Tips oss: | Send e-post

Kultur

Print
Publisert 20.04.2017

    Lagar eigen Fisterdag

    Fister bygdaråd vil ha meir fart i bygda Fister. No arrangerer dei ein storstilt Fisterdag. 

    Mange i Ryfylke farta garantert til Fister og den årlege Fisterdansen på slutten av 90-talet og byrjinga av 2000-talet. Den vart nedlagt, men no oppstår det søt musikk på Odd Børretzen sin fødestad. Fister bygdaråd arrangerer nemleg Fisterdag i Fistervågen 

    Det heile føregår pinseaftan 3. juni. 

    - Dagen er tenkt som ein familiedag for fasbuande, hyttefolk og andre som vil ha ein god drøs. Det blir god underhaldning, middag og ein flott friluftskonsert med Stavanger-bandet Elle Melle, skriv Fister bygdaråd i ei pressemelding. 

    Konserten er eit samarbeid med kulturkontoret i Hjelmeland kommune, og skal vera eit friluftsarrangement for alle. 

    - Det blir blant anna omvising ved det nye oppgraderte smoltanlegget som ligg eit lite steinkast frå Fistervågen, og det blir teiknekurs med fisterjenta Hilde Thomsen. Vidare vil også fleire lokale utstillarar profilera bygda og bedrifta si, skriv Bygdarådet. 

    Fisterdagen er eit ledd i Fister bygdaråds satsing om å få meir fart i bygda. Etter at butikken blei lagt ned i 2015 har fleire etterlyst arrangement og møteplassar i bygda.  

    - Me er ei bygd som har plass til mange fleire, skriv dei. 

    Dagen blir avslutta med pub på Fister klubbhus på kvelden. 

     

    Kultur

    Publisert 09.10.2017 - 15:45
    DSC_01278.JPG

    Ein strålande dag for kultur

    På ein nydeleg dag i haustferien ynskja Judaberg velkommen til M/S Sunnhordland og startskotet for den flytande kulturveka. Med seg hadde båten både viseartistar, Elias og strikkedamer.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 23.08.2017 - 23:10

    Får storfint besøk frå Flekkerøy

    Hesby og Fogn kyrkje får storfint besøk frå Flekkerøy når Flekkerøyguttene held konsert laurdag og sundag.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 24.04.2017 - 16:31
    Ava Leana Enoksen3.jpg

    Første gullrutenominasjon til Nord-Hidle

    Ava Leana Enoksen frå Nord-Hidle er nominert til «Årets deltaker» under årets Gullruten på Tv2.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 20.04.2017 - 19:13
    Fisterdag.jpg

    Lagar eigen Fisterdag

    Fister bygdaråd vil ha meir fart i bygda Fister. No arrangerer dei ein storstilt Fisterdag. 

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 17.02.2017 - 14:49
    Ava Leana Enoksen.jpg

    Med i «Født i feil kropp»

    Ava Leana Enoksen frå Nord-Hidle er i full gang med prosessen med å bli jente. No blir ho å sjå i TV2-programmet «Født i feil kropp».

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 13.02.2017 - 15:34
    Gullegget - Forteller Marianne Stenerud.jpg

    Fuglar og eventyr på Otto-huset

    Førstkommande torsdag blir det førestilling for born på Otto-huset då forteljaren Marianne Stenerud kjem på besøk.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 27.12.2016 - 19:40
    DSC_0349.JPG

    Sprell levande juletrefest i søndagsskulen

    Kulturstova på sentralskulen var stappfull av både små og store, i alle aldrar, då søndagsskulen på Finnøy inviterte til den tradisjonelle juletrefesten 3. juledag.

    » Les heile saka