Tips oss: | Send e-post

Kultur

Print
Publisert 27.12.2016

    Sprell levande juletrefest i søndagsskulen

    Kulturstova på sentralskulen var stappfull av både små og store, i alle aldrar, då søndagsskulen på Finnøy inviterte til den tradisjonelle juletrefesten 3. juledag.

    Eit variert og spenstig program med både song, julespel og enkelte korte filmsnuttar på storskjerm innimellom,der jula sitt bodskap sjølvsagt var i sentrum, gjorde sitt til at både store og små var engasjert og lyttande. Det heile gjennomført på ein framifrå måte av dei scenevante tenåringar frå dei som har lengst fartstid i søndagsskulen.

    - Me prøver bevisst å gjera det slik at det er dei største som står for programmet og på ein måte lærer opp dei minste, seier mangårig primus motor for arrangementet, søndagsskulelærar Tor Øyvind Skeiseid.

    Saman med kollega Hjørdis Halleland Mikaelsen og Brit Idsøe har han vore sentral i førebuinga til det store arrangementet,som også i år samla over 200 i den gamle gymsalen på Finnøy Sentralskule. Og for verkelg å setja spiss på det heile, var sjølvaste ordførar Henrik Halleland invitert til å klippe snora, for på den måten å erklæra den tradsijonsrike juletrefesten til søndagsskulen for offisielt opna. Ein søndaggsule som enno klarer å samla frå 50 - 90 born på dei ulike arrangemneta ein vanleg søndag. Så om nokon skulle vera i tvil, så er søndasggkulen på Finnøy bokstaveleg tala sprell levande .Slik også det store barnekoret med det same navnet nok ein gong var eit synleg bevis på.     

     

    Kultur

    Publisert 09.10.2017 - 15:45
    DSC_01278.JPG

    Ein strålande dag for kultur

    På ein nydeleg dag i haustferien ynskja Judaberg velkommen til M/S Sunnhordland og startskotet for den flytande kulturveka. Med seg hadde båten både viseartistar, Elias og strikkedamer.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 23.08.2017 - 23:10

    Får storfint besøk frå Flekkerøy

    Hesby og Fogn kyrkje får storfint besøk frå Flekkerøy når Flekkerøyguttene held konsert laurdag og sundag.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 24.04.2017 - 16:31
    Ava Leana Enoksen3.jpg

    Første gullrutenominasjon til Nord-Hidle

    Ava Leana Enoksen frå Nord-Hidle er nominert til «Årets deltaker» under årets Gullruten på Tv2.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 20.04.2017 - 19:13
    Fisterdag.jpg

    Lagar eigen Fisterdag

    Fister bygdaråd vil ha meir fart i bygda Fister. No arrangerer dei ein storstilt Fisterdag. 

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 17.02.2017 - 14:49
    Ava Leana Enoksen.jpg

    Med i «Født i feil kropp»

    Ava Leana Enoksen frå Nord-Hidle er i full gang med prosessen med å bli jente. No blir ho å sjå i TV2-programmet «Født i feil kropp».

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 13.02.2017 - 15:34
    Gullegget - Forteller Marianne Stenerud.jpg

    Fuglar og eventyr på Otto-huset

    Førstkommande torsdag blir det førestilling for born på Otto-huset då forteljaren Marianne Stenerud kjem på besøk.

    » Les heile saka

    Kultur

    Publisert 27.12.2016 - 19:40
    DSC_0349.JPG

    Sprell levande juletrefest i søndagsskulen

    Kulturstova på sentralskulen var stappfull av både små og store, i alle aldrar, då søndagsskulen på Finnøy inviterte til den tradisjonelle juletrefesten 3. juledag.

    » Les heile saka