Tips oss: | Send e-post

Kultur

Print
Publisert 24.04.2017

    Første gullrutenominasjon til Nord-Hidle

    Ava Leana Enoksen frå Nord-Hidle er nominert til «Årets deltaker» under årets Gullruten på Tv2.

    I 2015 blei lesarane til Øyposten kjent med Ava Leana Enoksen frå Nord-Hidle i Sjernarøyane som var «fødd i feil kropp». I vinter har ho vore ein del av det kritikarroste fjernsynsprogrammet «Født i feil kropp» på Tv2, kor heile Norge har blitt kjent med Ava frå Nord-Hidle, og hennar veg frå å bli Emil til å bli Ava Leana.

    No har hennar rolle i dette programmet gitt ho Nord-Hidle sin første Gullrute-nominasjon. Saman med Karsten Nordal Hauken i programmet «Jeg mot meg», Gjert Ingebrigtsen i «Team Ingebrigtsen»  og Nina Blomli i «En dag i livet» er ho altså nominert i kategorien «Årets deltaker».

    - Det kom som eit sjokk då produsenten for «Født i feil kropp» hadde lagt igjen ei talemelding på telefonen kor han fortalte at eg som person var nominert til «Årets deltaker» på Gullruten. Eg syns det var veldig gøy, sjølv om det hadde vært ennå betre om også sjølve serien blei nominert. Men eg glede meg mykje til Gullruten, og er i full fart med førebuingane, seier ho til Øyposten.

    Gullruten er ei årleg prisutdeling og utmerking for den norske TV-bransjen, og vert i år delt ut den 12. mai. 

     

    Sport

    Publisert 25.09.2017 - 22:44

    Matchvinnar med siste spark på ballen

    Bursdagsbarnet Hans Runar Eike blei matchvinnar for Finnøy borte mot Våganes med aller siste spark på ballen.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 19.09.2017 - 08:37
    søppel COLOURBOX241113073.jpg

    Konkurs kan få konsekvensar

    Avfallselskapet RenoNorden opplyste måndag at dei ville slå seg konkurs med direkte verknad. Det får konsekvensar for avfallshentinga i Finnøy.

    » Les heile saka

    Næring

    Publisert 22.09.2017 - 15:36

    Protestar mot oppdrettsanlegg

    Innbyggjarane på Landa, Nordbø og Vestbø går i eit skriv til kommunen imot utviding av Bremnes Seashore AS sitt oppdrettsanlegg ved Hesbygrunnen.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 18.09.2017 - 08:44
    Per Kristian Vareide 150x173.jpg

    Vareide blir truleg ny rådmann

    Fellesnemnda i Nye Stavanger kommune innstiller på at Stavanger-rådmann Per Kristian Vareide også blir ny rådmann i Nye Stavanger. 

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 14.09.2017 - 13:58
    8 Foto Arne Linndal.JPG

    - Må vera oppmerksame

    Arne Linndal sitt 11 år gamle barnebarn måtte kasta seg i grøfta då ein stor SUV-liknande bil kom i mot han då han var på sykkeltur. – Bilistar er nøydde til å vera oppmerksame på syklistar, seier Arne.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 12.09.2017 - 23:09

    Hjelmeland vil ha tilbake heile Ombo

    Fleirtalet i formannskapet i Hjelmeland har i dag vedteke at dei ynskjer å ta tilbake heile Ombo og innlemma dei som ein del av Hjelmeland.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 14.09.2017 - 13:28
    img_378141.jpg

    Strengare reglar for hummarfisket

    Absolutt alle som skal fiska hummar i år må registrera seg før fisket startar.

    » Les heile saka

    Politikk

    Publisert 11.09.2017 - 22:04

    Høgre valvinnar i Finnøy

    Går opp 4,2 prosentpoeng sidan 2013. Senterpartiet har overteke trona som største parti.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 08.09.2017 - 12:45
    IMG_2144.JPG

    Finnøy er verdensmeister i elbilbruk

    At Norge som nasjon er eit foregangsland i Europa og verda når det gjeld ulike stimulitiltak for å kjøpa elbilar,er ei kjent sak.Men at då Finnøy er den kommunen som er best i verda på å bruka elbilar,har no blitt kjent internasjonalt.I dag,fredag,vitja det velrennomerte og kjente nyheitsbyrået,Reuters, Finnøy for å undersøkja nærmare kva som er grunnen til at så mange av innbyggjarane på dei grøne øyane i Ryfylke er meir miljøbevisste enn folk elles ute i den store verda.

    » Les heile saka

    Politikk

    Publisert 11.09.2017 - 15:48
    11DN2256.JPG

    457 førehandsrøyster i Finnøy

    Politisk sekretær i Finnøy kommune, Marie Urdal melder om rekordmange førehandsrøyster i Finnøy.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 06.09.2017 - 17:28

    Hjelmeland-rådmann vil ha omkamp og behalda kommunen sin del av Ombo

    I eit opprop til Hjelmeland Kommune, ber 52 av innbyggjarane på hjelmelandssida av Ombo at noverande kommunegrense vert som i dag. I sitt framlegg til vedtak i Formannskapet fyrstkomande tysdag, støttar rådmann Wictor Juul innbyggjarinitiativet frå Ombo, og tilrår at formannskapet og kommunestyret opphevar tidlegare vedtak om å bli ein del av Nye Stavanger.  

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 07.09.2017 - 19:26

    Fiberbrotet er fiksa

    Grunna brot i ein fiberkabel var 80 prosent av Telenor sine kundar utan nett i eit døgn. No er feilen utbetra.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 04.09.2017 - 13:58
    SAM_2083.JPG

    Tidlegare Gjennestad-elevar har halde saman i 55 år

    At der er tradisjon for tidlegare internatskulelevar å møtast i samband med både 10- og 25-års jubileum etter avslutta skulegong, er ei kjent sak. Men at ei større gruppe tidlegare elevar frå Gjenenstad Gartnerskule jamleg har hatt samkomer, og møtt kvarandre i heile 55 år, høyrer nok til det meir skjeldne.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 01.09.2017 - 13:23

    Trafikkontroll i Sjernarøy

    Ein bil blei avskilta og ein førar vart anmelt for å køyra utan gyldig førarkort,då lensmannsetaten i Ryfylkeøyane politidistrikt gjennomførte ein trafikkontroll i Sjernarøy torsdag kveld.Bilen som vart avskilta mangla innbetaling av årsavgift og hadde ikkje gjennomført den periodiske kjørekomtrollen.Det er førstebetjent Torstein Tørresdal som opplyser dette til ØP-nett .

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 01.09.2017 - 12:25
    NAV Finnøy3.JPG

    Arbeidsløysa aukar i august

    Ifylgje nye tal frå NAV er det heile 28 prosent færre arbeidslause i august i år i forhold til same tid i fjor. Likevel har arbeidsløysa auka med 44 prosent sidan juli.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 31.08.2017 - 12:35
    6 Bilete Ombo.JPG

    Set Ombo-justering på vent

    Innbyggjarane på Hjelmeland-sida av Ombo krev omkamp for å bli verande i Hjelmeland kommune. Fylkesmannen set saka på vent.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 31.08.2017 - 08:25
    9 Bilde elbil1.JPG

    32 prosent elbil-andel – MDG vil ha 100

    Erlend Kristensen, 2. kandidat på stortingslista til Miljøpartiet de grønne i Rogaland, meiner at i staden for å krangla om snylting, burde alle på Finnøy kjøpa seg elbil. No utfordrar han heile Finnøy til å bli 100 prosent elektriske før samanslåinga med Stavanger.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 24.08.2017 - 11:47
    SAM_2040.JPG

    Stor trafikkontroll:Finnøybuen er flink til å sikre borna sine

    Politiet i Finnøy gejnnomførte onsdag og torsdag morgon to større trafikkontrollar ved sentraslkulen og barnehagen på Judaberg. - Det resulterte mellom anna til inndraging av eitt førarkort og ei avskilting av kjøretøy.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 28.08.2017 - 17:30
    Fellesnemnda.JPG

    Desse skal styre Nye Stavanger fram til 2020

    Det låg eit historisk sus over tradisjonsrike Utsyn Misjonssenter og heile øysamfunnet vårt, då det første møte i den såkalla Fellesnemda for Nye Stavanger hadde sitt første møte måndag ettermiddag.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 23.08.2017 - 23:10

    Får storfint besøk frå Flekkerøy

    Hesby og Fogn kyrkje får storfint besøk frå Flekkerøy når Flekkerøyguttene held konsert laurdag og sundag.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 23.08.2017 - 17:59

    To forenkla førelegg

    Som Øyposten tidlegare har annonsert hadde Ryfylkeøyane lensmannsdistrikt kontroll på Finnøy i dag.

    » Les heile saka

    Politikk

    Publisert 21.08.2017 - 21:04
    11DN2199.JPG

    Sanner: - Ein veldig spanande kommune

    Det blei ingen store overraskingar då det første felles kommunestyremøtet mellom Finnøy, Rennesøy og Stavanger blei halde hjå Fylkesmannen i Rogaland i dag, måndag. Men kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner tok turen innom.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 21.08.2017 - 13:20
    Politihuset grieg 2_.jpg

    Varslar fleire kontrollar

    Ryfylkeøyane lensmannsdistrikt varslar fleire politikontrollar ved Finnøy sentralskule og barnehagane på Finnøy i veka som kjem.

    » Les heile saka