Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 19.05.2017

    Etterlyser prosedyrar

    For tre år sidan opplevde dagleg leiar i Gard Maskin Tor Arne Gard alle sjåførar sitt mareritt då bilen hans fekk ukontrollert røykutvikling i Finnfast. Han etterspurte prosedyrar. Tre år seinare har det framleis ikkje skjedd noko.

    Tekst og foto: Håkon Jonassen Norheim

    Til dagleg ferdast dei fleste av oss i tunellane våre, og det går stort sett bra, men det oppstår inni mellom farlege situasjonar og nesten-ulukker. Det mange ikkje tenkar på, er at det er bilar som transporterer farleg gods, og ei ulukke med den type transport vil kunne få heilt andre konsekvensar enn ei vanleg trafikkulukke.

    Transport av farleg gods er underlagt særskilte bestemmelsar, og personar som driv den type transport må ha spesialkompetanse, såkalla ADR.

    Firmaet Gard Maskin driv med sprengingsarbeid og transporterar tusenvis av kilo med dynamitt og tennarar gjennom tunellane. Det er eit krav om at firma som driv med farleg gods er tilknytt ein sikkerheitsrådgjevar, og det var i samband med årleg gjennomgang hjå Gard Maskin at dette fekk fornya fokus.

    For lite opplæring

    I samband med dette tok Tor Arne Gard i Gard Maskin kontakt med brannvesenet, og etterlyste prosedyrar. Der blei det opplyst at ein arbeida med noko, men at Statens Vegvesen har ansvaret for sikkerheita, og i utgangspunktet er det sjølvredningsprinsippet som gjeld. Dette svaret sette ein støkk i Gard.

    - Om det er slik at me skal bruka eiga fornuft, hadde eg ikkje følt meg kompetent nok til å handtera ein farleg situasjon i ein tunnel, hadde det ikkje vore for vår sikkerheitsrådgjevar. Opplæring i prosedyrar for trafikkulukker er stort sett utarbeida for landeveg, men det er lite fokus på det som skjer i ein tunell.

    Når han spør folk rundt omkring, er det svært få som har tenkt gjennom kva dei ville gjort i ein slik situasjon.

    - Og svara er utruleg forskjellige. Dette samsvarar med erfaring som vår sikkerheitsrådgjevar har. Folk gjer forskjellige ting i panikk. Inne i røyken utan sikt er det nokon som prøvar å springa ut samstundes som folk vil køyra ut. Det er ein dårleg kombinasjon, fortel han.

    Skremmande oppleving

    Ein slik situasjon opplevde Tor Arne Gard i Gard Maskin for vel tre år sidan. Rundt 600 meter frå utløpet til Finnøy byrja turtalet på motoren på bilen å løpa løpsk, og motoren ga full gass av seg sjølv. Motoren byrja å røyka kraftig, og det fylte tunellen med røyk.

    - Kva gjer ein i ein slik situasjon? Det er ikkje slik at dette er noko me er trena på. Men eg kom meg inn i ein av desse lommane som er i tunellen, og tenkte eg måtte ringa etter hjelp, fortel han.

    Daud telefon

    Han for inn i ein naudstasjon, men telefonen var heilt daud. Då han prøvde mobiltelefonen fanst ikkje dekning i naudstasjonen. Rundt han stod røyken i taket, og det var umogleg for både han og andre bilistar å sjå noko som helst.

    - Ute i røyken fekk eg ringt brannvesenet gjennom mobiltelefonen, men akkurat då stoppa motoren, slik at røyken ga seg og seig oppover. Etter rundt 20 minutt var brannvesenet på plass, men då var det ikkje stort mykje igjen å gjera. Om eg ikkje hadde klart å svinga inn i denne lommen kunne folk ha køyrt på både meg og bilen, forklarar han.

    Få dagar før nesten-ulukka hadde han køyrt gjennom tunellen med fleire hundre kilo sprengstoff.

    - Det kunne rett og slett skjedd ei katastrofe i Finnfast denne dagen. I etterkant har Gard Maskin fått opplyst at det var fleire personar som fekk panikk då dei kom inn i røyken, seier han.

    Utløyse brannalarmen

    - Kvifor var naudtelefonen daud?

    - Eg gjorde visst ein feil. Det eg skulle ha gjort var å ta ut brannsløkkingsapparatet frå haldaren. Der og då følte eg ikkje at eg trengte det, men hadde eg teke det ut, ville tunellen gått i brannmodus og bommane ha gått ned. Samstundes ville viftene ha starta på full spiker. I tillegg går alarmen på sentralen, og dei ser kva eg gjer og kor eg står, fortel han.

    - Nei, kven som kjem på å ta ut brannsløkkingsapparatet for å få naudtelefonen til å virka?

    - Nettopp, eg har allereie to brannsløkkingsapparat i bilen. Det er nemleg ikkje nokon naudknapp i naudstasjonane. Brannsløkkingsapparatet må ut, fortel han.

    Som ein følgje av uhellet Gard var ute for, etterlyser han no tiltak som kan betra sikkerheita i tunnelar. Han saknar enkle prosedyrar for kva folk kan gjera om eit slikt uhell skal oppstå.

    - Eg tenker på meg sjølv både som yrkessjåfør og som privatmann. På meg sjølv, familie, vener og kollegaer som ferdast i tunellen. Veit til dømes sjåføren på skulebussen kva han ville ha gjort om ein slik situasjon skulle oppstå, seier han.

    Kva skal ein gjera?

    Difor kunne han ha tenkt seg at folk med dei rette kunnskapane, kom opp med ein slags ABC om korleis folk skulle oppføra seg om det blei brann i tunnelen.

    - Denne kunnskapen må ut. Og det hastar, meiner Gard.

    Les kva brannsjefen svarar.

     

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 27.07.2017 - 16:54

    Bråstopp i Dana Cup for finnøyjentene

    Etter å ha levert svært gode prestasjonar, og kvalifiser seg for både A- og B-sluttspelet onsdag kveld,blei det bråstopp alt i første kvalifiseringsrunde i A-sluttspelet for Jenter 14.Her var det Vidar som blei for sterke og vann 2-0.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 27.07.2017 - 10:29
    11DN1908.JPG

    Gigant-yacht ved Judaberg

    "Lili", ein 180 fot stor Yacht som blei levert frå verftet så seint som i juli, er på jomfrutur i Norge. I går og i dag ligg den ved Finnøy.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 26.07.2017 - 10:28

    Finnøyjenter imponerer i Dana Cup

    Finnøy sitt gode Jenter 14 lag, er etter to solide sigrar og full poengpott, alt klar for A-sluttspelet i Dana Cup i Hjørring i Danmark

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 08.07.2017 - 18:58

    Strålande Boknafest

    Mykje øyfolk trassa solglimta og tok turen på årets Boknadag.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 14.07.2017 - 10:22

    Får hydrogenferje

    Statens Vegvesen utlyste i går ein ny såkalla utviklingskontrakt for hydrogendriven ferje på strekninga Hjelmeland-Ombo-Nesvik på Riksveg 13.Ei slik ferje vil redusere CO2 utsleppet frå dagens diseldrivne ferjer med heile 4000 tonn i året.Vegdirektør,Terje Gustavsen,seier at Norge er leiande i verda når det gjeld omlegginga til det grøne maritime skifte,og nye 11 ferjekontaktar vil bli lyst ut om kort tid,med krav om vera såkalla hydrogendrivne.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 07.07.2017 - 15:16

    Spelemidlar til nytt skyttarhus

    Finnøy Skyttarlag er eit godt steg nærmare realiseringa av det nye skyttarhuset og ny innandørs skytebane på Kvame.Under tildelinga av spelemidlar for 2017,som nyleg vart gjort kjent,får skytterlaget i første omgang ei løyving på 986 000kr til det nye skyttarhuset.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 29.06.2017 - 04:59

    Ferie i Øyposten

    For å klare å gjennomføre sommarferien for våre tilsette,vil det ikkje bli gitt ut papiravis dei tre neste vekene frå måndag av.Nettavisa vil berre delvis vera oppdatert.

    Me ynskjer alle våre lesarar ein fin sommar.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 20.06.2017 - 09:55

    Trafikkulukke i Rennfast

    Ein person er flydd til Stavanger Universitetssjukehus med luftambulansen

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 19.06.2017 - 16:05

    Desse blir med i fellesnemda

    Den 21. august vert ein historisk dag for politikarane både i Finnøy, Rennesøy og Stavanger.I sambamnd med den offisielel konstutueringa av Fellesnemda for Nye Stavanger, er det nemleg tillyst eit felles kommunestyremøte for dei tre kommunane.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 14.06.2017 - 09:55
    Sigrid.jpeg

    Ferje på grunn ved Skipavik

    Ferje M/F Sigrid gjekk på grunn ved Skipavik på Ombo i morges.

    (Foto: Pressefoto)

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 11.06.2017 - 22:49
    DSC_0038.JPG

    Endeleg klart for gang og sykkelsti?

    Realiseringa av den mykje omtala gang og sykkelstien mellom Ladstein og Judaberg,langs Fv.519,er komen eit betydelig steg vidare mot realisering.I desse dagar blir nemleg ein 55 sider stor plan med detaljregulering av den første strekninga på 1,2 km mellom rundkøyringa og Vikekleiva lagt ut til offentleg ettersyn.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 12.06.2017 - 15:27
    DSC_00383.JPG

    Graset gror - bøndene fortvilar

    Intense regnskyll og kraftige nedbørsmengder dei siste 8-10 dagane, har gjort sitt til at det som såg ut til å bli både ein tidleg og lovande siloslått no bokstaveleg talt er i ferd med å regna bort.  

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 11.06.2017 - 22:22

    Moderat auke i skatteinngangen

    Etter dei første fem månadane i år,ligg kommunen sin skatteinngang på ein moderat auke på 0,9% i forhold til same periode for 2016.Dette er likevel i tråd med budsjettet for same periode i innverande år, opplyser kemneren i Stavanger som er ansvarleg for skatteinnkrevinga i sju av kommunane på Nord Jæren og Ytre Ryfylke

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 09.06.2017 - 15:02
    Årets Friluftsråd 2017 Ryfylke 9juni.jpg

    Årets friluftsråd!

    Ryfylke Friluftsråd er kåra til Årets Friluftsråd 2017 for arbeidet med marin forsøpling.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 08.06.2017 - 15:25

    382.000 m2 jordbruksareal har forsvunne

    Mellom 2004 og 2015 forsvann 382 dekar jordbruksareal i Finnøy kommune. Det utgjer eit gjennomsnitt på 35 dekar årleg.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 07.06.2017 - 14:53
    Rygjabø dagen derpå (foto Tor Øyvind Skeiseid.JPG

    Rygjabø kan koma «heim»

    Rogaland fylkeskommune går i forhandlingar med Finnøy kommune om kjøp av eigedommen på Rygjabø.

    (Foto: Tor Øyvind Skeiseid)

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 06.06.2017 - 10:33

    Trafikkulukke på Fogn

    Førar av motorsykkel til sjukehus etter utforkøyring.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 02.06.2017 - 11:39

    Feil annonse for Coop Extra

    Me trykka diverre feil annonse i denne vekas Øyposten.

    Rett annonse finn du i denne artikkelen.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 02.06.2017 - 14:44

    Nedgang i arbeidsløysa

    Ifylgje tal frå Nav går arbeidsløysa i Finnøy ned med heile 20 prosent i forhold til april.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 01.06.2017 - 14:07
    SAM_1714.JPG

    Tidleg siloslått

    Alt i løpet av dei første dagane i denne veka, i slutten av mai, vart dei første siloballane pressa og lass med nyslått gras køyrd i siloane på Finnøy. Og mest som vanleg, er det bøndene på Hauskje og Lauvsnes som er tidlegast ute i siloslåtten.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 01.06.2017 - 13:35

    Stortinget vedtek "Nye Stavanger" neste veke

    Kommunalkomiteen på Stortinget avleverte i dag si innstilling til den nye kommunereforma. Ikkje uventa blir kommunane Stavanger, Rennesøy og Finnøy ein kommune frå 1. januar 2020. Det same gjer Sandnes og Forsand.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 30.05.2017 - 14:48
    SAM_2095.JPG

    Ja til ny avgift for oppdrettsfisk

    Etter eit forslag frå SV i næringskomiteen på stortinget tysdag, går no fleirtalet i komiteen inn for at oppdrettselskapa må betala avgift til kommunane.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 30.05.2017 - 14:00

    Rennfast opna igjen

    Både Byfjordtunnelen og Mastrafjordtunnelen var stengd i begge retningar tysdag ettermiddag.

    » Les heile saka