Tips oss: | Send e-post

Nyheter

Publisert 01.02.2017

    Utsett, utsett, utsett…

    No blir det kolonnekøyring i Rennfast heilt til august.

    «Kolonnekøyring i eit halvt år grunna arbeid i Byfjordtunnelen», skreiv me om i april i fjor. Så blei det sagt at det var ferdig til vinteren. No opplyser Statens Vegvesen at arbeidet i E39 Byfjordtunnelen ikkje vil vera ferdig før til påsken. Etter det står vatn- og frostsikringa i Mastrafjordtunnelen for tur.

    Byggeleiar Raymond Helland i Statens vegvesen beklagar at arbeidet har teke lenger tid enn venta.

    - Hovudgrunnen er at Skanska AS har vore nøydd til å skifta dobbelt så mykje av vatn- og frostsikringa som planlagt før prosjektet starta. Me har bomma på tidsfristen som sa at arbeidet skulle vera ferdig til vinteren, og det er berre å beklaga, seier Helland i ei pressemelding.

    Sjølvkritikk

    - Er det ingenting de kunne ha undersøkt på førehand for å ha betre kontroll på kor lang tid jobben i tunnelane kom til å ta?

    - Me kunne ikkje rive ned dei gamle platene og undersøka før me var klar til å montera nye, for då hadde vatnet runne i strie strømmar. Men me tok kanskje for lett på avviklinga av kolonnekøyringa. Spesielt krevjande er det når me spruter betong på tunnelvegane, for då må arbeidet stoppa når trafikken går forbi. Dette har teke mykje tid. Kolonnekøyringa har generelt teke mykje lenger tid enn både me og entreprenøren hadde rekna med, innrømmer byggeleiaren.

    Ifylgje pressemeldinga blir det no arbeidd for fullt i Rennfast. Helland ber alle trafikantar følgja skiltinga, høyra på trafikkdirigentane og ta omsyn.

    - Jo meir effektivt kolonnekøyringa går, jo fortare blir arbeidet i tunnelane ferdig. Kolonnekøyringa er lagt til seine kveldar og nettene fordi berre seks-sju prosent av den totale trafikken då blir råka, seier byggeleiar Helland.

    Mastrafjordtunnelen

    Planen er no at arbeidet i Byfjordtunnelen er ferdig til påske. Kort tid etter startar arbeidet i Mastrafjordtunnelen. Her skal alt vera ferdig til august.

    - Me er sikre på at me har nok tid i Mastrafjordtunnelen. Rivearbeidet her er berre ein fjerdedel av Byfjordtunnelen. Her er det berre aktuelt å setta opp 5000 kvadratmeter vatn- og frostsikring. I Byfjordtunnelen blir det montert 25.000 kvadratmeter, forklarar Helland.

    Nokså sikre

    - De starta på arbeidet våren 2016, og skulle eigentleg vera ferdige hausten 2016. Så blei det utsett til vinteren 2017, og no påske 2017. Skal me tru på denne grensa no?

    - Ja, no er me nokså sikre på at me har treft, seier Helland.

    - Hadde det ikkje vore betre å sett ei lenger tidsfrist på dette arbeidet, og sleppt dette her?

    - Jo, det kan du seia. No har dette blitt litt meir uventa, så me har utsett det. Denne gong håpar me å treffa.

    - Etterpå startar arbeidet med Mastrafjordtunnelen. Kan de vera sikre på at dette berre tek fire månadar, når arbeidet i Byfjortunnelen har teke eitt år?

    - Me har utfordringar der også, og må kartlegga. Men me håpar på å ha treft på tida denne gong, avsluttar han.  

     

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 22.02.2017 - 16:54

    Får seia meininga si om oppdrettsnæringa

    I løpet av dei nærmaste dagane,vil 100 av innbyggjarane i Finnøy bli oppringt for å seia deira meining om positive og negative verknader om oppdrettsnæringa i kommunen.Det forsningsinstituttet IRIS som skal gjennomføre undersøkinga.

    Dette kom mellom fram på eit folkemøte i kommunestyresalen tysdag kveld.

    » Les heile saka

    Politikk

    Publisert 22.02.2017 - 16:25
    Styringsgruppemøte.JPG

    Finnøy får sju representantar

    Etter møte i styringsgruppa i Nye Stavanger i biblioteket på Finnøy onsdag vart det klart at sju av dei 33 representantane i den nye Fellesnemnda (overgangskommunestyre) kjem frå Finnøy.

    » Les heile saka

    Politikk

    Publisert 22.02.2017 - 05:06

    Tilrår 14 av 33 representantar

    Rådmennene i dei tre kommunane som frå 2020 skal bli til Nye Stavanger, tilrår at 14 av dei 33 medlemmene i den nye Fellesnemda (overgangskommunestyre), skal koma frå Finnøy og Rennesøy.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 21.02.2017 - 15:53
    SAM_1002.JPG

    Søppelet flyt langs strendene

    Plast, søppel og skyteleidning frå Ryfast flyt i land i strandsteinane på Vignes.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 20.02.2017 - 08:50
    Biler_Foto_Bård_Brinchmann_Løvvig.jpg

    No kjem årsavgifta

    Eigarane av dei totalt 2585 bilane i Finnøy får i desse dagar eit krav på totalt 5.1 millionar kroner.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 17.02.2017 - 14:49
    Ava Leana Enoksen.jpg

    Med i «Født i feil kropp»

    Ava Leana Enoksen frå Nord-Hidle er i full gang med prosessen med å bli jente. No blir ho å sjå i TV2-programmet «Født i feil kropp».

    » Les heile saka

    Nytt

    Publisert 17.02.2017 - 15:03
    image2017-02-17-1453153.jpg

    Øyposten 15 år sidan: Første Gravestikk for fleirbrukshall

    Me har teke eit djupdykk i arkiva vår. Les sak om første gravestikk for Finnøy Fleirbrukshall for 15 år sidan.

    Her er Arild Flesjå saman med dåverande ordførar Jorunn Strand Vestbø.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 17.02.2017 - 14:47
    Kjell Nes1.JPG

    Arbeidsgruppa for Øyfast er klar

    Det er sett av 100.000 kroner til ei arbeidsgruppe for Øyfast i budsjettet for 2017. Under kommunestyret onsdag vart det klart at sju personar vart med i gruppa. 

    (Bilettekst: Både Terjer Hidle (t.v) og Kjell Nes (i midten) vart med i arbeidsgruppa for Øyfast)

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 16.02.2017 - 10:15
    Holmastø Nord.JPG

    Fremja lovlegkontroll

    Opposisjonen fremja under gårsdagens kommunestyre ein lovlegkontroll på ei sak som ikkje var oppe.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 15.02.2017 - 21:21

    Rekordoverskot i kommunen

    Førebels rekneskap for Finnøy kommune syner eit netto driftsresultat på rett i underkant av 11 millionar.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 15.02.2017 - 10:04

    Rekordresultat for Tine

    Forbetringstiltak i industrien, samt framgang i salet av ferdigmat, is og ost ga Tine eit driftsresultat på over 1,7 milliardar i 2016.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 15.02.2017 - 09:28

    Totalforbod mot eld

    Rogaland Brann og Redning IKS legg ned totalforbod mot å gjera opp eld utandørs på grunn av det kalde og tørre vêret dei siste vekene.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 13.02.2017 - 15:34
    Gullegget - Forteller Marianne Stenerud.jpg

    Fuglar og eventyr på Otto-huset

    Førstkommande torsdag blir det førestilling for born på Otto-huset då forteljaren Marianne Stenerud kjem på besøk.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 14.02.2017 - 07:04

    Trafikkulukke på Sokn

    Tre bilar skal vera involvert i ei trafikkulukke på E39 ved Sokn.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 10.02.2017 - 13:30
    SAM_0956.JPG

    Kan bli nytt idrettshus

    Det er planar om nytt idrettshus på Leikvoll. Planane blir presentert på årsmøtet i Finnøy idrettslag 15. mars.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 09.02.2017 - 14:06
    SAM_0914.JPG

    -Ein stor og hjartevarm takk til brannvesenet

    -Ja, ja det gjekk nå av i likaste laget. Men eg vil på det sterkaste,og mest interlege, retta ein stor og hjartevarm takk til brannvesenet og "Rogaland Brann og Redning" som Finnøy no er ein del av. Det er, huseigar, bonde og mangårig trailersjåfør, Per Gunnar Steinnes som seier dette til Øyposten dagen etter at han saman med kona si Liv U. Steinnes måtte sjå at heile det flotte bustadhuset sitt blei totalskada i brann, onsdag kveld og natt til torsdag. 

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 09.02.2017 - 14:02
    Vegnamn1.JPG

    55 prosent utan vegadresse

    1 av 5 manglande vegadresser i Rogaland, er i Finnøy kommune. Men i løpet av 2020 skal alle husstandar ha ei adresse.

    » Les heile saka

    DETTE ER ROTMAPPEN FOR MODULEN NYHETER FOR KUNDE ØYPOSTEN

    Publisert 08.02.2017 - 21:46

    Hus på Steinnes totalskada i brann

    Brannvesenet har no klart å få kontroll over flammane og brannen i bustadhuset på Steinnes.I følge operatør på 110 sentralen,Stig Forbregd, så er huset totalskada.-Fire brannmenn frå Finnøy vil drive med etterslukning utover natta for på den måten sikre at brannen ikkje blusser opp igjen,seier Forbregd.Etter det Øyposten får opplyst frå sikre kjelder,oppstod brannen medan huseigaren var ute i fjøset for å stelle dyra.Fjøset ligg berre nokre titals meter unna våningshuset på garden

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 08.02.2017 - 20:12

    ATV kan vera brannårsak

    Brannen på i Kyrkjeskarvegen kan ha oppstått på grunn av ein ATV.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 08.02.2017 - 18:14
    IMG_4064.JPG

    Brannen er slokka

    Brannen i bustaden i Kyrkjeskarvegen er no slokka.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 08.02.2017 - 08:51

    Sterkt SR-Bank resultat

    Sparebank 1 SR-bank oppnådde eit resultat før skatt på 2.158 millioner kroner i 2016, mot 2.146 i 2015.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 07.02.2017 - 11:11
    Vassendgutane.jpg

    Klappa og klart for Vassendgutane

    Til helga kjem Vassendgutane til Fleirbrukshallen. Hall-general Arild Flesjå trur det blir ein folkefest.

    » Les heile saka

    Nyheter

    Publisert 06.02.2017 - 15:51
    32378728736_fed0f022db_o.jpg

    82 utrykkingar til komfyrbrannar

    Fersk statistikk frå DSB visar at det var 82 utrykkingar til komfyrbrannar i Rogaland i 2016, men ingen i Finnøy.

    » Les heile saka