Tips oss: | Send e-post

Kultur

Print
Publisert 17.02.2017

    Med i «Født i feil kropp»

    Ava Leana Enoksen frå Nord-Hidle er i full gang med prosessen med å bli jente. No blir ho å sjå i TV2-programmet «Født i feil kropp».

    Det nærmar seg to år sidan me snakka med Ava Leana Enoksen frå Nord-Hidle sist. Guten Emil, som vart «fødd i feil kropp», og som blei Ava Leana. Etter at Øyposten snakka med ho førre gong, har det skjedd mykje i livet hennar. No veit mest heile Norge kven ho er, etter at ho har fortelte historia si i magasiner og aviser.

    Neste veke går det ennå eit skritt lenger. Då blir ho å treffa i den kritikarroste TV2-serien «Født i feil kropp». No ser ho tilbake på dei to siste åra med eit smil, men innrømmer at ho gruar seg til å sjå seg sjølv på TV.

    - Det at eg har stått fram har blitt teke godt i mot. Det har vore som det skulle, eigentleg. Men det har også vore litt skummelt, og eg gruar meg til å sjå meg sjølv på fjernsyn. Det blir skummelt, seier ho.

    Kjenslelada

    - Korleis har det vore å stått framføre kamera, og snakka om å vera «fødd i feil kropp»?

    - Det har vore veldig kjekt, filmteamet var utruleg flinke. Me hadde mange fine stunder saman, og det heile blei veldig kjenslelada. Det var ukomfortabelt i byrjinga, men så gjekk det greitt. Heilt til eg såg meg sjølv på framsidebilete til TV2 på Facebook, seier ho.

    Ava Leana innrømmer at det har sine fordelar og ulemper med å vera så open om livet sitt som ho er, men at det har vore verdt det. No går ho på skule, og er på veg til å flytta til kjærasten sin på Stord.

    - Det er ikkje mykje privatliv igjen, men det var eg førebudd på. No er livet mitt kjempebra. Eg har komme i gang med prosessen eg skal gjennom og alt slikt, seier ho.

    - Er prosessen ei stor påkjenning?

    - Eg merkar at kroppen forandrar seg, men det er ikkje noko påkjenning. Det er heller ei lette at den blir slik den skal.

    - Merkar du sjølv endringane som skjer med deg?

    - Eg merkar endringane ja. Den dokumentarserien som kjem no blei filma for cirka to år sidan. Eg såg tilbake på dei bileta og materialet frå den gong, og såg kor mykje eg hadde forandra meg. Det var ein stor kontrast, seier ho.

    Førebudd på reaksjonar

    - Korleis opplever du reaksjonane frå folk etter at du har stått fram og vist kven du eigentleg er?

    - Det har ikkje vore så mange reaksjonar eigentleg. No står eg ikkje fram lenger. Det er slik eg er, og det lever folk med. Heilt til eg kjem på TV. Då blir det nok reaksjonar, men det er eg førebudd på, seier ho.

    Under intervjuet med Øyposten i mai 2015 sa Ava Leana at ho stod fram for å hjelpa andre unge som var i same situasjon for ho. Det har ho greidd.

    - Eg har snakka med eit par som seier dei har fått inspirasjon av det, og har fått spørsmål om korleis dei skal gå fram. Eg har prøvd å hjelpt dei, men eg kan ikkje svara på korleis dei skal gjera det i sin situasjon, fortel Ava Leana.

    No nærmar Ava Leana seg 21 år, og ho merkar at ho blir eldre til sinns. Ho fortel at ho har litt andre verdiar no enn for til dømes to år sidan, og har funne ut at ho har lyst til å bli psykolog. Då hjelper det å ha gått gjennom ei slik stor påkjenning.

    «Født i feil kropp» med Ava Leana Enoksen kan ein sjå onsdag klokka 21.40.

     

     

    Kultur

    Publisert 09.10.2017 - 15:45
    DSC_01278.JPG

    Ein strålande dag for kultur

    På ein nydeleg dag i haustferien ynskja Judaberg velkommen til M/S Sunnhordland og startskotet for den flytande kulturveka. Med seg hadde båten både viseartistar, Elias og strikkedamer.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 23.08.2017 - 23:10

    Får storfint besøk frå Flekkerøy

    Hesby og Fogn kyrkje får storfint besøk frå Flekkerøy når Flekkerøyguttene held konsert laurdag og sundag.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 24.04.2017 - 16:31
    Ava Leana Enoksen3.jpg

    Første gullrutenominasjon til Nord-Hidle

    Ava Leana Enoksen frå Nord-Hidle er nominert til «Årets deltaker» under årets Gullruten på Tv2.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 20.04.2017 - 19:13
    Fisterdag.jpg

    Lagar eigen Fisterdag

    Fister bygdaråd vil ha meir fart i bygda Fister. No arrangerer dei ein storstilt Fisterdag. 

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 17.02.2017 - 14:49
    Ava Leana Enoksen.jpg

    Med i «Født i feil kropp»

    Ava Leana Enoksen frå Nord-Hidle er i full gang med prosessen med å bli jente. No blir ho å sjå i TV2-programmet «Født i feil kropp».

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 13.02.2017 - 15:34
    Gullegget - Forteller Marianne Stenerud.jpg

    Fuglar og eventyr på Otto-huset

    Førstkommande torsdag blir det førestilling for born på Otto-huset då forteljaren Marianne Stenerud kjem på besøk.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 27.12.2016 - 19:40
    DSC_0349.JPG

    Sprell levande juletrefest i søndagsskulen

    Kulturstova på sentralskulen var stappfull av både små og store, i alle aldrar, då søndagsskulen på Finnøy inviterte til den tradisjonelle juletrefesten 3. juledag.

    » Les heile saka