|
|
Priskrakk på tomatar Jon Asgaut Flesjå, 03.06.10 Den 25.mars skreiv Øyposten om tomatgartnarane i Rennesøy og Finnøy som fryktar priskrakk på tomatar denne sesongen. Bakgrunnen for denne frykta er det nye gigantveksthuset i Kviamarka som vil tilføra den norske tomatmarknaden heile 1500 nye tonn tomatar. Prognosane den gong tilsa 100-120 tonn for mykje tomatar per veke i månadane mai, juni og juli. No slår desse spådommane til for fullt, og tomatgartnarane for no oppgjerdsprisar som ligg 5-7 kroner per kilo under det som er normalt på denne tida av året. Dette også på eit tidspunkt når produksjonen er på topp. Dette er dramatisk for økonomien i næringa etter ein forsesong kor energiutgiftene også har vore høgare enn nokon gong. Kommisjonærar og grossistar underbyr kvarandre i marknaden, og frå sentrale kjelder i næringa får me opplyst at større mengder tomatar no blir destruert. « Tilbake |
|
MEININGSMÅLING
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||