Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 15.02.2017

    Rekordoverskot i kommunen

    Førebels rekneskap for Finnøy kommune syner eit netto driftsresultat på rett i underkant av 11 millionar.

    Driftsresultatet er på 10 948 101 kroner, noko som er lik 3,84 prosent av samla driftsinntekter. Det er høgt over budsjettert netto driftsresultat, som er på 0,41 prosent. Etter avsetningar har Finnøy kommune eit rekneskapsmessig mindreforbruk på 12 844 944 kroner, mot budsjettert 3 162 342 kroner.

    Ifylgje ei pressemelding skal årsaka til dette i all hovudsak vera meirinntekter på frie inntekter i kombinasjon med refusjonar og tilskot utover det som er budsjettert.

    Frie inntekter (skatt og rammetilskot) i 2016 er på om lag 197 millionar kroner, vel 3,3 millionar kroner over regulert budsjett. I regulert budsjett la ein til grunn lokal skattevekst på 3 prosent, og skattevekst i landet på 7,4 prosent. Lokal skattevekst i Finnøy i 2016 vart på 8 prosent, heile fem prosent over. Skatteveksten i landet vart på 9,8 prosent.

    Sjølv med betydeleg lokal skattevekst, vil Finnøy kommune i liten grad via inntektsutjamninga få reduksjon i rammetilskot. Den høge skatteveksten for landet, i kombinasjon med at Finnøy ligg om lag 2 prosent under skatteveksten for landet, gjer at Finnøy får behalda så stor del av veksten i frie inntekter.

    Finnøy kommune nytta om lag 6 millionar kroner mindre på drift i avdelingane/einingane enn det som vart lagt til grunn i budsjett.

    Fellestenester kjem samla ut med eit meirforbruk på om lag 2,2 millionar kroner. Bak dette talet ligg fellestenestar, politikk men òg ymse. I pressemeldinga skriv kommunen at budsjettverknad av nedbemanning i administrasjon, som seinare er vedteke at ikkje skulle følgjast opp, kjem til uttrykk her.  Blant anna dom frå Stavanger Tingrett i 2016 der oppseiing av arbeidstakar vart kjent ugyldig har påført kommunen saksomkostningar/erstatning. I det vesentlege finn ein kostnader til IKT for heile organisasjonen under fellestenester.

    Oppvekst har eit mindreforbruk på om lag 1,2 millionar kroner. I hovudsak er dette knytt til refusjonar/tilskot meir enn budsjettert.

    Helse og omsorg har eit samla mindreforbruk på seks millionar. Dette på grunn av store uvisse knytt til drift av NAV, barnevern og flyktningar.

    Plan og forvaltning visar eit samla mindreforbruk på om lag 1,1 millionar kroner.

    Finnøy kommune har investert om lag 32,4 millioner kroner i 2016, og har realisert eigedom for om lag 14,8 millioner kroner. Langsiktig gjeld er per årsskifte 232,5 millionar. Dette utgjer ei gjeldsgrad på 81,62 prosent.

    Førebels rekneskap for 2016 vert sendt revisjon og skal opp i formannskap og kommunestyret i april

     

     

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 22.02.2017 - 16:54

    Får seia meininga si om oppdrettsnæringa

    I løpet av dei nærmaste dagane,vil 100 av innbyggjarane i Finnøy bli oppringt for å seia deira meining om positive og negative verknader om oppdrettsnæringa i kommunen.Det forsningsinstituttet IRIS som skal gjennomføre undersøkinga.

    Dette kom mellom fram på eit folkemøte i kommunestyresalen tysdag kveld.

    » Les heile saka

    Politikk

    Publisert 22.02.2017 - 16:25
    Styringsgruppemøte.JPG

    Finnøy får sju representantar

    Etter møte i styringsgruppa i Nye Stavanger i biblioteket på Finnøy onsdag vart det klart at sju av dei 33 representantane i den nye Fellesnemnda (overgangskommunestyre) kjem frå Finnøy.

    » Les heile saka

    Politikk

    Publisert 22.02.2017 - 05:06

    Tilrår 14 av 33 representantar

    Rådmennene i dei tre kommunane som frå 2020 skal bli til Nye Stavanger, tilrår at 14 av dei 33 medlemmene i den nye Fellesnemda (overgangskommunestyre), skal koma frå Finnøy og Rennesøy.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 21.02.2017 - 15:53
    SAM_1002.JPG

    Søppelet flyt langs strendene

    Plast, søppel og skyteleidning frå Ryfast flyt i land i strandsteinane på Vignes.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 20.02.2017 - 08:50
    Biler_Foto_Bård_Brinchmann_Løvvig.jpg

    No kjem årsavgifta

    Eigarane av dei totalt 2585 bilane i Finnøy får i desse dagar eit krav på totalt 5.1 millionar kroner.

    » Les heile saka

    Nytt

    Publisert 17.02.2017 - 15:03
    image2017-02-17-1453153.jpg

    Øyposten 15 år sidan: Første Gravestikk for fleirbrukshall

    Me har teke eit djupdykk i arkiva vår. Les sak om første gravestikk for Finnøy Fleirbrukshall for 15 år sidan.

    Her er Arild Flesjå saman med dåverande ordførar Jorunn Strand Vestbø.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 17.02.2017 - 14:49
    Ava Leana Enoksen.jpg

    Med i «Født i feil kropp»

    Ava Leana Enoksen frå Nord-Hidle er i full gang med prosessen med å bli jente. No blir ho å sjå i TV2-programmet «Født i feil kropp».

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 17.02.2017 - 14:47
    Kjell Nes1.JPG

    Arbeidsgruppa for Øyfast er klar

    Det er sett av 100.000 kroner til ei arbeidsgruppe for Øyfast i budsjettet for 2017. Under kommunestyret onsdag vart det klart at sju personar vart med i gruppa. 

    (Bilettekst: Både Terjer Hidle (t.v) og Kjell Nes (i midten) vart med i arbeidsgruppa for Øyfast)

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 16.02.2017 - 10:15
    Holmastø Nord.JPG

    Fremja lovlegkontroll

    Opposisjonen fremja under gårsdagens kommunestyre ein lovlegkontroll på ei sak som ikkje var oppe.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 15.02.2017 - 21:21

    Rekordoverskot i kommunen

    Førebels rekneskap for Finnøy kommune syner eit netto driftsresultat på rett i underkant av 11 millionar.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 15.02.2017 - 10:04

    Rekordresultat for Tine

    Forbetringstiltak i industrien, samt framgang i salet av ferdigmat, is og ost ga Tine eit driftsresultat på over 1,7 milliardar i 2016.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 15.02.2017 - 09:28

    Totalforbod mot eld

    Rogaland Brann og Redning IKS legg ned totalforbod mot å gjera opp eld utandørs på grunn av det kalde og tørre vêret dei siste vekene.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 14.02.2017 - 07:04

    Trafikkulukke på Sokn

    Tre bilar skal vera involvert i ei trafikkulukke på E39 ved Sokn.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 13.02.2017 - 15:34
    Gullegget - Forteller Marianne Stenerud.jpg

    Fuglar og eventyr på Otto-huset

    Førstkommande torsdag blir det førestilling for born på Otto-huset då forteljaren Marianne Stenerud kjem på besøk.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 10.02.2017 - 13:30
    SAM_0956.JPG

    Kan bli nytt idrettshus

    Det er planar om nytt idrettshus på Leikvoll. Planane blir presentert på årsmøtet i Finnøy idrettslag 15. mars.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 09.02.2017 - 14:06
    SAM_0914.JPG

    -Ein stor og hjartevarm takk til brannvesenet

    -Ja, ja det gjekk nå av i likaste laget. Men eg vil på det sterkaste,og mest interlege, retta ein stor og hjartevarm takk til brannvesenet og "Rogaland Brann og Redning" som Finnøy no er ein del av. Det er, huseigar, bonde og mangårig trailersjåfør, Per Gunnar Steinnes som seier dette til Øyposten dagen etter at han saman med kona si Liv U. Steinnes måtte sjå at heile det flotte bustadhuset sitt blei totalskada i brann, onsdag kveld og natt til torsdag. 

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 09.02.2017 - 14:02
    Vegnamn1.JPG

    55 prosent utan vegadresse

    1 av 5 manglande vegadresser i Rogaland, er i Finnøy kommune. Men i løpet av 2020 skal alle husstandar ha ei adresse.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 08.02.2017 - 21:46

    Hus på Steinnes totalskada i brann

    Brannvesenet har no klart å få kontroll over flammane og brannen i bustadhuset på Steinnes.I følge operatør på 110 sentralen,Stig Forbregd, så er huset totalskada.-Fire brannmenn frå Finnøy vil drive med etterslukning utover natta for på den måten sikre at brannen ikkje blusser opp igjen,seier Forbregd.Etter det Øyposten får opplyst frå sikre kjelder,oppstod brannen medan huseigaren var ute i fjøset for å stelle dyra.Fjøset ligg berre nokre titals meter unna våningshuset på garden

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 08.02.2017 - 20:12

    ATV kan vera brannårsak

    Brannen på i Kyrkjeskarvegen kan ha oppstått på grunn av ein ATV.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 08.02.2017 - 18:14
    IMG_4064.JPG

    Brannen er slokka

    Brannen i bustaden i Kyrkjeskarvegen er no slokka.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 08.02.2017 - 08:51

    Sterkt SR-Bank resultat

    Sparebank 1 SR-bank oppnådde eit resultat før skatt på 2.158 millioner kroner i 2016, mot 2.146 i 2015.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 07.02.2017 - 11:11
    Vassendgutane.jpg

    Klappa og klart for Vassendgutane

    Til helga kjem Vassendgutane til Fleirbrukshallen. Hall-general Arild Flesjå trur det blir ein folkefest.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 06.02.2017 - 15:51
    32378728736_fed0f022db_o.jpg

    82 utrykkingar til komfyrbrannar

    Fersk statistikk frå DSB visar at det var 82 utrykkingar til komfyrbrannar i Rogaland i 2016, men ingen i Finnøy.

    » Les heile saka