Tips oss: | Send e-post

Næring

Print
Publisert 04.05.2017

    Årets første jordbær frå Finnøy

    Alt no, til den store konfirmasjonshelga på Finnøy, kan nokre få og utvalde, både konfirmantar feststemte gjestar, gle seg til smaken av årets første jordbær til festmiddagen i helga. Det frå gartneriet til Kåre Nordbø på Steinnesvåg.

    For trass i nokre uvanleg kalde, regnfulle og grå vårmånader i mars og april, byrja dei første store, raude og smakfulle jordbæra å titta fram mellom dei om lag 25000 jordbærplantane i det 2,5 dekar store, tidlegare tomatgartneriet på vestsida av Finnøy.

    Tysdag kveld kunne eit titals frukt- og bærdyrkarar frå Ryfylke, som tidlegare på kvelden var samla i Ryfylke Næringshage for å ta  eit første steg mot eit reorganisering av Rogaland Frukt og Bærdyrkarlag, på ein kjapp rundtur og eit lite bærsafari rundt Finnøy, for å sjå på status for den nye bærsatsinga i veksthusa på øya.

    Her kunne dei sjå morell- og ripsbærtre som laga av rips- og morellkart hjå Jens og Gunn Elin landa i det 1000 kvadratmeters store veskthushet, før turen gjekk til den første forsiktige smaken av årets første jordbær i solnedgangen over veksthusanlegget på Nordbø. Og før fruktdyrkarane på Helgøy og Årdal stakk nasen innover i Ryfylke igjen, og renensøybeuen og jærbuen tok turen gjennom tunnelen, vart det også tid til ein snartur innom tomat- og morellgartneriet til Henning Ruud like ovanfor næringsområdet på Ladsteinplata.

    Den røynde tomatgartnaren er nemleg ein av fleire som no ser seg om etter alternative vekstkulturar i drivhusa sine, i ei tid der strukturendringane og kjedemakta er i ferd med å skvisa dei noko eldre og mindre tomatgartneria ut av marknaden. Då er målet om eit nytt og revitalisert Frukt- og Bærdyrkarlag i Rogaland, med bærdyrking i substrat under tak som eit nytt satsingsområde, eit første steg på vegen for å ta veksthusnæringa i Finnøy og Rennesøy inn i ei ny tid. I det arbeidet vil både ein slik ny fagorganisasjon med god støtte frå både Fylkesmann, fylkeskommune, Finnøy kommune og den lokale Ryfylke Næringshage, vera gode støttespelarar i ei slik utvikling. 

    Bilde: Fruktdyrkar Kristen Helgøy, let seg freista av årets første jordbær

     

    Nyheter

    Publisert 26.05.2017 - 14:46
    Finnøy Rådhus19.JPG

    Ynskjer språknøytral kommune

    Rådmannen legg fram føringar på at målforma i Nye Stavanger kommune bør vera språknøytral.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 22.05.2017 - 13:38

    På veg ned frå Mount Everest

    Ole Jakob Kjølvik frå Fogn er i god behold og på veg ned frå Mount Everest.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 24.05.2017 - 15:02
    IMG_0316.JPG

    Grønt kompetansesenter

    Ein lokal Måltidshage er under planlegging i produksjonslokala på Rygjabø.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 19.05.2017 - 09:10
    11DN1442.JPG

    Brannsjefen: - Kom deg fortast mogleg ut

    Brann- og redningssjef i Rogaland Henry Ove Berg meiner at når det er brann eller røykutvikling i en tunnel bør ein komma seg fortast mogleg ut – Men beveg deg aldri mot røyken, seier han. Sikkerheitsrådgjevar Tor Ole Stenerud meiner ein berre bør bli verande i bilen.

    Tekst og foto: Håkon Jonassen Norheim

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 19.05.2017 - 09:07
    11DN1434.JPG

    Etterlyser prosedyrar

    For tre år sidan opplevde dagleg leiar i Gard Maskin Tor Arne Gard alle sjåførar sitt mareritt då bilen hans fekk ukontrollert røykutvikling i Finnfast. Han etterspurte prosedyrar. Tre år seinare har det framleis ikkje skjedd noko.

    Tekst og foto: Håkon Jonassen Norheim

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 18.05.2017 - 12:50
    DSC_01372.JPG

    Fogn med elleville politiske parodiar

    Under 17. mai-feiringa på Fogn hadde komiteen sett underhaldinga til å vera frå det første kommunestyret i Nye Stavanger. Sjå dei festlege filmane under.

    (Foto: Øyvind Runestad)

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 18.05.2017 - 10:36
    DSC_01261.JPG

    Heile Finnøy var samla under eitt tak

    Av: Jon Asgaut Flesjå

    Storstova i Fleirbrukshallen var fyllt til randa, då heile Finnøy var samla til 17. maifest. 

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 16.05.2017 - 09:17

    MRSA påvist i svinebesetning på Finnøy

         Mattilsynet opplyser at det er funne antibiotikaresistente MRSA-bakteriar i ei svinebesetning på Finnøy.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 11.05.2017 - 14:33
    mai2017PM-13.JPG

    Stenger Byhaugtunnelen

    Byhaugtunnelen blir nattestengt frå fredag 12. mai klokka 21.00 til laurdag 13. mai klokka 08.00.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 11.05.2017 - 11:47
    Turdamer Teigen.JPG

    Spreke folk på verdas aktivitetsdag

    10. mai er verdas aktivitetsdag. Dagen blir nytta verda over for å inspirera fleire til meir fysisk aktivitet. På Finnøy tok fysioterapeut Heiko Schreiber med seg ein gjeng på tur i Teigen.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 10.05.2017 - 10:19
    Ny båt Rødne 3D.jpg

    Bygger båt til 75 millionar

    Rødne legg lista høgt når dei tar det største spranget i selskapet si historie. Nå investerer reiarlaget i ein stor turistbåt som skal gje legendariske opplevingar på sjøen året rundt.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 09.05.2017 - 05:48

    Nye utbrot av tomatmøll på Jæren

    Den frykta plantesjukdommen søramerikanske tomatmøll,tuta absoluta, er på ny påvist i ytterlegare tre større tomstgartneri på Jæren.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 08.05.2017 - 14:09

    Nye utfordringar for Finnfast

    Reduksjonen av tal bomstasjonar og eit likt innkrevjings- og rabattsystem for heile landet, har gitt nye og noko uventa utfordringar for styret i Finnfast AS.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 08.05.2017 - 11:26
    Nye Stavanger.png

    Nye Stavanger med ny nettside

    No kan du halda deg løpande oppdatert på alt om kommunesamanslåinga på ny nettstad. 

    » Les heile saka

    Næring

    Publisert 04.05.2017 - 08:47
    img_152731.jpg

    Årets første jordbær frå Finnøy

    Alt no, til den store konfirmasjonshelga på Finnøy, kan nokre få og utvalde, både konfirmantar feststemte gjestar, gle seg til smaken av årets første jordbær til festmiddagen i helga. Det frå gartneriet til Kåre Nordbø på Steinnesvåg.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 05.05.2017 - 15:55
    Havbrukspark.JPG

    Får pengar av Stavanger kommune

    Eit samrøystes formannskap vedtok å løyve 3 millionar kroner til Rogalands Havbrukspark AS.

    (Bildetekst: Asbjørn Drengstig i Rogaland Havbrukspark kan gleda seg over nye midler)

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 02.05.2017 - 11:31
    finnfast1214.jpg

    Kolonnekøyring i Finnfast

    Det blir kolonnekøyring i Finnfast mellom 07.00 og 19.00 tysdag, onsdag og torsdag. 

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 28.04.2017 - 12:59
    DSC_00064.JPG

    Stavanger-rådmannen strør millionar over Talgje

    Av Jon Asgaut Flesjå

    I si innstilling til møte i formannskapet i Stavanger, tilrår rådmannen at nye Rogalands Havbrukspark AS som er i ferd med å lokalisera seg på Talgje, vert tildelt heile tre millionar kroner frå det kommunale Vekstfondet til kommunen

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 27.04.2017 - 16:20
    IMG_432312.JPG

    Oppfordrar bøndene til ryddedugnad

    June Mjølsnes Steinnes hadde torsdag 27. april ein god rydderunde rundt på beiter i Finnøy for å plukka søppel. Der fann ho ganske mykje.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 27.04.2017 - 11:42
    SAM_3735.JPG

    Klar for ryddeaksjon

    Over 12 000 er påmeldte til dagens ryddeaksjon "Hele Rogaland Rydder". Les kor du kan kasta søppelet her.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 25.04.2017 - 09:23
    11DN1279.JPG

    Blir med på "Hele Rogaland rydder"

    Fleire tusen deltek på aksjonen "Heile Rogaland ryddar" torsdag 27. april. I Finnøy er Finnøy Økonomi, Finnøy hagelag og familien Sevheim førebels påmelde. Men det er plass til fleire. 

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 24.04.2017 - 16:31
    Ava Leana Enoksen3.jpg

    Første gullrutenominasjon til Nord-Hidle

    Ava Leana Enoksen frå Nord-Hidle er nominert til «Årets deltaker» under årets Gullruten på Tv2.

    » Les heile saka

    Sport

    Publisert 20.04.2017 - 19:24
    påskegolf31.jpg

    Golf blant grastuster og saueskit

    Det finst ingen golfbanar på Finnøy, men kvar påske spelar likevel ein gjeng finnøybuar om heider, ære og eit fylt påskeegg.  

    » Les heile saka