Nyheter |
|||
Heile Finnøy var samla under eitt takAv: Jon Asgaut Flesjå Storstova i Fleirbrukshallen var fyllt til randa, då heile Finnøy var samla til 17. maifest. Og knapt nokon gong har så mange vore samla under eitt og same tak på Finnøy då dagens 17.mai-talar,Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø, helsa ei fetstemt forsamling til lukke med den store dagen. Det heile vel regissert av ei stor foreldregruppe med elevar, i regi av 7.klasse ved Finnøy sentralsskule som årets 17.mai komite. Og at det også i Finnøy har skjedd store omveltingar og ei betydeleg internasjonalisering, synte det det store oppmøte av våre mange nye landsmenn, både av arbeidsinnvandarar Finnøy og flykningar som også har funne sin nye trygge heim i øyriket vårt. Også dette hadde komiteen teke omsyn, ved å introdusera alle programinnslaga både på engelsk og norsk på storsjermen i Fleirbrukshallen. Frå Eidsvollmannen til "Nye Stavanger" Tradisjonen tru, så starta også markeringa på Finnøy i år med bilkortesje rundt øya. Sjølv om tal privatbilar kanskje har minka noko i løpet av dei siste åra, var innslaga av av ulike veldekorerte og pynta traktordoningar både i nye og noko eldre format, betydelege. Nokre av dei også som ei oppvarming til den førehandsannonserte og store traktorparaden på Jæren litt seinare på dagen. For også her hedde nokre av dei ivrigaste unge traktorførarane frå Finnøy teke turen gjennom både Finnfast- og Rennfasttunneleane, for å ta del i markeringa. På tradisjonell og verdig vis, vart også Eidsvollmannen, Asgaut Regelstad heidra, då varordføarar Odd Bleie like før høgtidsgudstenesta i kyrkja, la ned krans ved bautaen utanfor inngangspartiet. Inne i kyrkja kunne ein festkledd kyrkjelyd gle seg over vakker song og musikk, og ikkje minst ei uvanleg grundig gjennomgong av historia kring Olav den Heilage, og kristendommen sitt inntog i landet. Ein grundig leksjon,framført og sett i scene på eit rotekete nynorskmål av sunnmøringen og prest, Terje Engstrøm. Ei meir ekte framføring av det som er kjernen i vår norske kultur og tradisjon på sjølvaste nasjonaldagen, kunne ein vel knapt få(red. merknad) Etter at folketoget hadde teke turen rundt Judaberg sentrum, med den tradisjionelle markeringa og blomsteroverekkinga i regi av ordføraren ved Finnøy Sjukeheim, gjekk turen vidare inn i storstova i Fleirbrukshallen. Her helsa først eit rekordstort barnekor frå sentralskulen, under sin kyndige dirigent Tone Lise Serigstad Reilstad, festlyden velkomen med vakker song, og andre ulike innslag frå scenen.
- Finnøybuen og ryfylkingane har alltid kryssa grenser og sett utover i verda, sa Sagen Helgø, og nytta samtidig høve til å takka øybuen for tillita ved å stemma ja til Nye Stavanger. - Det er ryfylkingane sin handel med tettstadenog og byen, som mange hundre år opp gjennom historia har lagt grunnlaget for at Stavnger blei eit senter og midtpunkt for handel og service, og som har gjort byen til noko av det den er i dag. Og Nye Stavanger skal bli ein viktig og heilt sentral del av Ryfylke også i framtida, understreka orførar Sagen Helgø.
Les og sjå meir om 17, maifeiringa i papirutgåva neste torsdag.
|
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 19.04.2018 - 08:36
![]() Finnøy på openheits-toppenAv:Jon Asgaut Flesjå Finnøy er den kommunen i Rogaland som scorar høgast på openheit og innsyn.Det kjem fram av ein rapport som det såkalla Offentlighetsutvalget har gjennomført med bakgrunn i krav om innsyn hjå alle landets kommunar.Også dei to andre kommunane i Nye Stavanger,Rennøy og Stavanger,scorar høgt.Finnøy ligg også heil oppe på ein 12.plass blandt alle landets kommunar. » Les heile saka |
|
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 16.04.2018 - 13:23
Meir kolonnekøyring i RennfastFrå kl.22.00 i kveld,måndag 16.april og ei veke framover, vil det på ny bli gjennomført kolonnekøyring i både Mastrafjordtunnelen og Byfjordtunnelen.Årsaka er at tunnelveggen skal malast kvite,opplyser Statens Veivesen. » Les heile saka |
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 16.04.2018 - 08:37
Feil om Teigen-dugnadTil alle dykk som stilte opp og var klar for å gjera dugnad i i det flotte vårværet i Teigen no på lørdag, og som etterlyste både han Arild og alt som skulle organiserast; Det var Øyposten som diverre ved ein feil hadde annonsert at det var "fyrstkomande lørdag" og ikkje "neste lørdag" 21.april, som er den rette dagen for dette veldig positive tiltaket.Øyposten beklagar feilen på det sterkaste. » Les heile saka |
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 14.04.2018 - 06:49
![]() Tre omkom i brann i campingvogn på SoknTekst og foto:Jon Asgaut Flesjå Tre personar er av politiet bekrefta omkomne etter brann i ei campingvogn på Sokn.Fleire campingvogner er også totalskada Rennesøy kommune har kalla ut kriseteam. » Les heile saka |
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 12.04.2018 - 10:46
Ordføraren var til stades» Les heile saka |
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 11.04.2018 - 23:09
Kraftig auke i skatteinngangenFinnøy kommune kunne gleda seg over ein auke i skatteinngangen for mars 2018 i forhold til mars 2017 på heile 3,4 millionar kroner.Det er ein auke på 27,4 prosent.Mars månad er ein viktig månad med omsyn til innbetaling av både forskotsskatt og arbeidsgivaravgift.For dei tre første månadane i 2018 er det også ein betydeleg auke i forhold til same periode i 2017 på 16,7 %. » Les heile saka |
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 11.04.2018 - 12:49
![]() Einigheit om nye ferjeruter i FinnøyAlle dei ulike grendelaga på dei ikkje landfaste øyane i kommunen har blitt einige om eit felles ruteframlegg i sitt forslag til høyring som Fylkeskommunen har invitert til.Det er venta at formannskapet vil slutta seg til dette framlegget i sitt møte førstkomande fredag. » Les heile saka |
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 06.04.2018 - 14:08
|
|
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 29.03.2018 - 10:00
![]() Nye Stavanger vil ha HEILE OmboFellesnemda for Nye Stavanger har i sin høyringsuttale samrøystes gått inn for at heile øya Ombo,som i dag er delt mellom Hjelmeland og Finnøy,blir ein del av Nye Stavanger. » Les heile saka |
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 28.03.2018 - 09:45
![]() Over 20 000 kyllingar brann inneHeile kyllinghuset,til bonde Noralf Reilstad på Kindingstad, brann ned til grunnen i dag tidleg.Den berre to dagar gamle kyllingbesetninga på meir enn 20000 kyllingar strauk med. Etter det Øyposten kunne konstatere ,var der ingen av dei nærliggjande bygningane på det store gardstunet som var tydeleg skada.Det ligg ei eldre løe og to bustadhus i det same tunet. Dette kyllinghuset er eit av dei sist bygde i sitt slag på Finnøy,og det finns eit liknande og like stort hønehus hjå den nærmaste naboen på Kindingstad,berre eit par hundre meter unna. Brannårsaka er enno ukjent. » Les heile saka |
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 25.03.2018 - 14:15
![]() Påskedrama i VignesnesetDei kom frå Karmøy i nord til langt nedover Jæren i sør ,då søndagskulen på Finnøy i dag,palmesundag, igjen inviterte til påskevandring på Nordre Vignes på Steinnesvåg.Og som under rekorddeltakinga i fjor,møtte også over 700 opp for å få med seg påskebodskapen ved inngangen til den stille veka. » Les heile saka |
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 21.03.2018 - 18:52
![]() Vil testa ut førarlaus pendlarbuss/bilHan er varaordførar i Rennesøy og nestleiar i fellesnemda for Nye Stavanger, og såleis ein sentral person i arbeidet med å etablera den nye storkommunen. » Les heile saka |
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 20.03.2018 - 23:03
![]() Fekk blå kjempehummar i krabbeteinaHan vart ein smule overraska,finnøybuen Olav Landa,då han tysdag føremiddag drog ut frå Judaberg kai for å trekkja opp krabbeteinene sine.Det var lite krabbe å finna nede i det kalde sjøvatnet,men i ei av teinene kunne han dra opp ein stor og blålilla hummar med digre klør. » Les heile saka |
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 16.03.2018 - 15:21
Rekordoverskot i FIL- millionen på bokFinnøy Idrettslag kan leggja fram ein årsrekneskap som viser eit overskot på heile 326 000kr,når dei førstkomande tysdag inviterer til årsmøte i laget. » Les heile saka |
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 16.03.2018 - 07:04
![]() Hus brann ned ved Eide på FognEit bustadhus er totalskada og har brunne heilt ned til grunnen ved Eide på Fogn.Det lokale brannvesenet skal ha rykka ut,men huset stod ikkje til å redda. Alle folka som budde i huset kom seg ut i tide,og det er såleis berre materielle skader. » Les heile saka |
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 15.03.2018 - 18:21
Snart klar for oppstart gang og sykkelstiFørstkomande tirsdag skal Forvaltningsstyret gjera sitt endelege vedtak for detaljreguleringa av den nye og mykje etterlengta gang og sykkelstien frå rundkøyringa på Kvame og inn til Vikekleiva på Judaberg. » Les heile saka |
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 08.03.2018 - 12:17
Avgiftssjokk kan ta kvelartak på tomatnæringaI den nyleg vedtekne regjeringserklæring for samarbeidspartia Høgre, Venstre og FrP, heiter det at det skal innførast ei flat CO2 avgift på bruken av naturgass. Det gjeld også dei to næringane skipsfart og veksthus, som fram til no har hatt fritak. » Les heile saka |
|
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 08.03.2018 - 12:05
![]() Ynskjer å prøva ut avansert oppdrettsteknologi i FinnøyOppdrettsselskapet Bremnes Seashore AS, søkjer om ny oppdrettslokalitet for å utvikla framtidas oppdrettsteknologi på Lyregrunnen vest for Nord Talgje i Sjernarøy. » Les heile saka |
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 07.03.2018 - 22:23
Opplagsnedgang for ØypostenLokalavisa Øyposten måtte registrere ein opplagsnedgang på 1,7% i 2017.Samla sett gjekk alle lokalavisene tilbake med beskjedne 0,23%.Av avisene i Rogaland var det berre Sandnesposten og Stavanger Aftenblad som kunne notere seg ein framgang. » Les heile saka |
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 05.03.2018 - 10:30
Rogaland SP går for ØyfastEit samrøystes Rogaland Senterparti, vedtok på sitt fylkesårsmøte i helga å gå inn for å realisera eit Øyfast i Finnøy.-Dette er eit stort steg framover i det svært viktige arbeidet med å gjera øyane i Finnøy landfast, jublar ein svært tilfreds nestleiar i Finnøy Senterparti,og leiar for arbeidsgruppa med Øyfast, Ludvig Skretting. » Les heile saka |
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 01.03.2018 - 15:06
![]() Trygg isKontrollørar frå Finnøy kommune var i går,onsdag, på befaring på både Hauskevatnet og Lauvsnesvatnet for å måle istykkelsen.På kommunen si Facebook-side står det å lesa at isen er meir en 13 cm tjukk,og såleis erklært trygg å ferdast på. » Les heile saka |
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 28.02.2018 - 22:19
![]() Det nye skyttarhuset reiser segI dag vart betongelementa reist til det som skal bli det nye skyttarhuset/miniatyrskytebanen og tilhøyrande klubblokale på Kvame. Eit prosjekt som er kostnadsrekna til vel 6 millionar kroner når det står ferdig. » Les heile saka |
DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN
Publisert 26.02.2018 - 09:46
![]() Bioenergi Finnøy kan berga Stavanger sine klimamålStavanger kommune har som mål å redusera utsleppa av klimagassar med 50 prosent innan 2030. Bruken av naturgass frå Lyse til oppvarming av veksthusa i tomatnæringa i Finnøy og Rennesøy, derimot, vil føra til at utsleppa aukar med heile 34 prosent når desse kommunane blir ein del av storkommunen i 2020. » Les heile saka |