ut. I slike tilfelle kan det også vera lurt å ha ei maske i bilen, seier brannsjefen.

    - Så du vil ikkje anbefala folk å bli verande i bilane?

    - Nei, for ein veit aldri kva hjelp som er på veg i den gitte situasjonen. Ein bør komma seg raskast mogleg ut, seier han.

    - Har de nokon retningslinjer på korleis ein skal oppføra seg i ein tunell om det er eit fartøy som transporterar farleg gods framføre deg?

    - Følg trafikkreglane. Hald normal avstand og fartsgrensene. Om du ser uhell med slike køyretøy, så må du melda det til brannvesenet snarast. Fortel brannvesenet sin naudsentral om kva du ser og les, og hold kontanten til brannvesenet er framme, avsluttar han.

    Sikkerheitsrådgjevar: - Bli verande

    Sikkerheitsrådgjevar Tor Ole Stenerud er ikkje samd med brannsjefen i Rogaland si vurdering om kva ein bør gjera om ein ikkje greier å køyra ut av tunellen.

    - Den røyken som er i ein tunnel er livsfarleg, så det beste rådet mitt, om du ikkje står heilt i nærleiken av brannen, er å slå av motoren og stenga friskluftanlegget. Det er nok luft inne i bilen til å kunne vera der i 3-4 timar, og innan då har det kome redningsfolk, meiner Stenerud.

    - Så ein skal ikkje starta å gå?

    - Ein har dette sjølvredningsprinsippet, kor ein må ta initiativ til å gjera ting sjølv. Eg meiner det er best å bli verande i bilen, seier han.

    - Sjølv om ein har gassmaske i bilen?

    - Eg ser også då faren med å komma seg ut. Det er lett å få panikk om ein tek beina fatt og plutseleg kjem det bilar, seier han.

    Saknar betre opplæring

    I løpet av dei siste fire åra har det vore fleire kraftige brannar i lange tunnelar på vestlandet, og den 17. april var det ein stor brann i Fjærlandstunnelen i Sogn og Fjordane, som enda med at 13 unge vaksne blei sendt til sjukehus med røykskadar etter at dei hadde gått til fots ut av tunnelen. Stenerud meiner det er alt for dårleg informasjon i forhold til kva ein skal gjera om det startar å brenna i ein tunnel.

    - Det er myndigheitene sitt ansvar å gi meir opplæring. Dei må meir på banen, meiner han, og fortset:

    - No er det slik at alle meiner litt om det. Som sikkerheitsrådgjevar er eg ofte med på brannøvingar, og eg ser røyken. I vanlege husbrannar blir folk sende til sjukehuset om dei har pusta inn litt røyk. Men i ein tunnel er det ikkje berre litt røyk. Difor tykkjer eg det er veldig greitt om folk har ei evakueringsmaske i bilen, seier han.

    Statens Vegvesen bekreftar at tunnelen går i brannmodus om ein trekk ut brannsløkkingsapparatet frå naudstasjonane. Dei seier også at om naudtelefonane ikkje verkar i tunnelane, vil det køyra ein patruljebil i den gitte tunnelen.

    På sine nettsider har Vegvesenet  laga nokre punkt kor dei går gjennom generelle tips og reglar ved brann eller røyk i ein ett-løpstunnel kor trafikken går i begge retningar.

    - Vurder situasjonen, om mogleg, køyr ut av tunnelen, om naudsynt, snu og køyr tilbake. Får du beskjed om å snu, må du alltid snu.

    - Varsle møtande trafikk

    - Når du kjem ut, varsle Statens vegvesens vegtrafikksentral om situasjonen gjennom naudtelefonen.

    - Vurderer du det for farleg å snu og køyre ut forlat bilen på sida av vegen med naudblink på, og kom deg til utgangen. Ved naudstasjonane er det skilt som viser avstand til utgangane. 

     

    Sport

    Publisert 25.09.2017 - 22:44

    Matchvinnar med siste spark på ballen

    Bursdagsbarnet Hans Runar Eike blei matchvinnar for Finnøy borte mot Våganes med aller siste spark på ballen.

    » Les heile saka

    Næring

    Publisert 22.09.2017 - 15:36

    Protestar mot oppdrettsanlegg

    Innbyggjarane på Landa, Nordbø og Vestbø går i eit skriv til kommunen imot utviding av Bremnes Seashore AS sitt oppdrettsanlegg ved Hesbygrunnen.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 19.09.2017 - 08:37
    søppel COLOURBOX241113073.jpg

    Konkurs kan få konsekvensar

    Avfallselskapet RenoNorden opplyste måndag at dei ville slå seg konkurs med direkte verknad. Det får konsekvensar for avfallshentinga i Finnøy.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 18.09.2017 - 08:44
    Per Kristian Vareide 150x173.jpg

    Vareide blir truleg ny rådmann

    Fellesnemnda i Nye Stavanger kommune innstiller på at Stavanger-rådmann Per Kristian Vareide også blir ny rådmann i Nye Stavanger. 

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 14.09.2017 - 13:58
    8 Foto Arne Linndal.JPG

    - Må vera oppmerksame

    Arne Linndal sitt 11 år gamle barnebarn måtte kasta seg i grøfta då ein stor SUV-liknande bil kom i mot han då han var på sykkeltur. – Bilistar er nøydde til å vera oppmerksame på syklistar, seier Arne.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 14.09.2017 - 13:28
    img_378141.jpg

    Strengare reglar for hummarfisket

    Absolutt alle som skal fiska hummar i år må registrera seg før fisket startar.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.09.2017 - 23:09

    Hjelmeland vil ha tilbake heile Ombo

    Fleirtalet i formannskapet i Hjelmeland har i dag vedteke at dei ynskjer å ta tilbake heile Ombo og innlemma dei som ein del av Hjelmeland.

    » Les heile saka

    Politikk

    Publisert 11.09.2017 - 22:04

    Høgre valvinnar i Finnøy

    Går opp 4,2 prosentpoeng sidan 2013. Senterpartiet har overteke trona som største parti.

    » Les heile saka

    Politikk

    Publisert 11.09.2017 - 15:48
    11DN2256.JPG

    457 førehandsrøyster i Finnøy

    Politisk sekretær i Finnøy kommune, Marie Urdal melder om rekordmange førehandsrøyster i Finnøy.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 08.09.2017 - 12:45
    IMG_2144.JPG

    Finnøy er verdensmeister i elbilbruk

    At Norge som nasjon er eit foregangsland i Europa og verda når det gjeld ulike stimulitiltak for å kjøpa elbilar,er ei kjent sak.Men at då Finnøy er den kommunen som er best i verda på å bruka elbilar,har no blitt kjent internasjonalt.I dag,fredag,vitja det velrennomerte og kjente nyheitsbyrået,Reuters, Finnøy for å undersøkja nærmare kva som er grunnen til at så mange av innbyggjarane på dei grøne øyane i Ryfylke er meir miljøbevisste enn folk elles ute i den store verda.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 07.09.2017 - 19:26

    Fiberbrotet er fiksa

    Grunna brot i ein fiberkabel var 80 prosent av Telenor sine kundar utan nett i eit døgn. No er feilen utbetra.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 06.09.2017 - 17:28

    Hjelmeland-rådmann vil ha omkamp og behalda kommunen sin del av Ombo

    I eit opprop til Hjelmeland Kommune, ber 52 av innbyggjarane på hjelmelandssida av Ombo at noverande kommunegrense vert som i dag. I sitt framlegg til vedtak i Formannskapet fyrstkomande tysdag, støttar rådmann Wictor Juul innbyggjarinitiativet frå Ombo, og tilrår at formannskapet og kommunestyret opphevar tidlegare vedtak om å bli ein del av Nye Stavanger.  

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 04.09.2017 - 13:58
    SAM_2083.JPG

    Tidlegare Gjennestad-elevar har halde saman i 55 år

    At der er tradisjon for tidlegare internatskulelevar å møtast i samband med både 10- og 25-års jubileum etter avslutta skulegong, er ei kjent sak. Men at ei større gruppe tidlegare elevar frå Gjenenstad Gartnerskule jamleg har hatt samkomer, og møtt kvarandre i heile 55 år, høyrer nok til det meir skjeldne.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 01.09.2017 - 13:23

    Trafikkontroll i Sjernarøy

    Ein bil blei avskilta og ein førar vart anmelt for å køyra utan gyldig førarkort,då lensmannsetaten i Ryfylkeøyane politidistrikt gjennomførte ein trafikkontroll i Sjernarøy torsdag kveld.Bilen som vart avskilta mangla innbetaling av årsavgift og hadde ikkje gjennomført den periodiske kjørekomtrollen.Det er førstebetjent Torstein Tørresdal som opplyser dette til ØP-nett .

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 01.09.2017 - 12:25
    NAV Finnøy3.JPG

    Arbeidsløysa aukar i august

    Ifylgje nye tal frå NAV er det heile 28 prosent færre arbeidslause i august i år i forhold til same tid i fjor. Likevel har arbeidsløysa auka med 44 prosent sidan juli.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 31.08.2017 - 12:35
    6 Bilete Ombo.JPG

    Set Ombo-justering på vent

    Innbyggjarane på Hjelmeland-sida av Ombo krev omkamp for å bli verande i Hjelmeland kommune. Fylkesmannen set saka på vent.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 31.08.2017 - 08:25
    9 Bilde elbil1.JPG

    32 prosent elbil-andel – MDG vil ha 100

    Erlend Kristensen, 2. kandidat på stortingslista til Miljøpartiet de grønne i Rogaland, meiner at i staden for å krangla om snylting, burde alle på Finnøy kjøpa seg elbil. No utfordrar han heile Finnøy til å bli 100 prosent elektriske før samanslåinga med Stavanger.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 28.08.2017 - 17:30
    Fellesnemnda.JPG

    Desse skal styre Nye Stavanger fram til 2020

    Det låg eit historisk sus over tradisjonsrike Utsyn Misjonssenter og heile øysamfunnet vårt, då det første møte i den såkalla Fellesnemda for Nye Stavanger hadde sitt første møte måndag ettermiddag.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 24.08.2017 - 11:47
    SAM_2040.JPG

    Stor trafikkontroll:Finnøybuen er flink til å sikre borna sine

    Politiet i Finnøy gejnnomførte onsdag og torsdag morgon to større trafikkontrollar ved sentraslkulen og barnehagen på Judaberg. - Det resulterte mellom anna til inndraging av eitt førarkort og ei avskilting av kjøretøy.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 23.08.2017 - 23:10

    Får storfint besøk frå Flekkerøy

    Hesby og Fogn kyrkje får storfint besøk frå Flekkerøy når Flekkerøyguttene held konsert laurdag og sundag.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 23.08.2017 - 17:59

    To forenkla førelegg

    Som Øyposten tidlegare har annonsert hadde Ryfylkeøyane lensmannsdistrikt kontroll på Finnøy i dag.

    » Les heile saka

    Politikk

    Publisert 21.08.2017 - 21:04
    11DN2199.JPG

    Sanner: - Ein veldig spanande kommune

    Det blei ingen store overraskingar då det første felles kommunestyremøtet mellom Finnøy, Rennesøy og Stavanger blei halde hjå Fylkesmannen i Rogaland i dag, måndag. Men kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner tok turen innom.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 21.08.2017 - 13:20
    Politihuset grieg 2_.jpg

    Varslar fleire kontrollar

    Ryfylkeøyane lensmannsdistrikt varslar fleire politikontrollar ved Finnøy sentralskule og barnehagane på Finnøy i veka som kjem.

    » Les heile saka