Tips oss: | Send e-post

Sport

Print
Publisert 03.02.2017

    Einar med på historie

    Einar Nordbø (25) frå Finnøy spelar i eliteserien i volleyball for TIF Viking i Bergen. Torsdag var han med på å bli historisk, då laget hans kvalifiserte seg for kvartfinalen i europacupen. 

    (Foto: John Vint)

    Alle har nok spelt det ein gong, anten på skulen eller på stranda om sommaren. Men få er klar over at Finnøy faktisk har ein eliteseriespelar i volleyball. Som spelar på eit av Norges beste lag. Torsdag spelte han og laget TIF Viking for ein historisk kvartfinaleplass i Slovenia mot OK Sempeter i CEV-Challenge 2017. Etter 3-1 i første kamp, vann Einar og TIF Viking 3-1 også i Slovenia, og møter no russiske Fakel Novy Urengoy i kvartfinalen.

    Einar Nordbø byrja volleyball-karriera relativt seint. Medan han vaks opp på Finnøy var det naturlegvis fotball som var den store lidenskapen, men om sommaren spelte han mykje sandvolleyball. Då han var 19 år og skulle på folkehøgskule, kom han over volleyball-linja ved Sunnfjord folkehøgskule.

    - Før handla det berre om fotball, men volleyball var ein kjekk ting me gjorde om somrane. Eg tenkte då eg skulle på folkehøgskule at eg godt kunne tenkt å prøva ein annan idrett. Og volleyball-linja lokka i tillegg med ein tur til Brasil for å spela volleyball på Copacabana. Då var eg selt, seier han.

    Etter han kom til Sunnfjord auka interessa etter kvart som han blei betre kjent med idretten.

    - Eg syns det var veldig kjekt, og fortsette å spela då eg flytta til Bergen etter folkehøgskulen. Først spelte eg i 2. divisjon, men laget eg spela for gjekk i oppløysing, og eg blei med TIF Viking sitt 1. divisjonslag. Her var eg i to sesongar, før dei framføre denne sesongen trengte folk i min posisjon i eliteserien, seier Nordbø.

    Heilskapleg idrett

    - Kva er det som gjer volleyball verdt å driva med?

    - Om du samanliknar det med fotball er det ein idrett kor ein kompenserer for svakheiter heile vegen. Om du er dårlegare teknisk enn eit lag, kan du til dømes springa meir. Men i volleyball blir alle faktorane i alle ballidrettar like viktige heile tida. Om du har for dårleg teknikk hjelp det ikkje kor mykje du har fysisk. Alle basisferdigheiter blir like viktige, og om dei ikkje sitt går ballen ut av spel, seier Nordbø.

    Einar Nordbø kom altså til eliteserien i volleyball før årets sesong starta i fjor haust. For å bruka ein god gamal klisjé kan ein seia at vegen har blitt til mens han har gått. Nordbø spelar det som heiter midtspelar. Det er den posisjonen som har hovudansvaret i blokka, og går på raske angrep.

    NM-sølv

    Det er to andre på laget som også innehar den posisjonen, så Einar er førebels tredjeval. Men han har fått rikeleg med sjansar i løpet av året, og har hausta gode skotsmål av trenar Scott Olsen. For to veker sidan var han også med og tok sølv i cupen.

    - Det var ei stor oppleving for min del. Eg hadde aldri trudd eg skulle oppleva noko slikt. Det var veldig spesielt og det kjennes godt når nasjonalsongen blir spela. Det var mykje publikum, og god stemning. Kronprinsparet og statsministeren var der og delte ut medaljane, så eg fekk helsa på dei også, fortel han.

    Tidlegare denne veka tok Norge ein nærmast sensasjonell sølvmedalje i handball-VM for menn. Finalen på TV2 mellom Norge og Frankrike, blei sett av over 1,6 millionar. Dei norske spelarane fekk 50.000 i bonus kvar for sølvmedaljen. I tillegg tenar dei fleste gode pengar for sine respektive handball-lag.

    Skapar historie

    Torsdag spelte altså TIF Viking andre 8-delsfinale-kamp i Slovenia, og blei det første norske laget gjennom tidene som har kvalifisert seg for kvartfinale i ein europacup. Men det er utan å tene ei krone.

    - I verdssamanheng er ikkje Norge eit stort land innan volleyball. Det er få lag som har komme så langt i europacupane. Men no har me eit godt utgangspunkt, og kan bli historiske med å bli det første norske laget som kjem så langt i den europacupen me er i.

    Lite pengar

    CEV-Challenge er den tredje høgste europacupen i volleyball, og i kvartfinalen møter dei eit russisk lag med landslagsspelarar og millionlønningar. Det blir store kontrastar for eit lag med amatørar, og Einar meiner at alt eigentleg burde ha ligge til rette for at volleyball skulle blitt ein stor idrett også i Norge.

    - I og med at volleyball blir spelt inne, burde det ha passa eit land som Norge godt. I tillegg er det jo kjent at høgda er ein stor fordel innan volleyball, og Norge har eit rimeleg høgt folk. Men volleyballen har rett og slett slitt i kampen om å få folk. Det er fotball, ski og handball som tek mykje av merksemda, og då er det vanskeleg å koma seg opp og fram.

    Samstundes peikar han på at Norges Volleyballforbund (NVBF) er eit forbund som både har ansvaret for sandvolleyball og innandørs volleyball, og i og med at Norge til tider har vore høgt oppe i sandvolleyball, blir den sporten ofte prioritert før innandørsvolleyballen. Dette uroar ikkje Einar.

    - Eg tenker at dette er eit enkelt reknestykke. Skapar idretten pengar, får du fort pengar igjen. Volleyball er i dag ein idrett som skapar lite pengar. Premier League er vel den ligaen i verda som skapar mest pengar, og såleis får dei også meir løn. Det er synd at det er slik, men det er logisk også, seier han.

    Tek mykje tid

    Til dagleg studerer Einar til å bli lærar, men bedyrar at mykje av tida hans går med til volleyballen. I løpet av ei veke har dei fire treningar med ball, og det er forventa at ein har tre styrkeøkter. Kamp spelar dei stort sett kvar helg, og då har dei også ei morgontrening før kamp.

    - No er me inne i ein veldig intens periode. No var me i Sverige frå torsdag til sundag. På onsdag reiser me til Slovenia, og i helga reiser me til Randaberg og Sand. Så då blir det relativt intenst i forhold til alt du gjer utan at du får pengar for det, seier han.

    - Men du får vel igjen i opplevingar?

    - Absolutt. Det er det som gjer det verdt innsatsen. Ein må verkeleg brenna for det, avsluttar Einar.

    Han har ingen planar om å ta med seg volleyballen heim til Finnøy ennå, men han kan smykka seg med tittelen som regjerande meister i volleyballturneringa under Tomatfestivalen.

    Laurdag spelar Einar og TIF Viking mot Randaberg på Randaberg.

     

     

    Sport

    Publisert 25.09.2017 - 22:44

    Matchvinnar med siste spark på ballen

    Bursdagsbarnet Hans Runar Eike blei matchvinnar for Finnøy borte mot Våganes med aller siste spark på ballen.

    » Les heile saka

    Sport

    Publisert 20.04.2017 - 19:24
    påskegolf31.jpg

    Golf blant grastuster og saueskit

    Det finst ingen golfbanar på Finnøy, men kvar påske spelar likevel ein gjeng finnøybuar om heider, ære og eit fylt påskeegg.  

    » Les heile saka

    Sport

    Publisert 03.02.2017 - 13:23
    Photo John Vint - Einar Nordbø.jpg

    Einar med på historie

    Einar Nordbø (25) frå Finnøy spelar i eliteserien i volleyball for TIF Viking i Bergen. Torsdag var han med på å bli historisk, då laget hans kvalifiserte seg for kvartfinalen i europacupen. 

    (Foto: John Vint)

    » Les heile saka

    Sport

    Publisert 10.01.2017 - 09:40

    120 000 kroner til Finnøy

    Totalt har 18 lag og organisasjonar i kommunen registrert seg som grasrotmottakarar.

    » Les heile saka

    Sport

    Publisert 30.07.2016 - 10:57
    IMG_6546.JPG

    Straffedrama på Dana-Cup

    Finnøy sitt Gutar 15-lag måtte tilbake for å ta ny straffekonkurranse etter at kampen var slutt.

    » Les heile saka

    Sport

    Publisert 28.07.2016 - 11:46

    Vidare til a-sluttspelet

    Finnøy G14 og J16 er vidare til a-sluttspelet i Dana Cup. J14 og G15 er i b-sluttspelet.

    » Les heile saka

    Sport

    Publisert 27.06.2016 - 10:42
    Anders Eike.JPG

    I grøfta etter spurten

    Inge Holla tok ein knusande samanlagtsiger under den sjette utgåva av Tour de Fogn i helga, og Anders Eike frå Halsnøy blei den beste frå kommunen.

    » Les heile saka

    Sport

    Publisert 25.05.2016 - 11:36

    Historisk sesongstart

    Aldri før har Finnøy sitt a-lag vunne dei sju første kampane i ligaen.

    » Les heile saka

    Sport

    Publisert 26.04.2016 - 10:52
    IMG_3102.JPG

    Fem på rad

    Finnøy sitt a-lag står no med fem strake sigrar etter måndagens nervepirrande kamp mot Hjelmeland. 

    (Foto: Anna Sigrid Eike)

    » Les heile saka

    Sport

    Publisert 04.04.2016 - 22:50
    Jurgen Oyenhausen.JPG

    Siger etter mål i siste sekund

    Håkon Kavli sørga for 2-1-siger til Finnøy med siste spark på ballen i kampen mot Hundvåg 2.

    » Les heile saka

    Sport

    Publisert 14.03.2016 - 13:12
    IMG_5257.JPG

    Fem bronsemedaljar i NM!

    Martin Nåden Dyrstad (19) frå Finnøy tok fem bronsemedaljar under NM i stuping for seniorar.

    » Les heile saka

    Sport

    Publisert 22.02.2016 - 14:57
    IMG_2458.jpg

    NM-sølv til Liv Holmslet Astad!

    Under helgas NM i Rytmisk Gymnastikk for lag og tropp i Skjeberg blei det sølv til Stavanger turnforening og Liv Holmslet Astad frå Finnøy.

    » Les heile saka

    Sport

    Publisert 19.01.2016 - 08:19
    01.06.15 0112.JPG

    Møter 5 (!) toarlag

    Finnøy sitt a-lag møter fem toarlag i si 6. divisjonspulje i år. 

    » Les heile saka

    Sport

    Publisert 07.01.2016 - 11:44
    Bodil.jpg

    95 000 grasrotkroner til Finnøy

    Finnøy Idrettslag ligg på toppen blant 14 grasrotmottakarar i kommunen, med 50 738 grasrotkroner.

    » Les heile saka

    Sport

    Publisert 12.10.2015 - 21:07
    12083778_10153033712781968_958749260_n2.jpg

    6. divisjon neste!

    Slo Orstad 3-0 og sikra dermed opprykket til 6. divisjon med minst mogleg margin. 

    » Les heile saka

    Sport

    Publisert 04.05.2015 - 22:16
    11DN5058.JPG

    Finnøy best i kommunen

    Slo Fogn 3-1 på Leikvoll måndag.

    » Les heile saka

    Sport

    Publisert 29.04.2015 - 15:53
    Fogn Finnøy0921.jpg

    Kampen ingen vil tape

    Måndag 4. mai er det klart for hatoppgjeret mellom Finnøy og Fogn. - Ein kamp ingen vil tape, seier Finnøy-kaptein.

    » Les heile saka