Tips oss: | Send e-post

Kultur

Print
Publisert 24.04.2017

    Første gullrutenominasjon til Nord-Hidle

    Ava Leana Enoksen frå Nord-Hidle er nominert til «Årets deltaker» under årets Gullruten på Tv2.

    I 2015 blei lesarane til Øyposten kjent med Ava Leana Enoksen frå Nord-Hidle i Sjernarøyane som var «fødd i feil kropp». I vinter har ho vore ein del av det kritikarroste fjernsynsprogrammet «Født i feil kropp» på Tv2, kor heile Norge har blitt kjent med Ava frå Nord-Hidle, og hennar veg frå å bli Emil til å bli Ava Leana.

    No har hennar rolle i dette programmet gitt ho Nord-Hidle sin første Gullrute-nominasjon. Saman med Karsten Nordal Hauken i programmet «Jeg mot meg», Gjert Ingebrigtsen i «Team Ingebrigtsen»  og Nina Blomli i «En dag i livet» er ho altså nominert i kategorien «Årets deltaker».

    - Det kom som eit sjokk då produsenten for «Født i feil kropp» hadde lagt igjen ei talemelding på telefonen kor han fortalte at eg som person var nominert til «Årets deltaker» på Gullruten. Eg syns det var veldig gøy, sjølv om det hadde vært ennå betre om også sjølve serien blei nominert. Men eg glede meg mykje til Gullruten, og er i full fart med førebuingane, seier ho til Øyposten.

    Gullruten er ei årleg prisutdeling og utmerking for den norske TV-bransjen, og vert i år delt ut den 12. mai. 

     

    Kultur

    Publisert 09.10.2017 - 15:45
    DSC_01278.JPG

    Ein strålande dag for kultur

    På ein nydeleg dag i haustferien ynskja Judaberg velkommen til M/S Sunnhordland og startskotet for den flytande kulturveka. Med seg hadde båten både viseartistar, Elias og strikkedamer.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 23.08.2017 - 23:10

    Får storfint besøk frå Flekkerøy

    Hesby og Fogn kyrkje får storfint besøk frå Flekkerøy når Flekkerøyguttene held konsert laurdag og sundag.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 24.04.2017 - 16:31
    Ava Leana Enoksen3.jpg

    Første gullrutenominasjon til Nord-Hidle

    Ava Leana Enoksen frå Nord-Hidle er nominert til «Årets deltaker» under årets Gullruten på Tv2.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 20.04.2017 - 19:13
    Fisterdag.jpg

    Lagar eigen Fisterdag

    Fister bygdaråd vil ha meir fart i bygda Fister. No arrangerer dei ein storstilt Fisterdag. 

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 17.02.2017 - 14:49
    Ava Leana Enoksen.jpg

    Med i «Født i feil kropp»

    Ava Leana Enoksen frå Nord-Hidle er i full gang med prosessen med å bli jente. No blir ho å sjå i TV2-programmet «Født i feil kropp».

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 13.02.2017 - 15:34
    Gullegget - Forteller Marianne Stenerud.jpg

    Fuglar og eventyr på Otto-huset

    Førstkommande torsdag blir det førestilling for born på Otto-huset då forteljaren Marianne Stenerud kjem på besøk.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 27.12.2016 - 19:40
    DSC_0349.JPG

    Sprell levande juletrefest i søndagsskulen

    Kulturstova på sentralskulen var stappfull av både små og store, i alle aldrar, då søndagsskulen på Finnøy inviterte til den tradisjonelle juletrefesten 3. juledag.

    » Les heile saka